Lov 21. juni 2002 nr. 45

om yrkestransport med motorvogn og fartøy
(yrkestransportlova)

(Yrkestransportlova)

Samferdselsdepartementet.

Jf. også tidligere lover om samferdsel (lov 19. juni 1964 nr. 7 og 4. juni 1976 nr. 63).

Endret ved lover 20. juni 2003 nr. 45, 19. desember 2003 nr. 132, 17. juni 2005 nr. 90, [26. januar 2007 nr. 3], 16. februar 2007 nr. 9, 17. april 2009 nr. 19, 19. juni 2009 nr. 108, 13. august 2010 nr. 51, 21. juni 2013 nr. 104, 29. august 2014 nr. 63, 23. januar 2015 nr. 6, 19. juni 2015 nr. 65, 11. desember 2015 nr. 102, 16. desember 2016 nr. 103, 24. mars 2017 nr. 11, 5. mai 2017 nr. 24, 9. juni 2017 nr. 40, 16. juni 2017 nr. 64, 15. desember 2017 nr. 111, 21. juni 2019 nr. 66, 21. juni 2019 nr. 67, 21. juni 2019 nr. 68, 21. juni 2019 nr. 70, 20. mai 2020 nr. 42, [19. juni 2020 nr. 94], 18. desember 2020 nr. 160, 18.  desember 2020 nr. 161, 11. juni 2021 nr. 87, 17. juni 2022 nr. 70, 22. juni 2022 nr. 84, 26. mai 2023 nr. 16, 16. juni 2023 nr. 38, 15. mars 2024 nr. 10, 7. juni 2024 nr. 29, 25. juni 2024 nr. 53.

ENDRINGSHISTORIKK   (SISTE 20)

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
01.10.2024

Endringslov 7. juni 2024 nr. 29:

§ 35 nytt andre ledd
01.09.2024

Endringslov 15. mars 2024 nr. 10 som endret ved kunn­gjøring 15. august 2024 nr. 1960 av beriktiget versjon av endringslov 15. mars 2024 nr. 10:

§ 4 overskriften, første ledd første punktum, andre ledd innledningen, § 9 overskriften, første ledd første punktum og nytt tredje og fjerde punktum, nytt andre ledd (nåvær­ende andre til femte ledd blir tredje til sjette ledd), § 9 b (ny), § 9 c (ny), § 9 d (ny), § 9 e (ny), § 9 f (ny), § 9 g (ny), § 12 andre ledd, § 19 (opphevet), § 20 overskriften, første ledd (opphevet) (nåværende andre ledd blir første ledd), første ledd, § 21 første ledd, § 27 nytt andre ledd (nåværende andre og tredje ledd blir tredje og fjerde ledd), § 35 nytt andre punktum, § 37 a første ledd
01.07.2024

Endringslov 25. juni 2024 nr. 53:

Midlertidig endring som gjelder til 1. juli 2026:

§ 37 k (ny)
01.03.2024

Endringslov 26. mai 2023 nr. 16:

§ 40 a første og andre ledd, tredje og fjerde ledd (opp­hevet)
01.10.2023

Endringslov 16. juni 2023 nr. 38:

§ 32 a åttende ledd tredje punktum (opphevet) (nåværende fjerde punktum blir tredje punktum)
01.06.2023

Endringslov 26. mai 2023 nr. 16:

§ 9 første ledd andre punktum
26.05.2023

Endringslov 26. mai 2023 nr. 16:

§ 5 andre ledd, § 37 a andre ledd andre punktum
22.06.2022

Endringslov 22. juni 2022 nr. 84:

§ 29 a første ledd første og andre punktum, andre ledd, § 38 overskriften, første ledd, nytt andre til fjerde ledd
17.06.2022

Endringslov 17. juni 2022 nr. 70:

§ 7 første ledd andre punktum, § 11 a tilføyd overskrift, § 23 første ledd, § 29 b (ny)
11.06.2021

Endringslov 11. juni 2021 nr. 87:

§ 36
01.01.2021

Endringslov 18. desember 2020 nr. 161:

§ 9 nytt femte ledd, § 31 første ledd bokstav b og ny bokstav c

Endringslov 18. desember 2020 nr. 160:

§ 40 overskriften, tredje og fjerde ledd, § 41 a (ny)
01.11.2020

Endringslov 21. juni 2019 nr. 67 som endret ved endrings­lov 19. juni 2020 nr. 94:

§ 9 overskriften, første til fjerde ledd, femte og sjette ledd (opphevet), § 9 a (ny), § 27 første ledd, andre ledd (opphe­vet) (nåværende tredje og fjerde ledd blir andre og tredje ledd), § 31 første ledd bokstav b, § 37 a første ledd, § 37 b første ledd, andre ledd første punktum (opphevet), § 37 c første ledd, fjerde ledd (opphevet), § 37 f første ledd
01.07.2020

Endringslov 20. mai 2020 nr. 42:

§ 32 a femte ledd, nytt sjette til åttende ledd
01.01.2020

Lov 21. juni 2019 nr. 70 (havne- og farvannsloven):

§ 7 andre ledd bokstav b (opphevet) (nåværende bokstav c blir bokstav b)

Endringslov 21. juni 2019 nr. 68:

§ 37 h første ledd

Endringslov 21. juni 2019 nr. 66:

§ 6 nytt andre ledd (nåværende andre og tredje ledd blir tredje og fjerde ledd)

Lov 16. juni 2017 nr. 64 (lov om overføring av ansvar for kollektivtransport):

§ 13 andre ledd, § 22 nytt sjette ledd, § 23 nytt andre ledd
01.07.2019

Endringslov 21. juni 2019 nr. 67:

§ 4 første ledd andre punktum, § 40 a første ledd nytt andre punktum (nåværende andre til femte punktum blir tredje til sjette punktum)
15.12.2017

Endringslov 15. desember 2017 nr. 111:

§ 9 andre ledd, § 20
09.06.2017

Endringslov 9. juni 2017 nr. 40:

§ 8 første ledd, § 31 første ledd, nytt andre ledd
05.05.2017

Endringslov 5. mai 2017 nr. 24:

§ 31
24.03.2017

Endringslov 24. mars 2017 nr. 11:

§ 9 nytt fjerde ledd (nåværende fjerde og femte ledd blir femte og sjette ledd)
01.01.2017

Endringslov 16. desember 2016 nr. 103:

§ 11 a (ny)

KOMMENDE OG FORELØPIG KJENTE ENDRINGER

  1. 1. juli 2026 endres yrkestransportlova som følger, jf. endringslov 25. juni 2024 nr. 53:

    Oppheving av midlertidig endring som trådte i kraft 1. juli 2024.

    • Paragraf som blir OPPHEVET:
      § 37 kMellombels unntak frå butidskrav for fordrivne frå Ukraina

UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER

  1. Endringer som følge av endringer av eller i andre regelverk (ev. ute­latte deler av tekst er angitt med «»):
    • § 17, første punktum:

      Henvisning til opphevet lov:

      «… etter lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postloven). …»
      endret til
      «… etter lov 4. september 2015 nr. 91 om posttjenester (postloven). …»

      Merknad:

      Postloven av 1996 (lov 29. november 1996 nr. 73) ble opp­hevet 1. januar 2016 ved ikrafttredelse av den nye post­loven av 2015 (lov 4. september 2015 nr. 91).

  2. Leddnummerering er lagt til for følgende paragrafer som opprinnelig ikke har hatt leddnummerering:

    §§ 29 b, § 37 a, 37 b, 37 c, 37 f, 37 h og 37 i.

Innhold:

Kapittel 1Allmenne reglar
§ 1.Kva lova gjeld (virkeområde)
§ 2.Rutetransport
§ 3.Unntak
Kapittel 2Løyve
§ 4.Løyve for persontransport med motorvogn registrert for meir enn 9 personar
§ 5.Løyve for godstransport med motorvogn
§ 6.Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute
§ 7.Behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy i rute
§ 8.Tildeling av løyve ved konkurranse
§ 9.Løyve for persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar utanfor rute
§ 9 a.Einerettar for drosjetransport
§ 9 b.Løyve for å drive drosjesentral
§ 9 c.Drosjesentralen sine plikter til å samle inn, lagre og sende inn informasjon
§ 9 d.Drosjesentralane sine øvrige plikter
§ 9 e.Unnatak frå sentralane sine plikter
§ 9 f.Pålegg om retting
§ 9 g.Forskrifter om drosjesentralar
§ 10.Transport med motorvogn til eller frå utlandet mv.
§ 11.Vilkår
§ 11 a.Miljøkrav ved kjøp av køyretøy
Kapittel 3Løyvestyresmakt
§ 12.Løyve
§ 13.Behovsprøvd løyve for persontransport i rute
§ 14.Internasjonal transport og kabotasje utanfor EØS
§ 15.Delegering
Kapittel 4Transport som kan drivast utan løyve
§ 16.Eigentransport av gods
§ 17.Transport av post
§ 18.Eigentransport av personar
§ 19.OPPHEVETPersontransport knytt til arbeidsforhold innan helse- og omsorgssektoren
§ 20.Transport med ambulanse
§ 21.Særskilde transportar
Kapittel 5Offentleg godtgjersle til rutetransport
§ 22.Lokal rutetransport
§ 23.Administrasjonsselskap
§ 24.Riksvegferjer
Kapittel 6Sams føresegner
§ 25.Tildeling av løyve
§ 26.Politiattest
§ 26 a.Erklæring om at transportleiarar ikkje er skikka til å leie transportverksemd
§ 27.Kor lenge eit løyve gjeld
§ 28.Overføring av løyve mv.
§ 29.Tilbakekalling av løyve
§ 29 a.Elektronisk register over dei som har og dei som søkjer om løyve etter lova her
§ 29 b.Handsaming av personopplysningar
§ 30.Merking av motorvogn
§ 31.Gebyr
§ 32.Plikt til å gje statistikk mv.
§ 32 a.Passasjerrettar
§ 33.Transportvedtekter
§ 34.Søksmålsfrist
§ 35.Utfyllande forskrifter
Kapittel 7Særlege fullmakter
§ 36.Ekstraordinære tilhøve
§ 37.Sivil transportberedskap
Kapittel 7AKjøresetel
§ 37 a.Virkeområde
§ 37 b.Søknad om kjøresetel m.m.
§ 37 c.Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m.
§ 37 d.Mellombels nekting av kjøresetel
§ 37 e.Beslag av kjøresetel
§ 37 f.Tilbakekalling og tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag
§ 37 g.Innlevering av kjøresetel
§ 37 h.Klage og unntak
§ 37 i.Forkorting på grunn av etterfølgjande forhold m.m.
§ 37 j.Forskrift om kjøresetel
§ 37 k.Mellombels unntak frå butidskrav for fordrivne frå Ukraina
Kapittel 8Kontroll, sanksjonar mv.
§ 38.Kontroll
§ 39.Kontroll av eigentransport
§ 40.Forbod mot å bruke køyretøy, inndraging av kjennemerke og forvaring
§ 40 a.Lovbrotsgebyr
§ 40 b.Lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar
§ 41.Straff
§ 41 a.Tilbakehaldsrett i motorvogn og køyretøy som vert trekt av motorvogn
§ 42.Iverksetjing.  Overgangsføresegner
§ 43.Endringar i andre lover
RelaterteRelaterte forskrifter og bestemmelser
SentraleSentrale forskrifter
RegionaleRegionale og lokale forskrifter
  • Lova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. likevel § 10.
  • Luftputefartøy vert rekna som fartøy etter denne lova.
  • Beltebil reknast ikkje som motorvogn etter denne lova.
  • Som rutetransport reknast regelmessig transport av personar i eit bestemt tra­fikksamband dersom transporten står open for alle, og på- og avstiging kan skje på stoppestader som er fastsette på førehand.
  • Følgjande transport skal likevel ikkje reknast som rutetransport:
    • transport av personar frå ein stad og tilbake til denne, når motorvogna eller fartøyet ikkje vert nytta til transport av andre før heile turen er av­slutta,
    • transport av personar så framt minst ei overnatting er teken med i den sams prisen og dei påmelde passasjerane følgjer med på heile turen frå utgangspunkt til endepunkt,
    • transport inkludert overnatting som er lagt til rette for regelmessig trans­port av grupper av personar frå eit avgangsområde til eit bestemmelses­område, slik at den gruppa som har vore med på turen ut, først returnerer samla til avgangsområdet med ein seinare tur.

Departementet kan i tvilstilfelle i forskrift eller einskildvedtak fastsetje kva som skal reknast som rutetransport.

  • Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn registrert for meir enn 9 personar, må ha løyve.  Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale platt­former.
  • Løyve skal tildelast den som
    • driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg,
    • har god vandel,
    • har tilfredsstillande økonomisk evne, og
    • har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
  • Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal godstransport med motorvogn med tilhengar, med tillaten totalvekt over ei vektgrense som vert nærare fastsett av departementet, må ha løyve.  Det same gjeld den som utfører godstransport mot vederlag med motorvogn som elles er friteken frå kravet til løyve i medhald av § 16, når transporten kan sjåast som ledd i næringsverk­semd.  § 4 andre ledd gjeld tilsvarande.
  • Som motorvogn etter første ledd reknast varebil, lastebil, kombinert bil og trekkbil tillaten brukt på offentleg veg.
  • Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med motorvogn må i tillegg til løyve etter § 4 første ledd ha særskilt løyve for rutetransport.
  • Løyve til persontransport i rute over ei viss lengd skal ikkje behovsprøvast. Departementet fastset i forskrift den nedre grensa for persontransport i rute som ikkje skal behovsprøvast.  Den nedre grensa kan ikkje setjast lågare enn 80 km. Departementet kan fastsetje i forskrift at særlege former for persontransport i rute ikkje skal behovsprøvast utan omsyn til lengda på ruta.
  • Administrasjonsselskap som nemnt i § 23 treng ikkje løyve.
  • Den som har ruteløyve kan samstundes og med same motorvogn utføre godstransport utan særskilt løyve for transport av gods.
  • Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med luftputefartøy, eller med anna fartøy over 8 m lengde tilsvarande 4 bruttotonn må ha ruteløyve. § 4 andre ledd bokstav b og c og § 6 tredje ledd gjeld tilsvarande.
  • Det trengs likevel ikkje ruteløyve for:
    • Transport mellom Noreg og andre land som tek med personar mellom sta­der i Noreg.
    • Transport av inntil 12 personar, såframt det ikkje vert krevd passasjer­sertifikat etter lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven).
  • Når det vert gjeve godtgjersle eller einerett ved tildeling av løyve, skal det nyttast konkurranse så langt det følgjer av lova her, lov 4. desember 1992 nr. 121 om fri utveksling av tjenester innen sjøtransport § 1 tredje ledd, lov 17. juni 2016 nr. 73 om offentlige anskaffelser og forskrifter gjevne med heimel i desse lovene.
  • Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 16−2 til 16−7, om arbeidstakarane sine rettar ved overdraging av verksemd gjeld tilsvarande når løyvet blir tildelt ved konkur­ranse, dersom verksemda etter konkurranse blir driven med same type trans­portmiddel som før.
  • Løyvestyresmakta skal informere dei som vil delta i konkurransen, om kor mange tilsette den verksemda har som no har løyvet knytt til den rutetenesta konkurransen gjeld, og om deira alder, ansiennitet og lønns- og arbeidsvilkår.
  • Løyvestyresmakta kan krevje informasjonen nemnt i tredje ledd frå den som har løyve etter §§ 6 eller 7.
  • Den som får tildelt løyve gjennom konkurranse, må forplikte seg til å sikre at dei tilsette som direkte arbeider med å oppfylle kontrakten, får lønns- og arbeids­vilkår som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale, eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke.  Til­svarande plikt gjeld òg for underleverandørar.
  • Andre til femte ledd gjeld òg når konkurranse blir gjennomført av administra­sjonsselskap på oppdrag frå løyvestyresmakta.
  • Departementet kan gje nærare forskrift om konkurranse.
  • Den som mot vederlag, og med mål om forteneste, vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha drosjeløyve. § 4 andre ledd bokstav a til d gjeld tilsvarande.  Løyveplikt gjeld òg for den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer. Løyveplikt etter tredje punktum gjeld sjølv om den som utfører transporten ikkje har mål om forteneste.
  • Den som har løyve etter denne føresegna, skal vere knytt til ein drosjesen­tral.  Løyvehavar skal rapportere dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å ivareta sine plikter etter §§ 9 c og 9 d i denne lova.  Løyvehavaren skal sikre at betaling for all løyvepliktig drosjetransport vert registrert i taksa­meter hos ein drosjesentral som løyvehavar er knytt til.  Løyvestyresmakta kan gje dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare fastsett av departementet i forskrift.
  • Løyvestyresmakta kan gje påbod om at drosjekøyring innanfor ein kommune skal drivast med motorvogn som har ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp. Det skal setjast ein frist på minst fire år for å oppfylle krava.  Løyvestyresmakta fastset forskrift om den øvre grensa for miljøskadeleg utslepp.
  • Den som har løyve etter denne føresegna, skal loggføre kvar drosjetur med start og sluttpunkt med ein modul med satellittbasert kommunikasjonssystem (GNSS) til løpande registrering og logging av den geografiske posisjonen til drosja. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar.  Departmentet kan gje nærare reglar om loggføring i forskrift.
  • Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt, herunder krav til taksameter eller andre kontrollutrustningar, når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen.
  • Departementet kan peike ut eit handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane for kontrollutrustningar mv. vert følgde.
  • Fylkeskommunen kan tildele einerett eller godtgjersle til ein eller fleire løyve­havarar for å tilby drosjetenester innanfor ein eller fleire kommunar.  Grensene for eit einerettsområde følgjer kommunegrensene.  Fylkeskommunane fastset avgjerda om bruk av einerett i forskrift.
  • Fylkeskommunen kan berre tildele einerett i kommunar der det er nødvendig.
  • Departementet fastset ut frå innbyggjartal og innbyggjartettleik i forskrift dei kommunane det kan tildelast einerett i.
  • Ved tildeling av einerett skal det nyttast konkurranse så langt det følgjer av lov 17. juni 2016 nr. 73 om offentlige anskaffelser og forskrifter gjevne med hei­mel i lova.  Einerett kan tildelast for ein periode på inntil fem år.
  • Ein drosjeløyvehavar som har einerett, kan utføre oppdrag frå einerettsområ­det til ein kvar stad i eller utanfor einerettsområdet.
  • Drosjeløyvehavarar som ikkje har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor kommunar der fylkeskommunen har tildelt einerett.
  • Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan transportere passasjerar inn i einerettsområdet.  Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan òg tran­sportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand.
  • Fylkeskommunen kan i einskildvedtak eller forskrift gje andre drosjeløyve­havarar enn einerettshavaren løyve til køyring i einerettsområdet.
  • Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar for einerettar.
  • Den som vil drive drosjesentral, må ha løyve.  Løyve skal tildelast søkjarar som oppfyller krava i § 4 andre ledd bokstav a til c.
  • Drosjesentralen skal ha ein dagleg leiar.
  • Drosjesentralen skal ha opplysningar om:
    • løyvehavarar som er knytte til sentralen,
    • sjåførar som er tilsette hos tilslutta løyvehavarar,
    • drosjer som er knytte til sentralen og registreringsnummeret på drosjene,
    • taksameter som er installert i drosja, inkludert serienummer,
    • talet på drosjer som til kvar tid er tilgjengelege for sentralen og kva for geografiske område drosjene dekker,
    • dei drosjene dei tilknytte løyvehavarane disponerer som er tilpassa perso­nar med nedsett funksjonsevne.
  • Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre opplysningar om posisjonsdata for drosjeturar som drosjeløyvehavaren har loggført etter § 9 fjerde ledd.  Sentralen skal lagre opplysningane i 60 dagar.
  • Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre dei opplysningane som vert kravde med heimel i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen.  Sentralen skal lagre opplysningane i fem år etter slutten av rekneskapsåret.
  • Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre pris for drosjetran­sport i område der det er fastsett pristak med heimel i lov 11. juni 1993 nr. 66 om pristiltak for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen.
  • Drosjesentralen sine administrative system skal årleg gjennomgå ein system­revisjon for å sikre datatryggleik og datakvalitet.  Systemrevisjonen skal doku­menterast gjennom ei uavhengig revisorfråsegn eller gjennom godkjent sertifi­seringsordning.
  • Drosjesentralen skal, når styresmaktene ber om det, sende inn dei opplys­ningane som følgjer av første til femte ledd.
  • Opplysningar som er nemnde i første til femte ledd skal lagrast i EØS-området og vere tilgjengelege for styresmaktene på det formatet dei krev.
  • Kvar drosjesentral skal ha ei klageordning.  Kundar og andre med klageinte­resse kan klage på pris og kvalitet på både sentralen og drosjeløyvehavar sine tenester.  Drosjesentralen skal sørge for at kunden får opplysningar om klage­retten, og om at klaga kan sendast til Forbrukertilsynet dersom kunden ikkje får medhald i klagen.
  • Drosjesentralen skal sørge for at ein tilstrekkeleg del av dei drosjene som er knytte til sentralen er utforma eller utstyrt for transport for personar med nedsett funksjonsevne i samsvar med gjeldande føresegner om tekniske krav til univer­sell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport.
  • Om det er fleire sentralar i same område, kan dei samarbeide om å oppfylle pliktene i andre ledd.
  • Ein drosjesentral som vil drive verksemd i fleire fylke, skal sende melding om dette til dei aktuelle fylkeskommunane.

Løyvestyresmakta kan gje sentralane unnatak frå pliktene etter §§ 9 c og 9 d.

Løyvestyresmakta kan treffe vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje opp­fyller krav og etterlever plikter som følgjer av §§ 9 b, 9 c og § 9 d.  Det skal setjast ein frist for retting.  Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.

Departementet kan gje nærare forskrifter om krava til drosjesentralar og pliktene til sentralane etter denne lova.

  • Den som har forretningsstad i Noreg og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå utlandet, må ha rett til å utføre tilsvarande transport innanlands og dessutan ha særskilt samtykke frå vedkommande stat dersom dette krevst.
  • Den som har forretningsstad i utlandet og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå Noreg, må ha særskilt samtykke frå Noreg når ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part.
  • Den som ikkje har forretningsstad i Noreg kan ikkje utføre transport av per­sonar eller gods mot vederlag mellom stader i Noreg, dersom ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part.  I einskildvedtak kan departementet òg gje samtykke til slik transport for verksemder frå land som Noreg ikkje har til­svarande avtale med.
  • Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar og vilkår for transport mot vederlag med motorvogn til eller frå Noreg, og for transport mot vederlag mellom stader i Noreg utført av den som har forretningsstad i utlandet.

Løyvestyresmakta kan setje vilkår for det einskilde løyvet.

Departementet kan i forskrift fastsetje at den som har løyve for persontransport etter lova her, eller løyvefritak, og som får godtgjersle eller einerett for å utføre offent­leg teneste, skal stille nærare fastsette energi- og miljøkrav ved kjøp av køyretøy. Kravet gjeld for køyretøy som vert nytta ved levering av den offentlege tenesta.

  • Løyve etter §§ 4 og 5 vert gjevne av Statens vegvesen.
  • Løyve etter §§ 9 og 9 b vert gjevne av fylkeskommunen.
  • Departementet gjev løyve til riksvegferjer og til rutetransport som går gjen­nom to eller fleire fylke.
  • Med den avgrensinga som følgjer av første ledd, gjev fylkeskommunen løyve til rutetransport etter §§ 6 og 7.  Kommunen gjev likevel løyve innanfor kommu­negrensa når ansvar for kollektivtransport er overført til kommunen i samsvar med lov om overføring av ansvar for kollektivtransport.
  • Tillatingar etter § 10 første ledd vert gjevne av Statens vegvesen.
  • Samtykke til transport etter § 10 andre og tredje ledd vert gjeve av departe­mentet.

Departementet kan delegere sine oppgåver etter denne lova til fylkeskommunen.

  • Det trengst ikkje løyve etter § 5 for transport av eige gods (eigentransport) når transporten er ledd i anna næringsverksemd.
  • Likt med eige gods reknar ein gods som vedkomande har eller får rådvelde over i samband med kjøp, sal, lån, leige, framstilling, behandling og reparasjon.
  • Første ledd gjeld berre godstransport som er ein hjelpefunksjon i høve til verk­semda si samla aktivitet, og utførast av eigaren av verksemda eller ein tilsett i denne.
  • – – –  (fjerde ledd opphevet 1. januar 2011 ved lov 19. juni 2009 nr. 108)
  • Første ledd gjeld berre motorvogn som verksemda eig eller har bruksrett til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

Posten Norge AS treng ikkje løyve for transport av postsendingar som ligg innanfor samfunnspålagte oppgåver og som følgjer av selskapet sin konsesjon etter lov 4. sep­tember 2015 nr. 91 om posttjenester (postloven).  Unnatak frå løyveplikta gjeld berre transporter som Posten Norge AS utfører med motorvogner selskapet eig eller har bruksretten til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

Det trengst ikkje løyve når ei verksemd transporterer eigne tilsette til eller frå ar­beidsstaden.  Likeins trengs det ikkje løyve når hotell eller liknande verksemd utfører transport av eigne overnattingsgjester.  § 16 femte ledd gjeld tilsvarande.

Det trengst ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.

  • Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak fastsetje unnatak frå kravet om løyve eller einskilde vilkår for løyve, for særskilte slag transportar eller motor­vogner dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er part.
  • For unnatak frå kravet om løyve etter denne paragrafen gjeld § 11 tilsva­rande.
  • Fylkeskommunen har ansvar for å yte godtgjersle til rutetransport som fyl­keskommunen vil opprette eller halde oppe innan eit fylke, jf. likevel § 24.
  • Vedtak av fylkeskommunane i saker om godkjenning av ruteplan, takstar og godtgjersle kan ikkje klagast til departementet.
  • Staten yter årleg rammetilskot til delvis dekning av fylkeskommunane sine ut­gifter.  Tilskotet blir fordelt gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkes­kommunane etter reglar gjevne av Kongen.
  • Innan dei fristane departementet fastset, skal fylkeskommunane leggje fram budsjett, rekneskap og elles gje dei opplysningane som trengst for departemen­tet si vurdering av framtidig samla behov for tilskot.
  • Med dei avgrensingane som følgjer av § 8 første ledd, fastset fylkeskommu­nen kontraktsform og retningsliner som skal gjelde ved inngåing av kontraktar om godtgjersle.
  • Dersom kommunen har fått overført ansvar for kollektivtransport etter lov om overføring av ansvar for kollektivtransport, gjeld første til femte ledd tilsvarande for kommunen.
  • Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket.  § 22 femte ledd gjeld tilsvarande.
  • Første ledd gjeld òg for kommunen der kommunen har fått overført ansvar for kollektivtransport etter lov om overføring av ansvar for kollektivtransport.

Departementet har ansvar for å yte godtgjersle til ferjer i riksvegsamband.  For departementet gjeld § 22 femte ledd tilsvarande.

Løyve etter denne lova kan tildelast dei som fyller krava som er sette i lova eller i forskrift med heimel i lova.  Eit selskap eller annan juridisk person kan tildelast løyve på vilkår som vert nærare fastsette av departementet.

Det skal krevjast ordinær politiattest ved søknad om løyve etter denne lova, og etter at løyve er gitt etter ein tidsperiode som vert nærare fastsett av departementet.

  • Løyvestyresmaktene skal erklære at ein transportleiar er uskikka til å leie tran­sportverksemd dersom transportleiaren ikkje lenger oppfyller kravet til god van­del.  Det skal gå fram av erklæringa at ho gjeld for den perioden kravet til god vandel ikkje er oppfylt.
  • Departementet kan gje nærare forskrift om erklæring om uskikka transport­leiarar.
  • Løyve etter §§ 4, 5 og 9 gjeld i ti år.
  • Løyve etter § 9 b gjeld utan avgrensing i tid.
  • Behovsprøvde løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år.  Ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve, eller når det følgjer av forskrift gjeve med heimel i denne lova, gjeld løyve for den tid inngått kontrakt om offentleg tenesteyting gjeld.  Løyve som er gjeve når denne lova tok til å gjelde, gjeld for den tida dei er gjevne for. Løyvestyresmaktene kan ta att eit løyve før løyvetida er ute i samband med inn­føring av konkurranse for vedkommande rute eller ruteområde.
  • Departementet kan i løyvetida gjere endringar i forskriftene for løyvepliktig verksemd og i vilkår som er sette for eit løyve.  Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra, skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verk­semda.

Ein løyvehavar kan ikkje overlate løyvet sitt til andre utan samtykke frå løyvesty­resmakta.

  • Løyvestyresmakta kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er sette i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda.
  • Døyr løyvehavaren, skal den som rår over buet hans straks sende melding om dødsfallet til den styresmakt som har gjeve løyvet.  Det same skal gjerast om løyvehavaren går konkurs.  Når løyvehavar døyr eller går konkurs, kan løyve takast att utan varsel.  Departementet kan gje nærare føresegner om avvikling av løyve der løyvehavar døyr.
  • Når retten til å drive løyvepliktig verksemd etter lova har falle bort, skal løy­vehavaren eller den som rår over buet hans, straks sende tilbake dei legitima­sjonane og løyveskilta som han har fått frå løyvestyresmakta.
  • Når det er fastsett at løyve skal takast att, kan det samstundes gjerast vedtak om at vedkomande ikkje skal få nytt løyve før etter ei fastsett tid utan omsyn til at han fyller krava for å få nytt løyve.
  • Departementet skal opprette og drive eit elektronisk register over dei som har forretningsstad i Noreg, og som har eller som søkjer om løyve etter lova her. Registeret skal innehalde opplysningar knytt til løyve, mellom anna opplysningar om namn og juridisk form på verksemda, verksemda si adresse, talet på tilsette, namn på transportleiarar og løyvetype som er tildelt verksemda.  I tillegg skal registeret innehalde opplysningar om vandel knytt til person og verksemd og opp­lysningar som vert nytta til å velje ut køyretøy til kontroll, jf. forskrifter gjevne i medhald av vegtrafikklova § 19 andre ledd.
  • Registeret skal koplast saman med dei elektroniske registera i dei andre EØS-landa for utveksling av informasjon etter vilkår som vert nærare fastsette av departementet.
  • Departementet kan gje nærare forskrift om registeret.
  • Offentlege styresmakter kan handsama personopplysningar, mellom anna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er naudsynt for å utføre oppgåver gjevne i eller i medhald av lova her.  Det same gjeld for selskap og andre juridiske personar som utfører oppgåver gjevne i eller i medhald av lova, unntatt personopplysningar som nemnt i personvernforord­ninga artikkel 10.
  • Offentlege styresmakter og selskap eller andre juridiske personar som er gjevne løyve for persontransport med fartøy i rute i medhald av lova § 7, kan handsama personopplysingar når det er naudsynt for å utføre oppgåver innan bil­lettering av køyretøy på ferje.  Avgrensingane i første ledd andre punktum gjeld tilsvarande.
  • Departementet kan gje forskrift om handsaming av personopplysningar, mel­lom anna om føremålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan hand­samast, kven som kan handsama opplysningar, vilkår for eventuell utlevering, krav til sletting og vidare handsaming for forsking og statistiske formål.

Departementet kan gje forskrifter om at motorvogn som vert nytta til løyvepliktig transport skal merkast med løyveskilt.

  • Departementet kan fastsetje i forskrift at det skal betalast gebyr for
    • utferding av løyvedokument, løyveskilt eller annan dokumentasjon etter denne lova1
    • avvikling av løyveeksamen, førareksamen og utferding av kompetanse­bevis1
    • gjennomføring av tilsyn av kontrollutrustningar mv.2
  • Departementet kan òg fastsetje i forskrift at den som mot vederlag driv per­sontransport med motorvogn og fartøy i rute, skal betale gebyr for tilknyting til og bruk av elektroniske støttesystem for billettering.  Gebyret skal ikkje over­stige kostnadene til utvikling og drift av elektroniske støttesystemer for billette­ring. I forskrifta kan departementet gje nærare føresegner om gebyrordninga, mellom anna om fastsetjing og innkrevjing av gebyr.
1Gebyr for utferding av løyvedokument mv. og for avvikling av løyveeksamen mv., sjå yrkestransportforskriften § 12.
2Årsavgift for tilsyn av taksametre, sjå forskrift om målenheter og måling § 6−2.
  • Den som i samband med næring eller verksemd han driv, sender eller tek mot gods, og dei som driv eller direkte eller indirekte formidlar transport av personar eller gods mot vederlag, skal gje dei opplysningane som departementet krev ved gjennomføringa av denne lova.
  • Departementet kan gje forskrifter om statistikk for løyvepliktig transport og for transport som er friteken for løyveplikt etter denne lova.
  • Departementet kan gje forskrift om gjennomføring og utfylling av reglar om busspassasjerrettar som er tekne inn i EØS-avtalen.
  • Departementet kan peike ut bussterminalar som skal tilby assistanse til per­sonar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, og kan gje nærare forskrift om slike ordningar.
  • Departementet kan gje forskrift om skiping av eit klageorgan for løysing av tvistar mellom passasjerar og den som driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasje­rane.  Departementet kan gje forskrift om at klageorganet heilt eller delvis skal finansierast gjennom gebyr frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, andre som er omfatta av ordninga, og klagarane.  Departe­mentet kan òg gje forskrift om innkrevjing av gebyr og forskrift som nemnt i luftfartsloven § 10−44 andre ledd første punktum og andre punktum nr. 1 til 3 og nr. 5 og 6.  Reglane i luftfartsloven §§ 10−45 til 10−47 gjeld tilsvarande.  Av­gjerdene i klageorganet skal ikkje vere rettsleg bindande.
  • Departementet kan fastsetje at den som mot vederlag driv persontransport i rute med motorvogn i, til eller frå Noreg, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane, skal vere omfatta av klageordninga i tredje ledd.
  • Departementet kan peike ut eit handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglar gjevne i, eller med heimel i, første til fjerde ledd vert følgde.  Handhev­ingsorganet har tilsvarande kompetanse til å gjere gransking, krevje opplysnin­gar frå ein kvar, gjennomføre kontroll på tenesteytaren sin eigedom med hjelp frå tenesteytaren, gjere testkjøp og hente inn stadfesting frå tenesteytar på vil­kår som nemnt i marknadsføringslova § 34 og § 36 andre ledd.
  • Handhevingsorganet kan gjere vedtak om påbod eller forbod dersom det er nødvendig for å sikre at reglane i første til fjerde ledd vert etterlevde.  For mel­lombels vedtak gjeld § 39 i marknadsføringslova tilsvarande.  Handhevingsorga­net kan på tilsvarande vilkår som nemnt i marknadsføringslova § 43 fremje krav om å fjerne digitalt nettinnhald mv.
  • For å sikre oppfylling av vedtak fastsett etter sjette ledd første og andre punktum skal handhevingsorganet fastsetje ei tvangsmulkt.  Handhevingsorganet kan òg fastsetje tvangsmulkt for den som har plikt til å gje opplysningar, eller gje stadfesting som nemnt i femte ledd.  Det kan gjerast unntak frå plikta til å fast­setje tvangsmulkt i særlege tilfelle.  Marknadsføringslova § 41 gjeld elles tilsvar­ande.
  • Handhevingsorganet kan fastsetje lovbrotsgebyr for ei verksemd dersom verk­semda eller nokon på vegne av verksemda har handla i strid med reglane i første til fjerde ledd.  Dette gjeld òg dersom verksemda eller nokon på vegne av verk­semda ikkje hjelper til ved gjennomføring av kontroll på tenesteytaren sin eige­dom, jf. femte ledd.  Departementet kan i forskrift gi reglar om utmåling av lov­brotsgebyret.
  • Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak gje reglar om transportved­tekter og om tilleggsavgift ved manglande gyldig billett i rutetransport.
  • Reisande med rutetransport som går inn under lova her, som i kontroll ikkje kan framvise gyldig billett, og som ikkje på staden betaler den tilleggsavgift som departementet har godkjend med heimel i første ledd, kan haldast tilbake av transportselskapet sine kontrollørar så lenge den reisande ikkje gjev tilstrekke­lege opplysningar om namn, adresse og fødselsdato.  Retten til å halde reisande tilbake gjeld òg mens dei opplysningane den reisande gjev vert stadfesta.
  • Retten til å halde reisande tilbake etter andre ledd gjeld berre når retten er godkjend av departementet som del av selskapet sine transportvedtekter.
  • Ein person kan ikkje verte halde tilbake dersom det etter omstenda vil vere eit uforholdsmessig inngrep.
  • Personar under 15 år bør ikkje haldast tilbake.

Styringsorgan som har gjort vedtak etter denne lova, kan fastsetje at fristen for å reise søksmål skal vere to månader frå det kom fram melding om vedtaket til ved­kommande part.

Departementet gjev nærare forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring av lova.  Departementet kan i forskrift stille krav til verk­semd som er unnateke frå krav om løyve etter denne lova.

Departementet kan i forskrift gjere unnatak frå reglane i finansavtalelova § 2−1 ved kjøp av billett til persontransport.

Når samferdselsomsyn under ekstraordinære tilhøve gjer det naudsynt, kan depar­tementet gje løyvehavar pålegg om å utføre visse transportoppgåver.  Det same gjeld for andre som eig eller brukar motorvogner for gods- og persontransport og måleplik­tig fartøy.

Departementet kan gje føresegner om den sivile transportberedskap i fredstid, ved beredskap, mobilisering og i krig samt ved ekstraordinære krisetilhøve.  Departemen­tet kan òg i føresegnene gjere unntak frå reglane i lova.  Departementet kan pålegge fylkeskommunane transportberedskapsoppgaver.

  • Førar av drosje, turvogn og rutevogn må under løyvepliktig persontransport etter §§ 4, 6 og 9 ha kjøresetel i tillegg til førarkort.
  • Kjøresetelen gjeld for heile landet og blir utferda av politimeisteren eller den han gir myndigheit der vedkommande bur.  Det er ikkje nødvendig med ny kjøre­setel ved skifte av bustad.
  • Kjøresetel blir utferda for 10 år.  For person som er fylt 60 år blir kjøresetelen utferda for 5 år, men ikkje lenger enn til innehavaren fyller 75 år.  Etter fylte 70 år må gyldig legeattest som ikkje er eldre enn 1 år, takast med for at kjøresetelen skal vere gyldig.  Dersom særlege helseforhold tilseier det, skal perioden kjøre­setelen er gyldig for setjast kortare.
  • Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett.  Legeattest og bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel.  Bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse etter første punktum gjeld ikkje ved fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020.  Dersom fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020 ikkje skjer innan eit år etter at den gamle kjøresetelen går ut, må søknaden om ny kjøresetel leggjast ved bevis for fagkompetanse for førar.
  • Dersom innehavar av kjøresetel ikkje lenger fyller dei krava som er sette for syn, hørsel og førleik, pliktar vedkommande å gi melding til politiet.
  • Politiet skal gi kjøresetelen påteikning om eventuelle avgrensande vilkår.
  • Den som skal få kjøresetel, må vere fylt 20 år, ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar og oppfylle dei same krava til helse som for førarkort klasse D og DE.  Førar av drosje må i tillegg ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse og ha hatt førarkort klasse B utan avbrot i minst to år.
  • For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg før kjøresetel kan utferdast. Kravet om butid gjeld likevel ikkje for
    • EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin,
    • utlendingar frå land utanfor EØS som har opphald i eit EØS-land og som kan leggje fram politiattest og bevis på lovleg opphald frå EØS-landet,
    • utlendingar frå land utanfor EØS med tidlegare opphald i Noreg, der fråve­ret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstil­lande vandelskontroll.
  • For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating før innreise til No­reg, skal butida reknast frå den datoen søknaden om opphaldstillating vert regi­strert hos utlendingsstyresmaktene.  For EØS-borgarar, og tredjelandsborgarar som har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tids­punktet som følgjer av politiregisterforskrifta § 28−4 andre ledd.

Blir ein som ikkje har kjøresetel med skilleg grunn mistenkt for straffbart forhold, som kan vere avgjerande for retten til å få kjøresetel, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit bestemme at kjøresetel ikkje skal utferdast før saka er endeleg avgjort, likevel ikkje ut over tre månadar utan orskurd frå tingretten.

Finn politiet at innehavar av kjøresetel med skilleg grunn er mistenkt for straffbart forhold som kan medføre tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, jf. § 37 f andre ledd, kan ein polititenestemann ta kjøresetelen frå innehava­ren.  Spørsmålet om å oppretthalde beslaget skal så snart som mogeleg leggjast fram for ein tenestemann som tilhører påtalemakta.  Avgjerda skal gjerast skriftleg.  Der­som den mistenkte ikkje samtykker i beslaget, må spørsmålet om fortsett beslag av kjøresetel innan tre veker sendast tingretten til avgjerd.

  • Politimeisteren eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle ret­ten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom ved­kommande ikkje lenger fyller krava etter § 37 c.
  • Blir den som har kjøresetel ilagt straff, kan det i same dom eller ved førelegg fastsetjast tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag for ei bestemt tid eller for alltid, dersom allmenne omsyn elles krev det.

Ved beslag av kjøresetel, tilbakekalling eller tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, pliktar innehavaren straks å levere kjøresetelen til poli­tiet.

  • For vedtak treft av politiet er Politidirektoratet klageinstans.  I klagesak om krav til helse og førleik for kjøresetel skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Helsedirektoratet om helsemessige tilhøve.  Gjeld klagen krav til førleik som er avgjort av Statens vegvesen, skal politiet byggje på den endelege avgjerda.
  • Politidirektoratet kan i særskilde høve gjere unntak frå reglane i kapittelet her.
  • Tilbakekalling av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot veder­lag er ikkje til hinder for at politimeisteren eller den han gir myndigheit utferdar ny kjøresetel dersom dei grunnar som medførte tilbakekallinga ikkje lenger er til stades.
  • Dersom særlige grunnar talar for det, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit forkorte den perioden for tap av retten til å føre motorvogn ved per­sontransport mot vederlag som er fastsett ved dom eller førelegg, jf. § 37 f.  Der­som særs sterke grunner talar for det, kan perioden forkortast sjølv om minste­tida etter lov eller forskrift ikkje er gått ut.

Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om kjøresetel.

MIDLERTIDIG UNNTAK!

Unntaket trådte i kraft 1. juli 2024, jf. endringslov 25. juni 2024 nr. 53, jf. res. 25. juni 2024 nr. 1212.
Unntaket trer ut av kraft 1. juli 2026, jf. endringslov 25. juni 2024 nr. 53.

For personar med mellombels kollektivt vern etter utlendingsloven § 34 som legg fram politiattest som klart framstår autentisk frå heimstaten sin, gjeld ikkje kravet i § 37 c andre ledd om butid for utferding av kjøresetel.

Kjøresetel for personar med mellombels kollektivt vern som har budd mindre enn fire år i Noreg, gjeld berre persontransport med bil for persontransport med over 8 sit­teplassar i tillegg til førarsetet og tillaten totalvekt over 5000 kg.  Politiet skal påføre kjøresetelen merknad om kva for kjøretøy han gjeld for.

Part eller annan med rettsleg klageinteresse kan ikkje klage på avslag som har grunnlag i forhold kring autentisiteten til politiattesten.

Politiet kan krevje at personar med mellombels kollektivt vern kjem til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 37 c første ledd første punktum er oppfylte.

Kjøresetel utferda med grunnlag i dette unntaket gjeld til innehavaren har budd fire år i Noreg, med mindre anna er bestemt om føresetnader som gjeld alder i § 37 a tredje ledd.  Politiet skal påføre kjøresetelen merknad om kva for periode han gjeld for.

  • Statens vegvesen og politiet har rett til å føre kontroll med føresegner som er gjevne i eller med heimel i denne lova.  Departementet kan gje tilsette arbeids­takarar i andre offentlege organ rett til å føre kontroll etter denne lova.  Kontroll vert utført langs veg eller ved transportverksemda sin forretningsstad.
  • Under kontroll kan kontrollorgana gjere gransking, krevje opplysningar frå ein kvar når opplysningane er naudsynte for å gjennomføre kontrollen, og gjennom­føre kontroll ved transportverksemda sin forretningsstad med hjelp frå verksemda.
  • Kontroll etter denne lova kan gjerast ved bruk av elektroniske kontrollverktøy. Elektroniske kontrollverktøy kan brukast før, under og etter kontroll langs veg eller ved kontroll hos transportverksemda sin forretningsstad.
  • Departementet kan gje forskrift om kontroll etter denne lova.

Når kontrollmakta ber om det pliktar førar å gje tilgang til varerom, container, ka­pell o.l. på motorvogn som er friteken frå løyve i medhald av §§ 16 og 17.

  • Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan for så lang tid som det vert funne naudsynt, forby bruken av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan påbode løyve eller anna godkjenning etter denne lova. Det kan krevjast at gods som blir transportert utan påbode løyve vert lasta om på staden.
  • Forbod mot å bruke eit køyretøy kan iverksetjast på staden.
  • Eit forbod etter første ledd kan sikrast ved å inndra kjennemerke og vognkort eller ved bruk av mekanisk eller elektronisk innretning.
  • Eit køyretøy som det er forbode å bruke, kan kontrollmakta, når ho meiner det trengst, ta i forvaring.  Vert køyretøyet ikkje henta innan tre månader etter at forbodstida har gått ut, kan køyretøyet verte selt etter reglane i vegtrafikkloven § 37 femte til åttande ledd.
  • Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova kan påleggje lovbrots­gebyr til den som med vilje eller aktløyse bryt føresegner fastsette i medhald av denne lova.  Når slikt lovbrot er gjort av nokon som har handla på vegne av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket.  Dette gjeld sjølv om lovbrotsge­byr ikkje kan bli pålagd nokon einskild person.  Med føretak er her meint selskap, enkeltpersonføretak, stifting, foreining eller anna samanslutning, bu eller offent­leg verksemd.
  • Departementet kan gje forskrift om kva for brot på reglar som er gjevne i med­hald av denne lova, som skal kunne føre til lovbrotsgebyr.  Departementet kan òg gje forskrift om fastsetjing og gjennomføring av pålegg om lovbrotsgebyr, reglar om betalingsfristar, gebyrets størrelse, rente og tilleggsgebyr dersom eit lovbrots­gebyr ikkje blir betalt ved forfall, og om at også andre enn den som er pålagd gebyret, er ansvarleg for at det blir betalt.
  • Departementet kan påleggje oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr dersom opp­dragsgjevaren bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i pro­sessen med å tildele konsesjonskontraktar for transporttenester etter lova her. Lovbrotsgebyret kan verte pålagt dersom eitt av følgjande vilkår er oppfylt:
    • brotet er konstatert ved rettskraftig dom i ein norsk domstol,
    • brotet er konstatert ved dom i EFTA-domstolen, eller
    • norske styresmakter har innrømt brotet etter at saka er handsama i EFTAs overvakingsorgan.  Dersom oppdragsgjevaren ikkje har hatt høve til å ut­tale seg i saka før innrømminga fann stad, og det er grunn til å rekne med at dette har hatt verknad på innrømminga, kan innrømminga ikkje gje grunnlag for lovbrotsgebyr.
  • Lovbrotsgebyret skal ikkje overstige 15% av kontraktsverdien.
  • Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preven­tive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd, og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten.
  • Fristen for å betale lovbrotsgebyret er åtte veker frå vedtaket vart gjort.
  • Avgjerd om å påleggje lovbrotsgebyr etter denne føresegna skal følgje reg­lane om enkeltvedtak i forvaltningslova så langt dei høver.  Dersom ei avgjerd om lovbrotsgebyr vert bringa inn for ein domstol, kan domstolen prøve alle sid­ene av saka.  Retten kan gje dom for realitet.
  • Lovbrotsgebyr kan ikkje påleggjast seinare enn tre år etter at kontrakten vart inngått.  Fristen vert avbroten ved at det vert teke ut søksmål ved norsk domstol eller ved EFTA-domstolen for å få dom i saka, eller ved at EFTAs overvakings­organ tek opp saka skriftleg med norske styresmakter.
  • I tilfelle der departementet sjølv eller eit anna statleg organ som er underlagt departementet gjer brot som nemnt i første ledd, kan departementet delegere kompetansen til å påleggje lovbrotsgebyret til Klagenemnda for offentlige anskaf­felser.  Avgjerd frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser om å påleggje lov­brotsgebyr kan ikkje påklagast.
  • Departementet kan gje forskrift om fastsetjing av lovbrotsgebyret, medrekna utmåling av gebyret, renter og tilleggsgebyr og avgrensing av kva tenestekonse­sjonskontraktar som fell inn under føresegna her.

Om nokon med vilje eller aktløyse bryt denne lova, forskrifter eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert han straffa med bot.  Forsøk på slike brot er også straffbart.

  • Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan halde tilbake motorvogn og køyretøy som vert trekt av motorvogn, dersom eigaren har fått eller truleg vil få bot eller lovbrotsgebyr for brot på føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova.  Likestilt med eigaren er den som har disposisjonsrett over motorvogna eller køyretøyet som vert trekt av motorvogna.
  • Det kan berre tas avgjerd om tilbakehald når det er naudsynt for å sikre be­taling av bot, lovbrotsgebyr og eventuelle kostnadar knytte til gjennomføringa av tilbakehaldet og når slikt tilbakehald er forholdsmessig.  Ved vurderinga skal det takast omsyn til storleiken på bota eller lovbrotsgebyret, typen brot og tilhøva elles.
  • Tilbakehaldet skal ta slutt når betalinga er gjennomført eller kravet er sikra etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 3−4.
  • Dersom tilbakehaldet skal sikre betaling av ei bot, kan køyretøyet haldast til­bake til påtalemakta har tatt avgjerd om det skal gis bot.  Påtalemakta avgjer om det er grunn til å halde fram tilbakehaldet.
  • Tilbakehaldet kan, om det er naudsynt, sikrast ved bruk av mekanisk eller elektronisk innretning.
  • Køyretøy som er haldne tilbake, kan seljast etter reglane i vegtrafikkloven § 37 femte til åttande ledd dersom beløpet ikkje er betalt innan tre månader etter rettskraftig avgjerd eller endeleg fastsett gebyr.  Føresegnene i vegtrafikkloven § 38 gjeld tilsvarande for kostnadane knytte til gebyr.
  • Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelde.1
  • Reglar, forskrifter og vedtak som er gitt i medhald av lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel gjeld òg etter at lova her er sett i kraft.
1Fra 1. januar 2003 ifølge res. 20. desember 2002 nr. 1695.

Frå den tid lova vert iverksett, vert det gjort følgjande endringar i andre lover:

  1. Lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel og lov 4. juli 1991 nr. 52 om endringar i lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel vert oppheva.
  2. I lov 17. juni 1966 nr. 2 om luftputefartøyer skal § 3 første ledd lyde:

    — — —

  3. I lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag skal § 4 f) lyde:

    — — —

  4. I lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (jernbaneloven) gjøres føl­gende endringer:

    — — —

Relaterte forskrifter og bestemmelser

Forskrifter og andre bestemmelser som helt eller delvis er fastsatt med hjemmel i yrkestransportlova eller tidligere lover om samferd­sel (lover 19. juni 1964 nr. 7 og 4. juni 1976 nr. 63) i kronologisk rekkefølge etter fastsettelsesdato.

Opphevede forskrifter mv. er vist i rød eller beige tekst.

Sentrale forskrifter

Regionale og lokale forskrifter