Lov 4. juni 1976 nr. 63

om samferdsel

(Samferdselslova – samfll.)

Samferdselsdepartementet.

Endret ved lover 22. august 1978 nr. 97, 8. mai 1979 nr. 50, 11. mai 1979 nr. 16, 19. august 1980 nr. 68, 11. mai 1982 nr. 55, 31. mai 1985 nr. 41, 16. mai 1986 nr. 21, 8. august 1986 nr. 57, 19. august 1986 nr. 78, 16. mai 1989 nr. 82, 4. juli 1991 nr. 52, 4. mai 1993 nr. 61, 11. mai 1993 nr. 85, 11. mai 1993 nr. 90, 22. november 1996 nr. 67, 15. mai 2001 nr. 88, 21. mai 2002 nr. 39, 21. mai 2002 nr. 43.

Opphevet ved lov 21. juni 2002 nr. 45, jf. res. 20. desember 2002 nr. 1695.

ENDRINGSHISTORIKK

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
01.01.2003OPPHEVET  (jf. lov 21. juni 2002 nr. 45, jf. res. 20. desem­ber 2002 nr. 1695)
01.07.1977Ikrafttredelse

Innhold:

§ 1.Formålet med lova
§ 2.Kva lova gjeld
§ 3.Persontransport i rute med motorvogn eller farty
§ 4.Meir om ruteløyve
§ 5.Godstransport med motorvogn
§ 6.OPPHEVET
§ 7.Persontransport med motorvogn utanom rute
§ 8.Eigentransport
§ 9.Transport med motorvogn til og frå utlandet, og transport mellom stader i Noreg med motorvogn registrert i utlandet
§ 10.Utleige av motorvogn
§ 11.OPPHEVET
§ 12.OPPHEVET
§ 13.Sams føresegner
§ 14.Kven kan få løyve
§ 15.Kor lenge eit løyve gjeld
§ 15 a.Gebyr
§ 16.Overføring av løyve m.v.
§ 17.Når løyve kan takast att
§ 18.Om merke på motorvogner
§ 19.Kontroll
§ 20.Skilting, lysingar, reklame o.l.
§ 21.Opplysnings- og teiingsplikt
§ 22.Særlege fullmakter
§ 23.Søksmålsfrist
§ 24.Delegering
§ 24 a.Tilskotsansvar for fylkeskommunane m.v.
§ 24 b.Administrasjonsselskap
§ 24 c.Riksvegferjer
§ 25.Forbod mot å bruke køyrety.  Inndragning av kjennemerke og vognkort m.v.
§ 26.Straff
§ 27.Utfyllande føresegner
§ 28.OPPHEVET
§ 29.Kva tid lova tek til å gjelde.  Overgangsføresegner
  • Føremålet med denne lova er, som ledd i den allmenne samfunnspolitikken, å fremje eit transporttilbod til ulike trafikantgrupper i ulike delar av landet.
  • Lova tek sikte på ei samfunnsøkonomisk og rasjonell transportavvikling med vekt på ressursøkonomi og vern om det busetjings- og produksjonsmønsteret ein ønskjer.
  • Lova skal og vere ein reiskap i arbeidet med å minske støy og miljøureining og skape større tryggleik i trafikken.
  • Denne lova gjeld for transport med motorvogn og farty mellom stader i Noreg, jfr. likevel § 9.
  • Den som mot vederlag vil drive persontransport med motorvogn eller farty i rute innanfor eit fylke, må ha løyve frå fylkeskommunen.  Løyve til riksvegferjer vert likevel gjeve av departementet.  Departementet gjev og løyve til rute som går gjennom to eller fleire fylke.  Selskap som nemnt i § 24 b treng ikkje løyve. Anbod kan nyttast ved tildeling av løyve, for rutetrafikk med motorvogn og farty for persontransport, jf. § 24 a pkt. 5 andre punktum og § 24 c.
  • Transporten reknast som rutetransport når han går føre seg mellom visse stader eller på visse strekningar til regelbundne tider, transporten framstår som open for ein ubestemt krins og den einskilde brukaren eller ei samanslutning av brukarar ikkje har styringsrett over transportmidlet.
  • Departementet kan fastsetje at transport av skuleelevar med motorvogn eller farty skal reknast som rutetransport.
  • Det trengs ikkje løyve etter første leddet for
    • transport med farty inntil 8 meter største lengde som svarar til 4 brutto registertonn,
    • farty i rutefart mellom Noreg og andre land som tek med personar mellom stader i Noreg,
    • transport av personar med farty eller motorvogn når dei same personane følgjer med på heile turen og påstigings- og avstigingsstaden er den same. For slik transport med motorvogn krevst likevel løyve for transport utan­om rute, jfr. § 7,
    • transport med motorvogn så framt minst ei overnatting undervegs er teken med i den sams prisen og dei påmelde passasjerane følgjer med på heile turen frå utgangspunkt til endepunkt.  For slik transport med motor­vogn krevst likevel løyve for persontransport utanom rute, jfr § 7.
  • Så framt departementet ikkje fastset det, krevst det heller ikkje løyve for tran­sport av personar med farty innan eit hamnedistrikt med unntak av ferjedrift i riksvegsamband, dersom det med heimel i lov av 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann er fastsett særskild løyveordning for ferje og fløtmannsverksemd.
  • Den som har løyve for persontransport i rute kan samstundes og på same motor­vogna utføre godstransport utan særskilt løyve, jfr. § 5.
  • For løyve tildelt av fylkeskommunen med heimel i denne paragrafen, gjeld § 7 nr. 8 tilsvarande.
  • Departementet kan i føresegner eller einskildvedtak gjere unntak frå kravet om ruteløyve for lokal eller annan avgrensa transport.
  • – – –  (opphevet)
  • Meiner departementet at transportomsyn eller transportøkonomiske grunnar gjer det turvande, kan det krevje at eit rettssubjekt med ruteløyve, innan ein fastsett frist, skal slutte seg saman med eit eller fleire andre rettssubjekt som har rute­løyve, eller at dei skal drive i lag etter fastsette retningsliner.
  • – – –  (opphevet)
  • Er det eit selskap som har fått løyvet, skal det gi departementet melding om overdraging av aksjar eller partar, dersom overdraginga endrar aksje- eller parts­fleirtalet i selskapet i eit slikt omfang at det i realiteten skjer ei løyveoverdraging. Departementet kan krevje at overføringa vert omgjort, eller at aksjane eller partane vert selde til nokon departementet kan godta når kravet vert framsett innan 3 månader frå melding vart motteken.
  • Den som mot vederlag vil drive godstransport med motorvogn med tillatt total­vekt 3.500 kg eller meir, må ha løyve frå departementet, jf. likevel § 8.  Det same gjeld den som utfører godstransport mot vederlag med motorvogn som elles er friteken frå kravet til løyve i medhald av § 8 nr. 1, når transporten kan sjåast som ledd i næringsverksemd.
  • Som motorvogn vert rekna: lastebil, kombinert bil og trekkbil, tillatt brukt på offentleg veg.
  • Løyve skal ikkje behovsprøvast.
  • Departementet kan i føresegner fastsetje unntak frå kravet om løyve for sær­skilde slag transportar eller motorvogner, og elles gjere slikt unntak i einskilde høve.
  • Den som mot vederlag vil drive persontransport med motorvogn utanom rute, må ha løyve frå fylkeskommunen, jf likevel § 8. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om tran­sport vert retta til ålmenta på offentleg plass.
  • Det krevst ikkje løyve når den som rår over ein personbil, tek med seg folk han arbeider saman med eller grannar når han køyrer mellom bustaden og arbeids­staden.  Likeins krevst det ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde perso­nar med godkjend ambulansevogn.
  • Fylkeskommunen kan gjere unntak frå kravet om løyve for særskilde område der det ikkje synes vere tenleg å halde fast på ei reguleringsordning.  Likeins kan fyl­keskommunen bestemme at særskilde former for persontransport utanom rute, kan drivast utan løyve.
  • Løyve etter første leddet kan avgrensast til å gjelde køyring med drosje, sel­skapsvogn, turvogn eller anna særskild køyring av personar utanom rute.  Løyve for transport med turvogn skal ikkje behovsprøvast.
  • Løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 70 år.  Fylkeskommunen kan gjere unntak frå dette når det er viktig å halde ved lag ei naudsynt drosjeteneste.
  • Fylkeskommunen kan gje påbod om at det skal skipast drosjesentralar og korleis dei skal drivast, om plikt til å betale innskot og avgift til sentralen, og om at sen­tralen skal ha rett til å fastsetje køyreordninga og gje andre reglar for verk­semda.  Føresegnene kan gjerast gjeldande både for løyvehavarar og førarar, og ha med pålegg om bruk av uniform.
  • Departementet kan gje føresegner om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt når ho vert nytta til løyvebunden transport etter denne paragrafen.
  • For løyver tildelt med heimel i denne paragrafen, er det fylkeskommunen som gjer einskildvedtak etter § 13 andre og tredje ledd, § 15 første og tredje ledd, § 16 og § 17 første, andre og fjerde ledd.
  • – – –  (opphevet)
  • Det trengst ikkje løyve til transport av eige gods når transporten er ledd i anna næringsverksemd, anten det vert rekna direkte vederlag for transporten eller ikkje.
  • Likt med eige gods reknar ein gods som vedkomande har eller får rådvelde over i samband med kjøp, sal, lån, leige, framstilling, behandling og reparasjon.  Som transport av eige gods vert og rekna transport som ein entreprenør utfører i samband med bygg- og anleggsverksemd som han har teke på seg, og som kjem inn under lov frå 24. oktober 1952 om godkjenning av entreprenørar som driv med husbygging eller anna byggearbeid.  Som eigentransport reknast òg transport som Posten Norge AS utfører med eigne motorvogner.
  • Det trengst ikkje løyve når ei verksemd tek eigne arbeidarar og tenestemenn til eller frå arbeidsstaden.  Likeeins trengst det ikkje løyve når hotell eller liknande verksemd utfører transport av eigne overnattingsgjester.
  • Når motorvogn vert nytta til transport etter tredje leddet, skal ho vere registrert på verksemda eller bruksretten skal følgje av leasingkontrakt.
  • Lastebil, kombinert bil og trekkbil med tillatt totalvekt 3.500 kg eller meir som vert nytta i transport av eige gods, anten som ledd i anna næringsverksemd eller ikkje, skal vere utstyrt med eigentransporterklæring, som skal takast med i mo­torvogna og synast fram ved kontroll.  Det trengst ikkje eigentransporterklæring for statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar sin eigentransport med eigne motorvogner.
  • Den som vil utføre transport av personar eller gods til eller frå utlandet med mo­torvogn registrert i Noreg, må ha rett til å utføre tilsvarande transport innanlands og dessutan ha særskilt samtykke frå vedkomande stat dersom dette krevst.
  • Den som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå Noreg med motorvogn registrert i utlandet, må ha særskilt samtykke frå Noreg når ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part.
  • Ingen må utføre transport av personar eller gods mot vederlag mellom stader i Noreg med motorvogn registrert i utlandet, dersom ikkje anna følgjer av inter­nasjonal avtale der Noreg er part.  I einskildvedtak kan departementet og gje samtykke til slik transport med motorvogn registrert i ein stat Noreg ikkje har tilsvarande avtale med.
  • Departementet kan i føresegner fastsetje nærare reglar og vilkår for transport mot vederlag med motorvogn til eller frå Noreg, og for transport mot vederlag mellom stader i Noreg med motorvogn registrert i utlandet.
  • Det krevst ikkje løyve for å drive med utleige av motorvogn mot vederlag.  Ut­leige av motorvogn for persontransport som er registrert for meir enn 15 passa­sjerar forutan førar, er likevel berre tillatt for den som har løyve for persontran­sport i rute, jfr. § 3, og på det vilkår at også leigetakar har slikt løyve.
  • Departementet gjev nærare føresegner om kvar einskild løyveordning og om verksemda til løyvehavarane.
  • Det kan setjast vilkår for det einskilde løyvet.
  • Føresegner og vilkår skal sikre at løyvehavaren sjølv har dei personlege, faglege og økonomiske føresetnadene som trengst for å drive verksemd på ein påliteleg og god måte.  Departementet kan i føresegner eller einskildvedtak gje reglar for løyvepliktige verksemder om transportmateriell, ruteopplegg, stoppestader, tra­séar, terminalar, trafikkontroll, transportvedtekter og tilleggsavgift ved manglande gyldig billett, billettsystem, takstvederlag, provisjonar og anna vederlag, likeins om rekneskap, rekneskapsettersyn, statistikk og anna som trengst til å gjere transporten trygg og tenleg.  Det same gjeld godtgjersle, provisjon og anna vederlag som ekspeditørar krev av trafikantane eller av løyvehavaren.  Det kan og verte gjeve slike føresegner som nemnt i dette ledd for selskap som nemnt i § 24 b.
  • For transport som er friteken for løyveplikt etter denne lova, kan departementet gje føresegner om statistikk og trafikkontroll, om korleis vognmateriellet skal vere merkt, og om fraktbrev eller andre dokument som trengst for å kontrollere verksemda som vert driven.
  • Departementet gjev nærare føresegner om bruk av anbod.
  • Løyve etter denne lova kan gjevast dei som fyller krava som er sette i eller med heimel i lova.  Det kan krevjast politiattest.  Eit selskap eller ein samskipnad kan få løyve når den ansvarlege leiaren sjølv er skikka og har gode nok faglege kva­lifikasjonar til å få løyve.
  • Med unntak av løyve etter § 3 gjeld eit løyve utan avgrensing i tid, jfr. likevel § 7, femte leddet.  Når særlege grunnar talar for det, eller departementet fastset det, kan eit løyve gjevast for ei avgrensa tid.
  • Løyve etter § 3 vert gjeve for 10 år.  Når fylkeskommunen nyttar anbod i rute­drifta, eller særlege grunnar talar for det, kan løyve gjevast for stuttare tid.
  • Departementet kan i løyvetida gjere brigde i føresegnene for løyvepliktig verk­semd og for vilkår som er sette for eit løyve.  Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra, skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verk­semda.
  • Løyver gjevne for avgrensa tid som er gyldige på den tid lova tek til å gjelde, gjeld likevel berre for den fastsette tida.
  • Departementet kan i føresegner fastsetje at det skal betalast gebyr for utferding av løyvedokument og særskilt samtykke etter § 9.
  • Ein løyvehavar kan ikkje overlate løyvet sitt til andre utan at departementet sam­tykkjer.
  • Dersom ein løyvehavar ikkje nyttar løyvet, kan departementet ta det attende.  Lik­eins kan eit løyve takast att når løyvehavaren ikkje lenger fyller dei krava som er sette i føresegner og vilkår, eller han ikkje oppfyller eller rettar seg etter føresegner og vilkår som gjeld for å drive verksemda.  Det same gjeld når løyvehavaren sjølv ikkje lenger har dei faglege eller personlege kvalifikasjonane som krevst for å drive slik verksemd eller når pålegg etter § 4 fjerde ledd siste punktum ikkje vert oppfylt.
  • Døyr løyvehavaren, skal den som styrer buet hans eller rår over det, straks sende melding om dødsfallet til den styremakt som har gjeve løyvet.  Det same skal gjerast om løyvehavaren går konkurs.  Når løyvehavaren døyr eller går konkurs, kan løyvet takast att utan varsel.  Let drosjeløyvehavar etter seg ektefelle eller livsarving, kan løyvet ikkje takast att før tre år etter dødsfallet.  Departementet kan gje nærare føresegner om avvikling av andre slag løyve der løyvehavar døyr.
  • Når retten til å drive løyvepliktig verksemd etter lova har falle bort, skal løyve­havaren eller den som styrer eller rår over buet hans, straks sende attende dei legitimasjonane og løyveskilta som han har fått frå løyvemaktene.
  • Når det er fastsett at løyve skal takast att, kan det samstundes gjerast vedtak om at vedkomande ikkje kan få nytt løyve før etter ei nærare fastsett tid utan omsyn til om han fyller krava for å få nytt løyve.
  • Departementet kan gje føresegner om at motorvogn som vert nytta til løyveplik­tig transport, skal merkjast med løyveskilt.
  • For løyveskilt kan det takast ei avgift som departementet fastset.
  • Departementet kan gje føresegner om at det på slik motorvogn som er nemnt i første ledd, og på motorvogn som er nytta til løyvefri eigentransport, skal målast eller setjast merke som syner kven den registrerte eigaren er.
  • Førar av motorvogn eller farty i løyvepliktig transport eller løyvefri eigentran­sport, skal på kvar einskild transport ha med seg dei legitimasjonane som det er fastsett at han skal syne fram når det vert ført kontroll av politiet, regionveg­kontoret, eller annan offentleg tenestemann som departementet gjev rett til å føre kontroll etter denne lova.
  • Kontrollmakta kan be om tilgjenge til varerom, container, kapell o.l. på motor­vogn med tillatt totalvekt 3.500 kg eller meir som vert nytta i løyvefri eigentran­sport av gods.  Førar som nektar slik kontroll, kan straffast i samsvar med § 26.
  • Den som ikkje har ruteløyve, må ikkje med lysing, skilt eller anna reklame gje slike opplysningar om verksemda si at ho kan verte teken for persontransport i rute.
  • Den som i samband med næring eller verksemd han driv, sender eller tek mot gods, og dei som driv eller direkte eller indirekte formidlar transport av personar eller gods mot vederlag, skal gje dei opplysningane som departementet krev ved gjennomføringa av denne lova.
  • Med omsyn til teiingsplikta gjeld reglane i forvaltningslova §§ 13 til 13 e.
  • Når samferdselsomsyn under ekstraordinære tilhøve gjer det naudsynt, kan de­partementet gje løyvehavarar pålegg om å utføre visse transportoppgåver.  Det same gjeld for andre som eig eller brukar motorvogner for gods- og persontran­sport, målepliktig farty og statens jernbaner.
  • Departementet kan gje føresegner om den sivile transportberedskap i fredstid, ved beredskap, mobilisering og i krig samt ved ekstraordinære krisetilhøve.  De­partementet kan òg i føresegnene gjere unntak frå reglane i lova.  Departemen­tet kan pålegge fylkeskommunane transportberedskapsoppgåver.
  • Fristen for å reise sak etter tvistemålslova § 437 andre ledd første punktum, mot vedtak som eit styringsorgan har gjort etter denne lova, skal vere to månader.

Departementet kan delegere sine oppgåver etter denne lova til fylkeskommunen.

  • Fylkeskommunane har ansvaret for å yte tilskot til drift av lokale rutesamband og lokal godstransport som fylkeskommunane vil opprette eller halde oppe innafor vedkomande fylke.
  • Staten yter årleg rammetilskot til delvis dekning av fylkeskommunane sine utgif­ter.  Tilskotet blir fordelt gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkes­kommunane etter reglar gjeve av Kongen.
  • Innan dei fristane departementet fastset, skal fylkeskommunane leggje fram bud­sjett, rekneskap og elles gje dei opplysningane som trengst for departementet si vurdering av framtidig samla tilskotstrong.
  • Vedtak av fylkeskommunane i saker om godkjenning av ruteplan, takstar og til­skot kan ikkje klagast til departementet.
  • Fylkeskommunane fastset kontraktsform og retningsliner som skal gjelde for til­deling av tilskot.  Tilskot til rutegåande ferjer vert ikkje gjeve på grunnlag av anbod.
  • Det kan avtalast at den som får tilskot skal ha einerett til rutene eller ruteområda i den tida tilskotskontrakta gjeld.
  • Tilskotskontrakt som er inngått på grunnlag av anbod, skal gjelde for minst 5 år, med unntak av mellombelse ruter.  Når særlege grunnar talar for det, kan ei inn­gått avtale forlengast for stuttare tid.
  • Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at tilskotet skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket.
  • § 24 a nr. 5, 6 og 7 gjeld tilsvarande når selskapet skal inngå kontrakter med transportørar.

Det kan iverksetjast avgrensa forsøk med bruk av anbod ved tildeling av tilskot til riksvegferjer.

  • Politiet, regionvegkontoret og andre som har mynde til å føre kontroll etter denne lova, kan for så lang tid som det vert funne naudsynt, forby bruken av køyrety som vert nytta til transport av personar eller gods utan påbode løyve eller anna godkjenning etter lova.
  • Vert det sett forbod mot å bruke eit køyrety, skal kjennemerke og vognkort inn­dragast med det same.
  • Forbod mot å bruke eit køyrety etter første leddet, kan setjast i verk på staden.
  • Eit køyrety som det er forbode å bruke, kan kontrollmakta, når ho meiner det trengst, ta i forvaring.  Vert køyretyet ikkje henta innan 3 månader etter forbods­tida har gått ut, kan det verte seld når eigaren har fått varsel om det i rekom­mandert brev.  Reglane i vegtrafikklova § 37 andre ledd, andre og tredje punk­tum og tredje til femte ledd gjeld på tilsvarande måte.
  • Om nokon med vilje eller i aktløyse bryt eller hjelper til med å bryte denne lova, føresegner eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert han straffa med bot.  Freistnad på slike brot vert straffa som fullbyrda gjerning.
  • Departementet kan gje utfyllande føresegner til gjennomføring av lova og om måten tenestemakta skal gå fram på i saker etter denne lova.
  • Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelde.1 – – –
1Fra 1. juli 1977 ifølge res. 10 juni 1977.