Forskrift 15. mai 2023 nr. 794
om atferdsreglar og parkering
på og ved Tinnhølvegen,
Eidfjord kommune, Vestland
(Forskrift om atferdsreglar og parkering
på og ved Tinnhølvegen, Eidfjord)
Fastsett av Eidfjord kommunestyre 15. mai 2023 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet (friluftsloven) § 15.
Føremålet med forskrifta er regulering av atferd og parkering på og langs Tinnhølvegen frå avkøyring frå RV7 v/Tråastølen til og med parkeringsplassen på Tinnhølen og på Tråastølen. Føremålet med forskrifta er å regulere overnatting i bubil, campingvogn, telt og tilsvarande innretningar på parkeringsplassen ved Tinnhølen og på og langs Tinnhølvegen.
Forskrifta skal bidra til å hindre unødig slitasje på terreng og natur samt forstyrring av dyreliv. Forskrifta skal fremja at villreinen kan bevega seg fritt i trekksoner, disse trekksonene er definert med omsynssoner i reguleringsplanen for Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002.
Forskrifta skal fremja ålmenta sin tilgang på areal for parkering som utgangspunkt for bruk av resten av Hardangervidda.
Parkeringsforskrifta vil gjelda frå og med avkøyring frå Rv7 ved Tråastølen og til bommen inn til Byen ved Tinnhølparkeringa. Den gjelder sjølve vegen med tilhøyrande grøfter. Den gjelder parkeringsplassar på Tråastølen, Tinnhølen og føresegnsområda merka med #1 (v/Bjoreidalstjørna) og #2 (v/Bjoreidalen) i reguleringsplanen for Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002. For reglar knytt til telting gjeld i tillegg nemnte soner på 200 og 400 meter utanfor avgrensa område. Forskrifta gjeld alle besøkande og brukarar av Tinnhølvegen og parkeringsplass på Tinnhølen og Tråastølen og regulerer bruk, parkering og overnatting i virkeområdet.
Alle typar køyretøy definert som motorvogn etter vegtrafikklova1 fell innunder forskrifta.
Forskrifta gjeld heile året.
1 | Vegtrafikkloven § 2 Definisjoner
Jf. også definisjoner og klassifiseringer av motorvogner i følgende forskrifter:
|
Parkering av motorvogn skal skje på parkeringsplass på Tinnhølen og Tråastølen og i tillegg på #1 og #2 i reguleringsplanen for Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002. Parkering på parkeringsplass på Tråastølen og Tinnhølen skal skje slik reguleringsplanen for Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002, syner. Traktorar kan parkere på plassar avsett til personbilar dersom plassar for traktorar er fulle.
På parkeringsplassen på Tråastølen og Tinnhølen, samt parkeringsområde markert med #1 og #2 i reguleringsplanen for Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002 er det forbod mot overnatting i motorvogn, til dømes bubil, campingvogn, personbil og prærievogn.
I omsynssoner for villrein, H560, markert i reguleringsplanen for Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002, er all parkering forbode til ein kvar tid. Desse sonene vil ved behov vera stengt i kortare periodar av omsyn til villreinen sitt trekk.
Det er ikkje tillatt å slå opp telt eller liknande innretningar på, og i ein sone på 400 meter omkring parkeringsplassen på Tinnhølen.
Tilsvarande er det ikkje tillatt å slå opp telt eller liknande innretningar i ein sone på 200 meter på kvar side av Tinnhølvegen frå Tråastølen til Tinnhølen.