Lov 3. februar 1961 nr. 31

om ansvar for skade som motorvogner gjer
(bilansvarslova)

(Bilansvarslova, bal)

Justis- og beredskapsdepartementet.

Endret ved lover 18. juni 1965 nr. 4, 12. mai 1972 nr. 28, 25. mai 1973 nr. 26, 17. desember 1976 nr. 100, 21. juni 1985 nr. 81, 16. juni 1989 nr. 69, 27. november 1992 nr. 113, 26. juni 1998 nr. 46, 26. mars 1999 nr. 16, 22. september 2000 nr. 79, 15. juni 2001 nr. 61, 21. juni 2002 nr. 41, 8. juni 2007 nr. 19, 5. juni 2009 nr. 34, 19. juni 2015 nr. 65, 18. desember 2015 nr. 124, 19. desember 2017 nr. 117, 26. mai 2020 nr. 46, 18. februar 2022 nr. 5.

ENDRINGSHISTORIKK   (SISTE 10)

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
01.07.2022

Endringslov 18. februar 2022 nr. 5:

§ 19 fjerde ledd første punktum
01.01.2021

Endringslov 26. mai 2020 nr. 46:

§ 2 første ledd innledningen, første ledd bokstav c, andre ledd (opphevet), § 5 første ledd, nytt andre ledd, § 9 over­skriften, første til tredje ledd, fjerde ledd (opphevet), § 10 første og andre ledd, § 13 første ledd, § 15, § 17 første ledd bokstav h, ny bokstav i, § 20 bokstav b, § 21 første ledd
01.03.2018

Endringslov 18. desember 2015 nr. 124:

§ 6 andre ledd andre punktum
01.01.2018

Endringslov 19. desember 2017 nr. 117:

§ 17 a (ny), § 18 andre ledd, § 19 første ledd, § 20 bokstav a (opphevet) (nåværende bokstav b og c blir bokstav a og b, bokstav a
01.10.2015

Lov 19. juni 2015 nr. 65 (straffelovens ikraftsettingslov):

§ 20 andre ledd (opphevet)
01.07.2009

Endringslov 5. juni 2009 nr. 34:

§ 4 nytt andre punktum, § 6 andre ledd (opphevet) (nåværende tredje ledd blir andre ledd)
11.06.2007

Endringslov 8. juni 2007 nr. 19:

§ 9, § 10 andre ledd, § 17 første ledd bokstav f, ny bokstav g og h
01.01.2003

Endringslov 21. juni 2002 nr. 41:

§ 17 overskriften, nytt andre ledd, Kapittel V overskriften, § 21 (ny, nåværende § 21 blir § 22)
16.06.2001

Endringslov 15. juni 2001 nr. 61:

Lovens tittel, § 7 tredje og fjerde ledd, § 10 første ledd andre punktum, § 12 første ledd bokstav c
01.01.2001

Endringslov 22. september 2000 nr. 79:

§ 7 tredje ledd bokstav b, § 12 første ledd bokstav c

Innhold:

Kapittel IKva lova gjeld.  Definisjon
§ 1.(kva lova gjeld)
§ 2.(skade som ikkje går inn under lova)
§ 3.(kva det er meint med motorvogn)
Kapittel IISkadebot som trafikktrygdaren skal svara
§ 4.(grunnlaget for skadebot)
§ 5.(skade som ikkje kan krevjast bøtt)
§ 6.(korleis skadebota vert fastsett)
§ 7.(når skadelidaren har medverka til skaden)
§ 8.(samanstøyt og anna)
§ 9.(ansvarsgrense ved skade på eige)
§ 10.(motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje kjend)
Kapittel IIIEige ansvar.  Attsøkjingsrett
§ 11.(ansvar for eigar, brukar, m.m.)
§ 12.(attsøkjingsrett for trygdaren)
§ 13.(attsøkjingsrett når motorvogna skulle vore trygda, men ikkje er det)
§ 14.OPPHEVET
Kapittel IVTrafikktrygding
§ 15.(motorvogner skal vera trygda)
§ 16.(kven som ikkje treng om å trygda seg)
§ 17.(føresegner om trygding mv.)
§ 17 a.(gebyr til Trafikkforsikringsforeningen)
§ 18.(innsøkjing av trygdepremi og eigen vågnadssum)
§ 19.(når ein trygdeavtale held opp å gjelda og ymist anna; samhøve med trygdeavtalelova)
Kapittel VStraffer.  Administrative sanksjonar.  Kva tid lova tek til å gjelda og om brigde i andre lover
§ 20.(straffer)
§ 21.(administrative sanksjonar)
§ 22.(kva tid lova tek til å gjelda)

Denne lova gjeld skadebot for skade som motorvogner gjer på folk eller eige og likeins trygding mot slik skade.

Ein skade går ikkje inn under lova i tilfelle då skaden

  • kjem av at motorvogna vert nytta til anna enn køyredoning, eller
  • er gjord medan vogna er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast, eller
  • er gjord medan vogna er med i organisert trenings- eller konkurransekøyring på lukka bane eller anna avsperra område, og det er teikna forsikring i sam­svar med reglane som gjeld for slik køyring, eller
  • er atomskade som går inn under lov om atomenergivirksomhet, kapittel III om erstatning og forsikring.

Med motorvogn er i denne lova meint køyretøy som vert drive med motor og er laga eller esla til å køyrast på bakken, såleis og trådbuss (trolleybuss), men ikkje køy­retøy som går på skjener.

Eit luftfartøy eller luftputefartøy er ikkje motorvogn, og det er heller ikkje køyretøy som er så laga at det einast kan styrast av folk til fots.

Tilhengjar og anna vedheng til ei motorvogn vert rekna for ein part av vogna når dei vert køyrde i samband med vogna eller er fest til henne i anna høve.  Gjer eller får ein tilhengjar skade i andre tilfelle, vert han halden for serskild motorvogn såframt han er registrert etter vegtrafikklova eller skal vera registrert eller ha eigne kjennemerke.

Kongen kan fastsetja at inkje eller berre sumt av lova skal gjelda for serskilt nemnde motorvogner når han meiner at vognene sjølve eller bruken av dei, er til ser­leg liten fare i vegferdsla.  Reglane i § 8 om samanstøyt og anna gjeld likevel skade som råker slik vogn eller folk eller gods i henne.

Gjer ei motorvogn skade, har skadelidaren krav på skadebot hjå det trygdelaget som vogna er trygda i etter kapitel IV, endå om ingen er skuld i skaden.  Oppreising for ikkje økonomisk skade fell likevel berre inn under trygdelaget sitt ansvar når skadevaldaren fyller vilkåra for ansvar etter lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstat­ning § 3−5.

Ein kan ikkje krevja skadebot etter lova her for skade på motorvogna sjølv med tilhøyrsle, og heller ikkje for skade på gods som vert ført med vogna, frårekna gang­klede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyre­turen som ferdagods, og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade.

Ein kan heller ikkje krevja skadebot etter lova her for skade som nokon får på eiget sitt medan han køyrer motorvogna eller tilhengjaren eller anna vedheng til dei, frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods, og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade.

Skadebota vert fastsett etter vanlege skadebotreglar når ikkje anna er sagt.

Attåt skadebot skal det og svarast rente etter lov om renter ved forsinket betaling m.m. § 3.  Melding om skaden til trygdelaget vert rekna som påkrav, jf. likevel ska­deserstatningsloven § 3−2 a ellevte ledd om renter ved inntektstaperstatning til barn.

Har skadelidaren medverka til skaden med vilje eller i aktløyse, kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort, så nær som når skadelidaren kan leggjast berre lite til last.  Avgjerda skal retta seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles.

Gjer ei motorvogn skade medan ho står still og skaden ikkje vert gjord medan vogna vert sett i gang eller stogga, kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort, jamvel når skadelidaren kan leggjast berre lite til last.

Skadelidaren kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller let seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han visste at vogna var fråvend rette innehavaren med brotsverk.

Skadeliden vognførar som køyrde den vogna som gjorde skaden, kan ikkje få ska­debot utan at særlege grunnar er for det dersom han visste eller måtte vita at

  • vogna vart nytta i samband med eit brotsverk, eller
  • han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder.  Særre­gelen her gjeld likevel ikkje i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd.  Hadde vognføraren større alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,5 promille eller ei alko­holmengd i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon i utandingslufta enn 0,25 milligram per liter luft, vert han i alle tilfelle rekna for påverka av alkohol i høve til regelen her.

Skade som ei motorvogn gjer på ei anna motorvogn eller ei skjenegangsvogn eller på folk eller gods i slike vogner, går inn under trafikktrygdinga åt vogna berre når skaden kjem av

  • at eigaren, brukaren eller køyraren eller nokon annan som var med i vogna, ikkje bar seg forsvarleg åt, eller
  • at vogna ikkje var i orden eller svikta, eller
  • at vogna elles vart køyrd, fråsegsett eller handsama slik at ho kom i strid med gjeldande trafikkreglar.

Var det på skadelidar-sida òg, slike omstende som er nemnde i fyrste leden, av­gjer retten om det skal svarast skadebot etter fyrste leden og då kor stor summen skal vera.  Avgjerda skal retta seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles.

Når eige vert skadd, kan skadebota vera opptil 100 000 000 kroner1 for det som vert skadd i same hending.  Var det meir enn ei vogn som gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret for kvar vogn, for heile summen.

Er skaden på eiget større enn 100 000 000 kroner1, og meir enn éin har lide skade, vert summen bytt mellom dei etter storleiken på kvart skadebotkrav.  Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket eller, om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen som det gjeld, jf. § 16, seinast ein månad etter skaden vart gjord.  Skadelidar som set fram kravet sitt etter den tid og etter at skadebota til andre skadelidarar er utreidd, kan krevja sitt berre av det som står att av ansvars­summen (trygdesummen).

Attåt skadebot som nemnd i paragrafen her, skal det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.

1Beløpsgrensen gjeld frå 1. januar 2020.
Frå 1. januar 2008 til og med 31. desember 2020 var beløpet 10.000.000 kroner.
Frå 11. juni 2007 til og med 31. desember 2007 var beløpet 2.000.000 kroner.

Når ei motorvogn som skulle vore trygda, men ikkje er det, gjer skade på folk eller eige, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei.  Det same gjeld når ei motorvogn som ikkje er trygda, vert nytta urettmessig.  Fyrste og andre punktum gjeld likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna som gjorde skaden, endå skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg trygda.

Har ei motorvogn gjort skade på folk, fast eigedom eller dyr, men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 første ledd bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei.  Fyrste punktum gjeld tilsvarande for skade på anna eige enn fast eigedom og dyr, men berre når det ved hendinga også er gjort meir enn uvesentleg skade på person. I vurderinga av om det er gjort meir enn uvesentleg skade på person, skal det legg­jast vekt på kor stor og varig skaden er.

Når den som eig eller brukar ei motorvogn eller er med i vogna, har ansvar etter vanlege skadebotreglar for skade som går inn under lova her, kan retten minka kravet etter regelen om lemping i lov 13 juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 5−2.

Reglane i § 8 om korleis ansvaret for skade etter samanstøyt og anna skal bytast, gjeld dei som er nemnde i fyrste leden òg, når ein slik har ansvaret for skaden.

Trafikktrygdaren (eller den som er ansvarleg etter § 16) skal bera all skadebot i samsvar med reglane i kapitel II så langt han ikkje kan søkja utlegget att hjå den an­svarlege.

Den summen som ein trygdar lyt reide ut for ei trygda motorvogn etter lova her, kan han krevje att hjå den som eig eller bruker vogna eller var med i henne og som

  • gjorde skaden med vilje eller i grov aktløyse, eller
  • hadde teke rådvelde over vogna med brotsverk eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste at ho var fråvend rette innehavaren med brotsverk, eller
  • sjølv hadde valda at han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døy­vande råder medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka. Dette kravet fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd.  Regelen i § 7 fjerde leden bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande.

Ingen kan trygde seg mot attsøkjingskrav etter paragrafen her.  Avtale om det gjeld ikkje.

Ein trygdar kan ikkje seia frå seg attsøkjingsrett som han har etter paragrafen her. Atterhald om slik attsøkjingsrett i større omfang enn det er sagt her i lova, gjeld ikkje utan det er samhøveleg med reglane i trygdeavtalelova.  Atterhald om slik att­søkjingsrett av de ein ansvarleg har gjort skaden i aktløyse, gjeld berre i dei tilfelle aktløysa er grov.  Retten kan minka attsøkjingskravet etter regelen om lemping i lov 13 juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 5−2.

Dei trygdelaga som har reidd ut skadebot etter § 10 fyrste leden, kan søkja utleg­get att, anten nokon er ansvarleg for skaden etter vanlege skadebotreglar eller ikkje, hjå den som forsømde å trygda motorvogna, eller hjå den som køyrde eller brukte henne då skaden vart gjord, endå han visste eller måtte vita at vogna ikkje var lovleg trygda.  Om motorvogna vert nytta urettmessig, svarar brukaren i staden for eigaren. Kjem det til å verka urimeleg i fall heile kravet lyt svarast, og åtferda er orsakande, kan retten minka kravet.

Har nokon annan ansvaret for skade som ei motorvogn gjer, gjeld reglane i § 12 på tilsvarande måte.

Motorvogn som er registrert eller skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter vegtrafikklova, skal eigaren trafikktrygda for all skade som går inn under kapitel II. Anna motorvogn skal eigaren trafikktrygda om han let vogna verta brukt, faren med eller fråsegsett på slik vis at det kan koma opp skadebotkrav etter denne lova.

Motorvogn som høyrer den norske staten til, treng ikkje vera trygda etter denne lova.

Når departementet samtykkjer, treng heller ikkje motorvogn som høyrer ein fram­and stat eller ein mellomfolkeleg samskipnad til, vera trygda etter denne lova.

I serhøve kan departementet jamvel samtykkja i at ein kommune eller ein kom­munal institusjon let vera å trygda sine motorvogner etter denne lova, anten sume slag motorvogner eller alle slag.

Når ei motorvogn er utrygda etter denne paragrafen, og vogna gjer skade, har sta­ten, eller den kommunen eller den kommunale institusjonen det gjeld, same ansvaret som ein trygdar har etter lovleg trygding og, om inkje anna er avtala, same rett som ein trygdar, til å søkja sine utlegg att hjå andre ansvarlege.

Departementet kan gje nærare føresegner om trafikktrygding, m a om

  • godkjenning eller registrering av trygdelag,
  • krav til trygdelag, trygdeavtalar m v,
  • plikt for trygdelag til å vera medlem i ein samskipnad av trygdelag (Trafikkfor­sikringsforeningen) og om samskipnadens verksemd,
  • i kva grad trygding skal gjelda skade som motorvogn gjer i utlandet, og om ut­reiing av skadebot for slik skade,
  • trygding for utanlandske motorvogner som vert nytta her i riket mellombels,
  • utreiing av skadebot etter § 10, og om korleis slik skadebot skal bytast på tryg­delaga,
  • at motorvogn som ikkje skal trygdast, skal reknast som utrygda etter reglane i bilansvarslova § 10, og om attsøkjingsrett for dei trygdelaga som har reidd ut skadebot for slik skade,
  • trygding for motorvogner som blir ført inn til riket utan å vere registrert her,
  • at alle eller sume slag uregistrerte motorvogner skal ha med lovleg trygdeprov når dei vert køyrde eller fråsegsette på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast.

Departementet kan vidare gje nærare føresegner om oppretting og drift av infor­masjonssenter og erstatningsorgan i samsvar med dei plikter staten har påtatt seg gjennom EØS-avtalen.  I den utstrekning departementet finn det tenleg, kan ein leggje oppgåver i samband med dette til Trafikkforsikringsforeningen.

Om ei motorvogn ikkje er trygda etter § 15 fyste punktum, skal eigaren betale eit gebyr til Trafikkforsikringsforeningen.  Ved eigarskifte skal den nye eigaren betale ge­byr sjølv om trygda frå den tidlegare eigaren gjeld etter forsikringsavtaleloven § 7−2.

Trafikkforsikringsforeningen kan etter søknad ettergi gebyret heilt eller delvis der­som brot på plikta til å tinga trafikktrygding må reknast som unnskuldeleg som følgje av tilhøve utanfor den ansvarlege sin kontroll.

Gebyret skal svare til den høgste premie for trafikktrygding i Noreg med eit tillegg som departementet kan fastsetje ved forskrift.

Trafikkforsikringsforeningen ilegg og krev inn gebyret.

Forvaltningsloven gjeld ikkje for avgjerd om gebyr.

Departementet kan gje nærare føresegner om fastsetjing og gjennomføring av gebyr, under dette om sakshandsaming, varigheita og storleiken på gebyret, om rett til å klage på avgjerd i sak om gebyr eller om ettergiving av gebyr.

Premi for trafikktrygding etter denne lova kan søkjast inn med pantning.

Det same gjeld gebyr etter § 17 a og eigen vågnadssum i samsvar med offentleg god­kjende trygdevilkår.

Om ein trygdeavtale held opp å gjelda, skal Trafikkforsikringsforeningen gi melding til motorvognregisteret om dette.  Kjennemerke kan utan vidare varsel dragast inn etter nærare føresegner gitt av departementet.  I føresegnene kan departementet og fastsetja at kjennemerke som er dregne inn, ikkje skal leverast ut att før det er betalt ei særleg avgift.

Trygdaren skal i betalingsvarsel eller oppseiing til trygdetingaren gjera han kjend med kva fylgje det kan få etter første leden i paragrafen her eller etter § 20 første leden bokstav a og b om han ikkje betalar eller leverar inn kjennemerke og vognkort av eige tiltak.

Trygdaren er ansvarleg for alle fylgjer av ei skadehending som ber til i trygdetida, såleis og for dei som kjem til syne etter at trygdetida er ute.

Reglane i forsikringsavtalelova gjeld for trafikktrygding etter denne lova, så framt ikkje anna er sagt her i lova, eller går fram av samanhengen.  Mellom trygdar og tryg­detingar skal ei trafikktrygding haldast for ansvarstrygding endå om trygdetingaren sjølv ikkje er ansvarleg.  Reglane om foraldring i forsikringsavtalelova § 8−5 og § 8−6 første, andre og fjerde leden gjeld ikkje om skadebot eller attsøkjingskrav etter denne lova.

Om nokon

  • brukar eller køyrer ei motorvogn endå han veit eller må vita at vogna ikkje er lovleg trygda, eller
  • let vera å retta seg etter påbod om trygdeprov, gjevne med heimel i § 17 fyrste leden bokstav i, vert han straffa med bot.

Kongen utpeiker eit eller fleire organ som skal sjå til at trygdelag, skadebehand­lingsrepresentantar, informasjonssenter og erstatningsorgan oppfyller sine plikter etter lover og forskrifter som gjennomfører direktiv 2009/103/EF.

Organet skal ha kompetanse til å gi pålegg om retting ved brot på lover og forskrif­ter nemnt i første ledd.  Dersom pålegg etter første punktum ikkje blir oppfylt, kan or­ganet fastsetje at dei personar eller den institusjonen som skal oppfylle pålegget, skal betale dagleg løpande mulkt til forholdet er retta.  Pålegget om mulkt er tvangsgrunn­lag for utlegg.  Kongen kan fastsetje nærare føresegner i forskrift.

Kongen fastset kva tid lova skal taka til å gjelda.1

1Fra 1. juni 1961 ifølge res. 14. april 1961 nr. 3000.

Relaterte forskrifter og bestemmelser