Forskrift 22. april 2026 nr. 633

om tildeling av handhevingsmyndigheit til
Aurland kommune, Vestland

(Forskrift om tildeling av håndhevingsmyndighet, Aurland)

Innhold:

§ 1.Formål og verkeområde
§ 2.Krav til handheving
§ 3.Krav til tilsette
§ 4.Kommunesamarbeid
§ 5.Informasjon ved endra forhold
§ 6.Iverksetjing

Aurland kommune blir gjennom denne forskrifta, tildelt myndigheit til handheving av brot på forbod om stans og parkering i heile kommunen, jf. vegtrafikkloven § 31a andre ledd og § 37 fjerde ledd, jf. forskrift om offentlig parkeringsgebyr § 3 og § 9 jf. parkeringsforskriften § 7 fjerde ledd.

Ved ikraftsetjing av forskrifta kan Aurland kommune utøve same myndigheit som etter lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk §§ 31a og 37, er gitt til politiet.

Handheving skal skje i tråd med dei til kvar tid gjeldande lover og forskrifter.  Den tildelte myndigheita omfattar heile kommunen og alle brot på forbod om stans og brot på parkeringsreglar som kan medføre parkeringsgebyr, jf. forskrift om offentleg par­keringsgebyr § 3 tredje ledd.

Både den som utfører kontrolltenesta, og den som skal saksbehandle, må vere til­sett i kommunen.

Kommunalt eigd selskap skal òg reknast som kommunen, jf. kommunelova § 9−1 andre ledd.  Ved eventuelt inngått kommunesamarbeid som omtalt i forskrifta her § 4, kan den eller dei som utfører kontrollteneste og dei som er saksbehandlarar, vere til­sette i den samarbeidande kommunen.

Aurland kommune må sørge for at dei tilsette har fått tilfredsstillande opplæring, jf. forskrift om offentlig parkeringsgebyr § 3 femte ledd.  I kommunar der det òg blir til­bydd vilkårsparkering for allmenta, gjeld det i tillegg nærare krav til opplæring i par­keringsforskrifta § 9.

Tilsette som utfører kontrollteneste, skal vere uniformerte.  Dersom føraren krev det, skal vedkomande legitimere seg, eventuelt ved bruk av tenestenummer.

Kommunar kan samarbeide om handheving av stans- og parkeringsbrot i samsvar med reglane i kommunelova.  Med samarbeid er det òg meint at heile oppgåva kan setjast bort.  Føresetnaden er likevel at kommunen som overtek oppgåva også er tildelt parkeringsmyndigheit.

Aurland kommune skal informere Vegdirektoratet dersom det skjer endringar som kan ha betydning for tildelinga.

Forskrifta trer i kraft 22. april 2026.