Forskrift 10. mars 2016 nr. 250
for løypenett for fritidskøyring med snøskuter,
Vinje kommune, Telemark
(Forskrift om snøscooterløyper, Vinje)
Fastsett av Vinje kommunestyre 10. mars 2016 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4a.
Endret ved forskrift 12. desember 2019 nr. 2186.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
12.12.2019 | Endringsforskrift 12. desember 2019 nr. 2186: § 9 ny løype (eller endret løypenr.) 1A, 4A, 5A, 7A, 7B, 8A, 8B, 9A, 9B og 9C, endret løype 8 og 9, fjernet løype 7 (er nå blitt løype 7A, 7B og 8A, og del av løype 8) |
10.03.2016 | Ikrafttredelse |
UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER
«traseen» rettet til «traséen»
«… Statens Vegvesen sitt regionkontor …» endret til
«… Statens vegvesen …»
Merknad:
«Statens vegvesen» skal skrives med stor forbokstav kun i det første ordet.
I forbindelse med pågående omorganisering av Statens vegvesen, hvor bl.a. bruk av benevnelsen regionvegkontor forsvinner, er også teksten «sitt regionkontor» blitt fjernet.
Manglende punktum i forkortelse:
«… Maks fart …» endret til «… Maks. fart …»
Ordet «merkast står mellom anførselstegnene, og manglende stor bokstav i teksten mellom anførselstegnene:
«… det «merkast rasting forbode» ved …» endret til
«… det merkast «Rasting forbode» ved …»
Merknad:
For teksten mellom anførselstegnene er det også brukt fet skrifttype for å markere at dette er en skilttekst.
Innhold:
§ 1. | Føremål |
§ 2. | Ansvar og roller |
§ 3. | Virkeområde |
§ 4. | Løyve til køyring i løypenettet |
§ 4−1. | Årsløyve |
§ 4−2. | Døgnløyve |
§ 4−3. | Turistløyve |
§ 5. | Køyretider |
§ 6. | Løypebreidde |
§ 7. | Fartsgrenser |
§ 8. | Sanksjonar for brot på forskrifta |
§ 9. | Enkeltløyper i løypenettet |
§ 10. | Drift og vedlikehald |
Vedlegg:
Kartvedlegg | Kartvedlegg |
Kart | Kart over snøscooterløyper i Vinje kommune |
Føremålet med forskrifta er å kanalisere ferdsla av fritidskøyring med snøskuter for å minimere omfanget av ulovleg køyring med snøskuter i utmark, og balansere interessene til snøskuterkøyrarar, friluftsliv, naturmangfald, hytteeigarar, innbyggjarar og grunneigarar i Vinje kommune.
Vinje kommune er ansvarleg for løypenettet.
Snøskuterklubbane Rauland, Møsstrond og Haukeli kan etter avtale med kommunen drifte og vedlikehalde løypenettet.
Snøskutersjåførar har ansvar for eigen tryggleik. All køyring skjer på eige ansvar.
Grunneigarar har ikkje erstatningsansvar for hendingar som skjer på sin eigedom.
Forskrifta gjeld for køyring med snøskuter på trasear i samsvar med vedlagt kart.
Følgjande aktivitetar er i samsvar med forskrifta:
Traseane for snøskuterløyper er også vist som informasjon i kommuneplanens arealdel.
Forskrifta tek berre føre seg køyring med snøskuter i trasear for fritidskøyring. Andre køyreløyve og landingsløyve i utmark blir handsama etter motorferdselsplanen og motorferdselslova med forskrifter.
Løypetraseane kan berre bli nytta av snøskuter (beltemotorsykkel). Andre motorkøyretøy, som ATV med belte, skal ikkje brukast i løypenettet. Unntaket frå denne regelen er køyretøy nytta av tilretteleggjar i samband med preparering av traseane, jf. § 8.
Det må kjøpast eit personleg køyreløyve før køyring i løypenettet. Følgjande køyreløyve kan bli gitt for fritidskøyring i snøskuterløypenettet:
Prisen på dei ulike løyva blir teke inn i kommunen sitt gebyrregulativ kvart år. Utsalsstad for køyreløyve blir kunngjort i samband med opning av løypenettet.
Køyreløyvet skal alltid vera med under køyring. Alle køyreløyve gjeld berre for registrerte snøskuterar.
Det kan gjevast opp til 400 årsløyve til fritidskøyring med snøskuter i løypenettet. Køyreløyvet er personleg. Vilkår for å få køyreløyve er:
I tillegg skal kvar eigedom der snøskutertraseen kryssar ha høve til å kjøpe eitt løyve, på same vilkår som punkta over.
Årsløyvet gjeld frå 1. januar til 31. desember. Alle som får årsløyve må kunne stille seg disponible for oppgåver som skilting og ettersyn av løypenettet i løpet av sesongen.
1 | For meir detaljar, sjå førarkortforskrifta. |
Det kan løyvast opptil 20 døgnløyve for køyring med snøskuter i døgnet. Vilkår for å få døgnløyve er førarkort klasse S eller andre klasser som gjev føraren rett til å føre snøskuter. Døgnløyva er personlege og gjeld den datoen som stend i løyvet frå kl. 05.00 til kl. 24.00.
Det kan kjøpast døgnløyve for opptil 3 samanhengande dagar om gongen.
Det kan gjevast eitt køyreløyve til opptil 5 bedrifter om tilbyr organisert turkøyring. Vilkår for å få turistløyve er at bedrifta er registrert i einingsregisteret og driv med turistføremål.
Turistløyvet gjeld frå 1. januar til 31. desember. Eitt turistløyve gjev éin guide rett til å følgje opptil 10 snøskuterar om gongen.
Guide må ha førarrett i klasse S. Bedrifta må ha løyve frå Statens vegvesen for å arrangere gruppeturar med deltakarar som ikkje har førarrett i klasse S1. Før alle turar skal alle deltakarane gå gjennom opplæring på bruk av snøskuter og ein sikkerheitsgjennomgang.
Gruppeturar er berre lov langs trasé 1, 2 og 6 mellom kl. 09.00 og kl. 19.00.
1 | Jf. førerkortforskriften § 12−5. Særregler for beltemotorsykler. |
Løypene kan berre brukast når heile traséen er dekt av berande vintersnø. Løypa skal stengast dersom snødekket er så tynt at terrenget under tek skade. Etter 5. mai er all køyring ulovleg1.
Køyring i løypenettet er tillate mellom kl. 05.00 og 24.00 for årsløyve og døgnløyve.
Turistløyve kan berre brukast mellom kl. 09.00 og 19.00.
Løypene blir opna så snart merkinga er på plass. Tilsvarande skal merka takast ned samstundes med at løypenettet blir stengt.
Opning og stenging av løypene skal varslast til medlemmar i snøskuterklubbane og annonserast på kommunens nettsider og sosiale media.
Der løypa går over islagte vatn skal kvaliteten på isen bli vurdert gjennom vinteren. Løypa kan berre vere open når stålisen er 10 cm eller tykkare.
Kommunen kan i løpet av sesongen stenge løypene med umiddelbar verknad.
Maksimal breidde på løypene er 5 meter. Rasting er lov opp til 30 meter ut frå traseane. Køyring for rasting skal skje rett ut frå traseen. Det er ikkje lov å køyre parallelt med snøskuterløypene.
Fartsgrenser skal vera i tråd med gjeldande lovverk. Generell øvre fartsgrense i løypenettet er 70 km i timen. Med slede utan passasjerar må det ikkje køyrast fortare enn 60 km i timen. Med passasjerar på sleden kan farta ikkje vera raskare enn 40 km i timen1.
Farta kan reduserast av følgjande sikkerheitsmessige omsyn:
Lista er ikkje uttømmande. Kommunen, skuterklubbane eller politiet kan innføre fleire fartsrestriksjonar ved behov.
Område med reduserte fartsgrenser skal merkast tydeleg.
1 | Jf. forskrift 14. desember 2001 nr. 1412 om kjøring med motorvogn i terrenget og på veg ikke åpen for alminnelig ferdsel. Ved motstrid gjeld forskrift om køyring med motorvogn i terreng framfor denne kommunale forskrifta. |
Forsettleg eller uaktsamt brot på forskrifta blir bøtlagt etter reglane i motorferdselslova § 12, § 12a og § 12b.
Kommunen kan vurdere å stenge trasear ved behov.
Løypenettet er sett i hop av følgjande løyper:
Løype 1 | Vierli – Haug Frå Vierli skal fartsgrensa vera 40 km/t på ein strekning på 1,7 km. Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. |
Løype 1A | Brattås – Skinnarland Tjukkleik på is må kontrollerast før løypa kan opnast for sesongen, og ved regelmessige intervall i løpet av sesongen. |
Løype 2 | Raulandsgrend – Kråmviki Langs Kråmvikvegen skal øvre fartsgrense vera 30 km/t der løypa passerar nærare enn 50 meter frå hytter. Nord for Sveige bru skal det merkast «Rasting forbode» ved kulturminnelokasjonane ID 134864 (sør-aust for Bakketjønnane) og ID 134807 på Løyning. Sekundær trasé er langs Kråmvikvegen. Denne skal nyttast dersom snøtilhøva langs løypenettet er for dårlege, så sant Kråmvikvegen er farbar for snøskuter. Kråmvikvegen må stikkast og opnast før ferdsel er lovleg. |
Løype 3 | Rauland – Ådalen – Kråmvikvegen Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. |
Løype 4 | Raulandsgrend – Krossen Gjennom bustadområdet på Haddland og Rauland sentrum skal fartsgrensa settast til 40 km/t. |
Løype 4A | Haddeland – Kostveit Tjukkleik på is må kontrollerast før løypa kan opnast for sesongen, og ved regelmessige intervall i løpet av sesongen. |
Løype 5 | Øyfjell – Krossen Langs Flærstøylvegen skal fartsgrensa vera 30 km/t. Det skal vera full stopp før snøskuterar kan køyre inn på vegen. |
Løype 5A | Straume – Drivarbekk Fartsgrensa skal vere 40 km/t. Det er ikkje lov med rasting langs traseen. Løypa skal stengast 1. april av omsyn til fugleliv i området. Tjukkleik på is må kontrollerast på alle vatn langs traseen før løypa kan opnast for sesongen, og ved regelmessige intervall i løpet av sesongen. |
Løype 6 | Songakrysset – Trolldalsdammen Det skal tydeleg merkast med skilt at løypa stoppar på Trolldalsdammen. |
Løype 7 | Edland – Gravdalen – Raulandsgrend (FJERNET – er nå blitt løype 7A, 7B og 8A, og del av løype 8.) |
Løype 7A | Haddeland – Våmartveit Tjukkleik på is må kontrollerast før løypa kan opnast for sesongen, og ved regelmessige intervall i løpet av sesongen. |
Løype 7B | Araodden/Moen – Våmartveit Tjukkleik på is må kontrollerast før løypa kan opnast for sesongen, og ved regelmessige intervall i løpet av sesongen. |
Løype 8 | Songakrysset – Araodden/Moen Ved Kyrkjestøylen skal farta reduserast til 40 km/t. |
Løype 8A | Edland – Gravdalen Løypa skal tydeleg skiltast med skilt for skredfare der ho gjeng gjennom skredfarleg område. |
Løype 8B | Arabygde – Araodden/Moen Tjukkleik på is må kontrollerast før løypa kan opnast for sesongen, og ved regelmessige intervall i løpet av sesongen. |
Løype 9 | Hyllandshylen – Våmartveit – Totak Det skal tydeleg merkast at skiløypa gjeng parallelt med skuterløypa, og kva del av løypa som skal nyttast til snøskuterkøyring og skiturar. Fartsgrensa skal vera 40 km/t. Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. |
Løype 9A | Teigland, Ormetveit, Brekka – Stokkli Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. |
Løype 9B | Vesås – Våmartveitvegen Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. |
Løype 9C | Bøgrend – Våmartveitvegen Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. Øvre fartsgrense skal vera 30 km/t ut frå Bøgrend der det er innmark. |
Løype 10 | Haukeliheia Det skal tydeleg merkast der løypa snur på Haukeliheia. |