Forskrift 7. desember 2017 nr. 2541
for kommunalt løypenett for snøscooter,
Hægebostad kommune, Vest-Agder
(Forskrift om snøscooterløyper, Hægebostad)
Fastsett av Hægebostad kommunestyre 7. desember 2017 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4a.
Endret ved forskrift [7. desember 2017 nr. 2541].
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
17.09.2020 | Endringsforskrift [7. desember 2017 nr. 2541]: Forskriften kunngjort på nytt med mindre endringer:Hjemmel, § 4 tredje ledd blir andre ledd nytt tredje punktum (nåværende fjerde til sjette ledd blir tredje til femte ledd), § 5 andre ledd blir første ledd nytt andre punktum, § 7 tredje ledd, femte ledd femte strekpunkt, § 9 fjerde ledd blir tredje ledd nytt andre punktum (nåværende femte til syvende ledd blir fjerde til sjette ledd) |
07.12.2017 | Ikrafttredelse |
UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER
«veitrafikkloven» rettet til «vegtrafikkloven»
«km/h» rettet til «km/t»
«veitrafikkloven» rettet til «vegtrafikkloven»
Innhold:
§ 1. | Formål |
§ 2. | Virkeområde |
§ 3. | Opning og stenging av løypenettet |
§ 4. | Bruk av løypenettet |
§ 5. | Vikeplikt |
§ 6. | Skilting og merking |
§ 7. | Drift og tilsyn med løypenettet |
§ 8. | Løypebreidde |
§ 9. | Parkering og rasting |
§ 10. | Køyreløyve og gebyr |
§ 11. | Løypenettet i opplæringssamanheng |
§ 12. | Straffeansvar |
§ 13. | Ikrafttreden |
Vedlegg:
Vedlegg 1 | Kartvedlegg |
Kart | Kart over snøscooterløyper i Hægebostad kommune |
Forskrifta skal ut frå ei heilskapeleg vurdering gje føresegner om bruken av løypenett for snøscooter i Hægebostad kommune.
Forskrifta gir føresegner om bruken av løypenettet for snøscooter i Hægebostad kommune, slik som køyrefart og køyretider. Føresegna heimlar kun køyring med typegodkjent og registrert snøscooter (beltemotorsykkel).
Vedlegg 1 viser kva løypetrasear som kan opnast for rekreasjonskøyring med snøscooter.
Løypenettet blir opna tidlegast 1. desember og blir stengt seinast 25. april.
Marka skal vere dekka med eit godt lag med snø før løypene skal vere opne.
Opning og stenging skal kunngjerast på heimesida til kommunen, og ved løypenes startpunkt.
Det er køyreforbod i løypenettet frå klokka 23:30 til 07:00.
Kommunen kan stenge løypenettet med umiddelbar verknad dersom det oppstår forhold som gjer dette naudsynt, til dømes særleg stor skredfare.
For løypenettet i kommunen gjeld dei nasjonale føresegnene for fart etter vegtrafikkloven. Maksimal hastigheit er 60 km/t. Farten skal tilpassast lokale forhold.
Det må køyrast med redusert hastigheit (inntil 20 km/t) i områda der løypene startar og ved passering av hytter eller bustader med kort avstand (<50 m). Maksimal hastigheit ved kryssing av veg er 20 km/t1. Dette skal skiltast på dei aktuelle stadene.
Det er påbode med hjelm2 både for førar og passasjer3.
Ferdsel i løypenettet skjer på eige ansvar. Ein kvar har ansvar for eigen sikkerheit og sikkerheitsvurdering. Brukarar av løypenettet må spesielt vurdere islagte vatn før de køyrer ut på vatnet.
All ferdsle skal skje så skånsamt som mogleg, av omsyn til planteliv, dyreliv og friluftsliv.
1 | Motstrid med annet nåværende og gjeldende regelverk: I henhold til bestemmelser gitt av Vegdirektoratet og fastsatt ved kgl.res. i 2001 med hjemmel i vegtrafikkloven, er lovlig maksimal hastighet 30 km/t ved kjøring med snøscooter på offentlig veg, herunder også ved kryssing av vegen, jf. forskrift om forbud mot bruk av beltemotorsykkel (snøscooter) på offentlig veg § 6 første ledd.
| ||
2 | Under kjøring med snøscooter er det, i stedet for styrthjelm (scooterhjelm, crosshjelm, MC-hjelm e.l.) som er E-merket og godkjent iht. ECE-regulativ 22, tillatt å bruke alpinhjelm (skihjelm) som er CE-merket og godkjent iht. EN 1077 standarden, jf. forskrift om bruk av personlig verneutstyr under kjøring med motorvogn § 2 andre ledd bokstav g. | ||
3 | Påbud om bruk av hjelm for passasjer gjelder også for passasjer(er) i slede e.l. som trekkes av snøscooter, jf. forskrift om bruk av personlig verneutstyr under kjøring med motorvogn § 2 første ledd. |
Førar av snøscooter har alltid vikeplikt for skiløparar/anna ferdsel. Elles gjeld reglane i vegtrafikkloven.
Løypenettet skal skiltast og merkast i samsvar med gjeldande rettleiar/standard for merking av snøscooterløyper. Midlertidige skilt og anna merking skal fjernast ved stenging av løyper.
Vinterstid skal ein med jamne mellomrom utføre prøveboring og sjekke at det er forsvarleg tjukkleik på is.
Større og mindre bekkar skal kontrollerast gjennom sesongen. Dersom bekkane kan vere til fare for tryggleiken er det krav om stenging, eventuelt mellombels mindre omlegging av trase innafor ein radius på 50 meter.
Der tre og steinblokkar kan utgjere ein særleg fare skal det skiltast særskilt ev. også nedsett tillate hastigheit.
Kommunen kan setje bort det praktiske arbeidet til lag og organisasjoner etter avtale.
Før løypene kan takast i bruk er det ein føresetnad at det vert inngått ein avtale som avklarar følgjande tilhøve:
Snøscooter som vert parkert ved løypenettet, skal plasserast slik at den ikkje hindrar eller er til fare for anna ferdsel.
Parallellkøyring langs løypa er ikkje tillatt.
Maksimal hastigheit ved køyring utanfor løypa i samband med rasting er 20 km/t. Det er bare køyring i rett line ut frå løypa som er tillatt ved rasting.
Ved rasting eller parkering av snøscooter skal snøscooteren stå i ro inntil rasting/ parkering er ferdig og ein er klar til å forlate området.
Generell regel for rasting er at det tillatast rasting/parkering inntil < 30 m > på kvar side av løypenettet, unntak frå generell regel er følgjande:
Ved arrangement i regi av lag/foreningar/andre kan rasting/arrangement kun haldast på stader i løypenettet som er merka med rasteplass.
Det må kjøpast eit personleg køyreløyve før køyring i løypenettet. Det kan selgast køyreløyve for enkeltdager og for sesong.
Utsalsstader for køyreløyve vert kunngjort samstundes som opning i løypenettet.
Løypenettet kan brukast av godkjente trafikkskuler for opplæring til førarkort for snøscooter. Det må då kjøpast løyve tilsvarande det antal elevar dei har i opplæring.
Køyring i løypenettet utan køyreløyve, medfører tilleggsgebyr.
Overtredelse av nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag fører til anmelding.
Det blir for øvrig vist til motorferdsellovens § 12 (straffeansvar):
«Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer denne lov eller forskrifter, regler eller vilkår fastsatt i medhold av loven, eller medvirker hertil, straffes med bøter.»