Forskrift 28. juni 2018 nr. 1133

om motorferdsel med motorfartøy i utmark og vassdrag, Vinje kommune, Telemark

(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vinje)

Fastsett av Vinje kommunestyre 28. juni 2018 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5.

Innhold:

§ 1.Føremål
§ 2.Verkeområde
§ 3.Generelle reglar
§ 4.Ferdsle med motorfartøy på vatn under 2 km²
§ 5.Landing og start med luftfartøy – ikkje søknadspliktig
§ 6.Landing og start med luftfartøy etter søknad
§ 7.Vasskuter
§ 8.Ikraftsetjing og oppheving

Føremålet med denne forskrifta er ut frå eit samfunnsmessig heilskapssyn å regu­lere motorferdsla i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivnaden.

Forskrifta gjeld for Vinje Kommune.  Forskrifta utfyller det regelverket som er gjeve i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, samt nasjonale for­skrifter gjevne i medhald av lova.

Med motorferdsle meiner ein i denne forskrifta bruk av køyretøy (bil, traktor, mo­torsykkel, beltebil, snøskuter o.l.) og båt eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor, samt landing og start med motordrive luftfartøy.

Med motorkøyretøy meiner ein i denne forskrifta bil, traktor, motorsykkel, belte­bil, snøskuter o.l.

Med motorfartøy meiner ein i denne forskrifta båt eller anna flytande eller svev­ande fartøy drive med motor.

I samband med motorisert ferdsle i utmark gjeld fylgjande generelle reglar:

  • All motorferdsle i utmark krev samtykke frå grunneigar.
  • All motorferdsle i utmark skal skje omsynsfullt og på ein skånsam måte slik at det ikkje oppstår skade på person, natur eller eigedom, eller at ferdsla er til unødig sjenanse for andre.

Ferdsle med motorfartøy er tillate på vatn under 2 km² utanfor Hardangervidda nasjonalpark og andre verneområde i samband med jakt og garnfiske, og stadbunden næring.

Ferdsle med båt som har større motor enn 10 HK er forbode på vatn under 2 km².

Utover det som er direkte heimla i lov, er landing og start med luftfartøy i utmark utanfor Hardangervidda nasjonalpark og andre verneområde tillate for fylgjande føre­mål:

  • nødvendig transport av materialar og utstyr til bygging i samsvar med bygge­løyve.
  • nødvendig transport i samband med tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg
  • transport av personar og utstyr i samband med jakt på storvilt, og fiskekul­tivering (min. 25 garndøger), i perioden 3 dagar før og 3 dagar etter jakta. Dette utførast av selskap eller personar, som driv ervervmessig luftfart.  Logg over slike oppdrag, sendes kommunen av utførande selskap, innan utgangen av året.

    Følgjande landingsområde kan nyttas:

    • Vest for Songa; Mannevatn, Årmotvatn, Vassdalsvatnet, Øvre Edlandgrø­vatn, Sandvatn (v/Songa)
    • Vest for Møsvatn; Vesle Bitdalsvatn, Den vide hola, Kolsnutlægi (Kolsnut­lega), Vonskinvatnet, Reinarvatnet, Krakavasstjønnan, Midtjønn (Me­tjønn),
    • Aust for Møsvatn; Øvre Tuddøltjønn (1299), Vråsjåen.
    • Setesdal vesthei; Ingelsvatn, Skurevatn.
    • Setesdal austhei; Rasteintjønn, Gurivatn.

    Landing med helikopter må skje maks 100 m frå vasskanten.

    Fast startplass er ved: Songa, Haukeliseter, og Møsvatn ved dammen.

  • nødvendig transport i samband med vitskapelege undersøkingar etter oppdrag frå forskingsinstitusjon,
  • Ståvatn ved Haukeliseter, Møsvatn ved dammen på Vinje kommune sitt om­råde, samt Lognvikvatn, kan nyttast som landingsplass for alle.
  • Uthenting av elg-/hjorteslakt med lang line, der det har falle.  Logg over slike oppdrag, sendes kommunen av utførande selskap, innan utgangen av året.

Kommunen kan etter søknad gi løyve til landing og start med luftfartøy i utmark for fylgjande føremål:

  • nødvendig transport av materialar og utstyr i samband med vedlikehald og min­dre tiltak som er unnatekne byggesakshandsaming,
  • nødvendig transport av brensel, utstyr og proviant til hytter og buer,
  • nødvendig transport i samband med jakt, fiskekultiveringstiltak og anna, utover det som er nemnt i § 5 c).
  • Ved transport av funksjonshemma/eldre.

Det er eit generelt forbod mot all bruk av vasskuter i Vinje kommune.

Forskrifta tek til å gjelde så snart ho er kunngjord i Norsk Lovtidend.1

Frå same tid blir forskrift 22. juni 2017 nr. 1155 om motorferdsel i utmark og vass­drag, Vinje kommune, Telemark oppheva.

1I kraft 5. juli 2018.