Forskrift 22. juni 2017 nr. 1155
om motorferdsel i utmark og vassdrag,
Vinje kommune, Telemark
(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vinje)
Fastsett av Vinje kommunestyre 22. juni 2017 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5.
Opphevet ved forskrift 28. juni 2018 nr. 1133.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
05.07.2018 | OPPHEVET |
07.07.2017 | Ikrafttredelse |
Føremålet med denne forskrifta er ut frå eit samfunnsmessig heilskapssyn å regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivnaden.
Forskrifta gjeld for Vinje kommune. Forskrifta utfyller det regelverket som er gitt i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, samt nasjonale forskrifter gitt i medhald av lova.
Med motorferdsel meiner ein i denne forskrifta bruk av køyretøy (bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøskuter o.l.) og båt eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor, samt landing og start med motordrive luftfartøy.
Med motorkøyretøy meiner ein i denne forskrifta bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøskuter o.l.
Med motorfartøy meiner ein i denne forskrifta båt eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor.
I samband med motorisert ferdsel i utmark gjeld følgjande generelle reglar:
Ferdsel med motorfartøy er tillate på vatn under 2 km² utanfor Hardangervidda nasjonalpark og andre verneområde i samband med jakt, garnfiske og stadbunden næring.
Ferdsel med båt som har større motor enn 10 HK er forbode på vatn under 2 km².
Utover det som er direkte heimla i lov, er landing og start med luftfartøy i utmark utanfor Hardangervidda nasjonalpark og andre verneområde tillate for følgjande føremål:
Kommunen kan etter søknad gi løyve til landing og start med luftfartøy i utmark for følgjande føremål: