Forskrift 12. november 2015 nr. 1425

om motorferdsel i utmark og vassdrag,
Vestre Slidre kommune, Oppland

(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vestre Slidre)

Innhold:

§ 1.Verkeområde
§ 2.Føresegner for motorfartøy og luftfartøy
§ 3.Føresegner for bruk av motorkjøretøy på vinterføre
§ 4.Iverksetjing

Forskrifta utfyller ovafor nemnde lov om motorferdsel i utmark og nasjonal forskrift og regulerer ikkje føremål som er nemnt i motorferdsellova § 4 fyrste ledd og nasjonal forskrift § 2 fyrste ledd.

Bruk av motorfartøy (båtar) i medhald av motorferdsellova § 4 tredje ledd

Ferdsel på innsjø større eller lik 2 km²:

På vatn eller elvestrekning mindre enn 2 km² er ferdsel med motorfartøy ikkje til­late, sjølv om desse inngår som del av farbart vassdrag.  Motorfartøy omfattar både forbrenningsmotor og elektrisk motor.

Bruk av luftfartøy:

Start og landing med luftfartøy er tillate på Storfjorden og Slidrefjorden og den del av Øyangen og Strandefjorden som ligg i Vestre Slidre.

Generelt

Transportbehov skal primært dekkast ved leigekjøring.  Løyve tildelast innanbygds­buande som helst kombinerer slik transport som er direkte heimla i lov eller forskrift.

Løyve for leigekjøring tildelast for ei periode på 4 år, og kjøring skal skje etter nærare fastsette vilkår.  Ved brot på fastsette vilkår kan løyvet inndragast.

Føresegn for kjøring i medhald av nasjonal forskrift § 3 andre ledd.

  • Generelt skal all kjøring heimla i nasjonal forskrift § 3 skje etter transportløype for snøskuter i kvar tid gjeldande løypeplan.  Når transportløype ikkje kan brukast, kan kjøring skje etter trase for sommarveg, langs skiløype.  Kjøring skal om mogleg foregå på kvardag.
  • Kjøring med heimel i nasjonal forskrift § 3 bokstav e skal foregå etter kvar tid gjeldande løypeplan for kommunen
  • Vintersesongen reknast fram til 1. mai.  Kjøring etter den tid er forbode.  Dei som er tildelt løyve for motorisert ferdsel i utmark skal levere kjørebok til kom­munen innan 15 mai kvart år.  Kjørebok skal førast fortløpande og skal kunne framvisast ved kontroll.  Kjørebok skal minimum innehalde opplysningar om dato, kjørestrekning, oppdragsgjevar, telefonnr. til oppdragsgjevar og om mog­leg signatur til oppdragsgjevar.

Denne forskrifta gjeld frå den tid den er offentleggjort i Norsk Lovtidend.1

1I kraft 11. desember 2015.