Forskrift 24. oktober 2002 nr. 1880

om motorferdsel i utmark og vassdrag,
Øystre Slidre kommune, Oppland

(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Øystre Slidre)

Innhold:

(del 1)Virkeområde
(del 2)Føresegner for motorfartøy og luftfartøy
(del 3)Føresegner for bruk av motorkjøretøy på vinterføre
(del 4)Søknadshandsaming – dispensasjoner
(del 5)Ikrafttreden

Føresegna utfyller føresegnene som er gjevne i motorferdsellova og nasjonal føre­segn.  Føresegna regulerer ikkje formål som er nemd i motorferdselloven § 4 fyrste ledd og nasjonal føresegn § 2 fyrste ledd.

  • Føresegner i medhald av motorferdselloven § 4 tredje ledd (ferdsel på innsjøer større eller lik 2 km²):
    • På følgjande innsjøer med areal større enn lik 2 km² er ferdsel med mo­torfartøy tillate:  Vinstervatnet m/øvre Bjørnhølen, Sandvatnet, Olevatnet, Øyangen (Beito), Heggefjorden, og Volbufjorden.
    • På Finnefjorden og Yddin samt innsjøer med areal mindre enn 2 km² er ferdsel med motorfartøy ikkje tillate.  Motorfartøy omfatter fartøy både med forbrenningsmotor og elektrisk motor.
    • På Vinstervatnet m/Øvre Bjørnhølen og den del av Øyangen som ligg i Øystre Slidre kan det nyttast motorfartøy med maksimal motorstyrke på 10 HK.  På Sandvatnet, Olevatnet, Heggefjorden og Volbufjorden kan det nyttast motorfartøy med maksimal motorstyrke på 6 HK.
    • På Olevatnet, og Volbufjorden er det i strandsona innafor ein avstand på 50 m maksimalt tillate fart 5 knop (9,3 km/t).  På Heggefjorden sør for ei rett linje mellom Skjæret på vestsida og grenseodde mellom 27/18 og 27/4 ved Furustrand friluftsområde samt i strandsone innafor avstand på 50 m er maksimal tillate fart 5 knop (9,3 km/t).  Bruk av motorfartøy er ikkje tillate innafor markert badesone utafor Furustrand friluftsområde.
    • På Volbufjorden og den del av Øyangen som ligg i Øystre Slidre sør for ei rett linje vestover frå Houganeset er det tillate med inntil 40 HK motor etter søknad ved bruk til vannsport.
    • Det er ikkje tillate med motorferdsel på elvestrekninger eller vatn mindre enn 2 km², sjølv om disse inngår som delar av farbart vassdrag.
    • Det er forbod mot å nytte vannskuter eller liknande fartøy i kommunen.
  • Føresegner i medhald av motorferdsellova § 5 (gjeld i den tida innsjøene er is­frie):
    • Utover vitskaplege undersøkingar som dyretellinger og liknande undersøk­ingar i offentleg regi, er adgang til landing og start med luftfartøy avgren­sa til Volbufjorden og den del av Øyangen (Beito) som ligg i Øystre Slidre.

Generelt

Transportbehovet skal primært dekkjast via leigekjøring.  Løyve tildelast inna­bygdsbuande som helst kombinerer slik transport med transport som er direkte heimla i love eller forskrift.

Løyve for leigekjøring tildelast for ei periode på 4 år, og kjøring skal skje etter nærare fastsette vilkår.  Ved brot på fastsette vilkår kan løyvet inndragast.

  • Føresegner for kjøring i medhald av nasjonal føresegn § 3 andre ledd:
    • Generelt skal all kjøring heimla i nasjonal føresegn § 3 om mogleg foregå etter trasé for sommerveg, langs skiløypetrasé og ev. etter fastsett snø­skutertrasé.  Kjøring skal om mogeleg foregå på kvardager.
    • Kjøring med heimel i nasjonal føresegn § 3 bokstav e skal foregå etter til kvar tid gjeldande løypeplan for kommunen.
    • Vintersesongen reknast fram til 1. mai.  Kommunen kan krevje at melding om tidsrom, tal på turer og trasévalg vert innlevert.
  • Søknadsskjema med mer
    • Søknad om dispensasjon skal fremjast på fastlagt skjema.
    • Søknader med heimel i nasjonal føresegn § 5 bokstav b skal vedlegges legeattest av nyare dato.
  • Dispensasjoner frå føresegner i lokal føresegn
    • Rådmannen kan ved særskilt høve dispensere frå føresegnene om farts­begrensning og motorstyrke, jf. punkt 1 bokstavene c – f.
    • Rådmannen kan ved særskilt høve dispensere frå føresegn om start og landing med luftfartøy, jf. pkt. 2 bokstav a.
    • Rådmannen kan ved særskilt høve dispensere for kjøring etter 1. mai, jf. pkt. 3 bokstav c.

Denne føresegna trer i kraft 24. oktober 2002.  Tidlegare føresegn av 19. mai 1978 held samstundes opp å gjelda.