Forskrift 24. juni 1996 nr. 859

om motorisert ferdsel i vassdrag
og landing og start med luftfartøy,
Sel kommune, Oppland

(Forskrift om motorferdsel på vassdrag
og landing og start med luftfartøy, Sel)

Fastsett av Sel kommunestyre 24. juni 1996 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4, § 5 bokstav a og b.

Opphevet ved forskrift 17. juni 2019 nr. 902.

ENDRINGSHISTORIKK

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
26.06.2019OPPHEVET
01.07.1996Ikrafttredelse

Innhold:

§ 1.Føremål
§ 2.Verkeområde
§ 3.Dispensasjon
§ 4.Motorisert ferdsel i vassdrag
§ 5.Start og landing med luftfartøy er ikkje tillete i utmark eller vassdrag
§ 6.Ansvar og straff
§ 7.Ikraftsetting

Føremålet med forskrifta er å regulere høve til motorisert ferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy i utmark og vassdrag.

Etter skriftleg søknad kan rådmannen dispensere frå reglane i denne forskrifta. Vurdering av søknaden skal følgje reglane i § 6 og § 7 i nasjonal forskrift om bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

  • Motorisert ferdsel i vassdrag er ikkje tillete, utanom på Furusjøen.  Motorisert ferdsel kan vidare skje i den delen av Lågen og Otta som er farbar.
  • Største tillete motorstyrkje på Furusjøen er 4 hk, i Lågen 6 hk.
  • Motorisert ferdsel i vassdrag skal skje i samband med utøving av landbruks­næring, fiske og fiskestell, transport i samband med jakt og viltstell samt anna utmarksnæring.

Start og landing med luftfartøy er ikkje tillete i utmark eller vassdrag innan Sel kommune.

Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark..

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. juli 1996.