Forskrift 14. mai 2019 nr. 713
om kommunale løyper for catskiing på Tystigbreen,
Stryn kommune, Sogn og Fjordane
(Forskrift om kommunale løyper
for catskiing på Tystigbreen, Stryn)
Fastsett av Stryn kommunestyre 14. mai 2019 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4a tredje ledd, jf. forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 4b.
Opphevet ved forskrift 14. mai 2019 nr. 713.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
08.05.2024 | OPPHEVET (jf. § 1 første ledd) |
01.05.20191 | Ikrafttredelse |
1 | Forskriftens ikrafttredelsesdato er antedatert i forhold til forskriftens fastsettelsesdato. |
UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER
Semikolon skal være punktum:
«… i isen; Transport …» endret til «… i isen. Transport …»
Feil stor bokstav:
«… Namnlaus topp …» endret til «… namnlaus topp …»
Engelsk forkortelse:
«… er 25 km/h.» endret til «… er 25 km/t.»
Innhold:
§ 1. | Tidsavgrensing av prøveordning for catskiing | ||||||||
§ 2. | Krav til trakkemaskinløypene
| ||||||||
§ 3. | Reglar for bruk av beltebilløypene
| ||||||||
§ 4. | Informasjonsplikt |
Vedlegg:
Kartvedlegg | Kartvedlegg |
Kart | Kartvedlegg til forskriften |
Fastsetting av trase, og reglar for bruk av trase, for persontransport med tyngre trakkemaskiner som utgangspunkt for alpin skikøyring (catskiing) på Tystigen 2019–2024.
Løypene kan nyttast med godkjente motoriserte kjørety i ei prøveperiode på 6 år frå 1. mai 2019 til og med 7. mai 2024.
Lovleg sesong for motorisert bruk av løypene er frå 1. mai til og med 1. oktober kvart år. Løypene kan køyrast mellom kl. 0900 og kl. 2300.
Trakkemaskinløypene er vist på kartet «Catskiing-løyper på Tystigbreen 2019– 2024».
Løypene vist i kartvedlegg 1 (Catskiing Tystigbreen 2019–2014 Løypetraseer 19. november 2018) går i to samanhengande avsatsar i terrenget:
Løypene skal gå på normalt snø- eller isdekt mark. Dersom traseen for trakkemaskinløypene vert avsmelta før sesongslutt, skal transport med motorkjørety straks opphøre nedanfor det partiet som er snøbart.
Det same gjeld dersom nedkøyringsbakken vert avsmelta slik at det oppstår snøbare felt eller kjem fram farlege sprekkar i isen. Transport høgare opp i terrenget enn der avsmeltinga har blottlagt steinur, bart fjell eller bresprekkar er ikkje tillatt.
Omlegging av løypetraseen med meir enn 20 meter på grunn av vanskelege snø- og isforhold i horisontalplanet kan berre skje etter endring av forskrift.
Trakkemaskinløypene skal merkast med stikker i materialer av tre før løypene vert tekne i bruk 1. mai, og stikkene skal fjernast når sesongen for catskiing er over og seinast 1. oktober.
Nedkøyringssone og -retning frå toppunkt av løypa til Kvitlenova og namnlaus topp 1805 skal merkast med godt synleg markør beståande av snor, forankra i is/snøflate. Nedkøyringssektoren frå Kvitlenova skal vera i ein sektor mellom mellom namnlaus topp 1805 i sørvest og fylkesgrensa i nord.
Trakkemaskinløypene kan berre nyttast til personfrakt med trakkemaskiner, med vekt over 400 kg.
Maksimal lovleg hastigheit for bruk av beltekjøretøy i løypene er 25 km/t.
Ved bruk av trakkemaskinløypene med motorisert kjørety kan traseen berre fråvikast med opp til 10 meter i sidebreidde under transport og nedkøyring.
Dersom det vert observert villrein på breplatået Tystigbreen innafor område som i kommuneplanen er avsatt til idrettsføremål (jf. kart) skal persontranport langs beltebilløypene straks opphøre, og kan ikkje setjast i gang igjen før reinen på eige initiativ er ute av området som er avsatt til idrettsføremål.
Sjå kart «Catskiing-løyper på Tystigbreen 2019–2024».
Vekkjaging av rein vert å sjå på som brot på forskrifta.
Den som driv persontransport for catskiing i Stryn Sommarskisenter sitt anlegg står ansvarleg for å informere alle brukarar av tenesta om dette:
Informasjonen skal gjevast muntleg og gjennom merking i terrenget (jf. pkt. 2.3).