Forskrift 24. juni 1996 nr. 860
om motorisert ferdsel i utmark på vinterføre
og islagte vassdrag,
Sel kommune, Oppland
(Forskrift om motorferdsel på vinterføre, Sel)
Fastsett av Sel kommunestyre 24. juni 1996 med heimel i forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 3 og § 7.
Innhold:
1. | Føremål |
2. | Verkeområde |
3. | Sårbare område |
4. | Trasear for ulike føremål |
5. | Trasear for maskinpreparerte skiløyper |
6. | Stikking av upreparerte trasear innafor sårbare område |
7. | Trasear for transport av varer og utstyr |
8. | Generelle reglar for leigekøyring etter nasjonal forskrift om bruk av motorkjøretøyer, § 5 a |
9. | Ansvar og straff |
10. | Ikraftsetting |
Forskrifta skal vise trasear for motorferdsel når det gjeld preparering av løyper, varekøyring m.v. Forskrifta skal vise område som er sårbare for motorferdsel i utmark. Forskrifta skal gje reglar for korleis ferdsla skal skje.
Forskrifta gjeld i Sel kommune, og innafor verneområde så langt denne forskrifta ikkje kjem i strid med vernereglane. Forskrifta gjeld motorferdsel i utmark på vinterføre og på islagte vassdrag.
Sårbare område er område med særlege naturforvaltningsverdiar som er sårbare for motorferdsel i utmark.
Innafor sårbare område skal det ikkje vere høve til å maskinpreparere løyper. Det skal vidare visast ei særleg restriktiv haldning til anna motorisert ferdsel, utan om unnatak som er vist på kartet.
I Sel kommune vert det 2 sårbare område:
Områda er avgrensa på kart dagsett 24. juni 1996.
Ein trase er den strekninga der ein bestemt type motorferdsel skjer. Der fleire typar ferdsel er lagt til same trase, må ferdsla skje slik at det ikkje vert konflikt mellom ulike føremål.
Dersom anna ikkje er nemd skal traseane gjeve i denne forskrifta nyttast.
Etter søknad eller på eige initiativ kan kommunen leggje ned eller opprette andre trasear enn det som er vedteke i denne forskrifta. Kommunestyret gjer vedtak i saka.
Dersom anna ikkje er nemd kan traseane nyttast frå den tid snøforholda tillet preparering om hausten til og med 4 dagar etter 2. påskedag.
Rådmannen kan ved særlege arrangement og tilhøve gje dispensasjon for oppkøyring av andre trasear.
I trasear for maskinpreparerte skiløyper kan løypene preparerast med særskilt tråkkemaskin, snøscooter e.l. Traseane er merka på kart dagsett 24. juni 1996. Traseane kan og bli tilrettelagt for hundekøyring.
Stikking av ikkje maskinpreparerte løyper innafor sårbare område kan skje med motorisert køyrety, men kommunen skal på førehand varslast om når køyringa skal skje. Køyringa skal avgrensast til oppsetting av stikk ved sesongstart, og nedtaking av stikk etter endt sesong.
Ved særlege tilhøve kan tilsyn med merkinga skje etter at det er gjeve melding til rådmannen eller vernestyresmakten for Rondane nasjonalpark.
Traseane skal vere hovudtilkomst til hytte og seterområde der tyngda av leigekøyringa skjer. Traseane skal nyttast i størst mogleg grad, men er ikkje til hinder for at transport kan skje til kvar einkelt hytte.
Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.