Forskrift 30. november 2021 nr. 3387
for motorferdsel i utmark og vassdrag,
Tokke kommune, Vestfold og Telemark
(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Tokke)
Fastsett av Tokke kommunestyre 30. november 2021 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4 og § 5.
Føremål med denne forskrifta er å regulere motorferdsel i utmark og på vassdrag i Tokke kommune. Forskrifta utfyller føresegner gjeve av lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, og nasjonale forskrifter gjeve i medhald av lova.
Minsteavstand for å gje løyve etter forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag § 5 bokstav c setjast til 200 meter frå brøyta veg.
Fritidskøyring med vannskuter er forbode i Bandak vest for utløpet av Tokke kraftverk. Køyring vest for dette området skal berre vere rein transportetappe og skal skje så aktsamt som mogeleg.
I Tokke kommune er det forbod mot å landing og start med sjøfly. Unntatt frå dette forbodet er Byrtevatn og Bandak. Landing og start på desse vatna kan skje utan løyve. I perioden 15. april til 15. juli skal start og landing med sjøfly på Bandak skje aust for utløpet til Tokke kraftstasjon. Køyring på vatn med sjøfly vest for utløpet av Tokke kraftstasjon skal skje så skånsamt som råd.
Tokke kommune kan gje løyve til ferdsel med båt med elmotor på inntil 800 watt på innsjøar som er mindre enn 2000 dekar. Før slikt løyve blir gjeve må det gjerast ei vurdering av omsynet til vatnet som levestad for viltarter og fuglar og særskilt vekt på omsynet til hekkeområder. Det kan ikkje gjevast løyve til motorferdsel med elbåt som inneber vesentleg skade på fugleliv.