Forskrift 8. mai 2018 nr. 823
om motorferdsel i utmark og vassdrag,
Nord-Fron kommune, Oppland
(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Nord-Fron)
Fastsett av Nord-Fron kommunestyre 8. mai 2018 med hjemmel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4.
Formålet med forskrifta er å regulere motorferdsel i vassdrag, med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivsel.
På alle elvestrekningar og på innsjøar som er mindre enn 2 kvadratkilometer, er all ferdsel med motorfartøy forbode.
Ferdsel med motorfartøy med motorkraft på inntil 10 HK er tillatt på innsjøar som er 2 kvadratkilometer eller større, på elvestrekningar, og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer der desse inngår som ein del av eit farbart vassdrag.
For Vinstervatna (Kaldfjorden, Øyvatnet, Sandvatnet, Røya, Buvatnet og Innbusvatnet) er det tillatt med inntil 20 hk motorkraft.
Etter skriftleg søknad kan rådmannen gje dispensasjon frå reglane i denne forskrifta. Vurdering av søknaden skal følgje reglane i forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, § 6 og § 7.
Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark.