Forskrift 30. september 1999 nr. 1101
til lov om motorferdsel i utmark og vassdrag,
Hemsedal kommune, Buskerud
(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Hemsedal)
Fastsatt av Hemsedal kommunestyre 30. september 1999 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag og forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.
Denne forskrifta gjeld all motorferdsle i utmark og vassdrag i Hemsedal kommune. Lokal forskrift utfyller dei bestemmelsar som er gjeve i lov av 10. juni 1977 nr. 82 og nasjonal forskrift av 15. mai 1988 nr. 356.
Ferdsle med motorfartøy er tillate på vatn ≥ 2 km², med lovleg motoryting inntil 5 hk. Det er ikkje lov å ferdast på elvestrekk eller vatn < 2 km², sjølv om desse inngår som del av eit farbart vassdrag.
Innanfor Hemsedal sin del av Tisleifjorden gjeld ikkje begrensning i motoryting for køyring i direkte samband med vannskisport.
På alle andre vatn i kommunen er det berre tillate å bruke motorfartøy til naudsynt transport som fastsett i § 5 b nedanfor. Det er forbod mot bruk av vannscooter i heile kommunen.
Det vert gjeve generelt løyve til:
Motorstorleik inntil 5 hk.
Etter søknad kan det mellom anna gjevast løyve til motorferdsel i samband med:
Løyver gjeve etter § 6 gjeld berre for eit avgrensa tidsrom, og ikkje over 2 år.
Følgjande dokument skal vera med under køyring og visast dersom det vert kravd av politi eller oppsynspersonell:
Motorferdsel i utmark og på islagte vassdrag krev at ein opptrer varsamt og tek omsyn. Dermed vil ein, i den grad det er mogleg, unngå skade og ulempe på naturmiljøet.