Forskrift 11. juni 2020 nr. 1365
om motorferdsel i utmark og vassdrag,
Ål kommune, Viken
(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Ål)
Fastsett av Ål kommunestyre 11. juni 2020 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4 og § 5.
Innhold:
§ 1. | Føremål |
§ 2. | Verkeområde |
§ 3. | Generelle reglar |
§ 4. | Vasskuter |
§ 5. | Bruk av motorfartøy på innsjøar større enn 2 kvadratkilometer |
§ 6. | Bruk av motorfartøy på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer |
§ 7. | Forbod mot landing og start med luftfartøy |
§ 8. | Løyve etter søknad |
§ 9. | Forhold til anna lovverk |
§ 10. | Straff |
§ 11. | Ikraftsetjing og oppheving |
Føremålet med denne forskrifta er ut frå eit samfunnsmessig heilskapssyn å regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivsel.
Forskrifta gjeld for Ål kommune. Forskrifta utfyller det regelverket som er gitt i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, samt nasjonale forskrifter gjevne i medhald av lova.
Med motorferdsel meiner ein i denne forskrifta bruk av køyretøy (bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøskuter o.l.) og båt eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor, samt landing og start med motordrive luftfartøy.
Med motorfartøy meiner ein i denne forskrifta båt eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor.
I samband med motorisert ferdsel i utmark gjeld følgjande reglar:
På vatn i kommunen med areal større enn 2 kvadratkilometer er det lov å nytte båt med motor.
I øvste tredjedel av Strandafjorden (nærmast Kleivi) er det ikkje lov å nytte motorfartøy. Bruk av motorbåt i samband med fiske er unntatt frå dette forbodet.
Maksimal motorstyrke på motorbåt i Strandafjorden er 10 hk.
På vatn som er mindre enn 2 km², kan det med grunneigars samtykke nyttast båt med motorstyrke inntil 10 hk for naudsynt transport med følgjande føremål:
I Ål kommune er det forbod mot landing og start med luftfartøy, med mindre noko anna følgjer av denne forskrifta. Unntatt frå dette forbodet er landing og start med luftfartøy på:
All transport skal utførast av personar eller selskap med luftfart som næring.
I spesielle tilfelle kan kommunen etter søknad gi løyve til bruk av motorfartøy eller luftfartøy utanfor dei nemnde områda i § 7 eller dei nemnde føremåla i § 6. Det kan stillast vilkår til løyvet.
Løyve innskrenkar ikkje den tilgang grunneigar og brukar har etter gjeldande rettsreglar til å forby eller snevra inn motorferdsel på sin eigedom.
Vurdering av søknaden skal følgje reglane i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, § 6.
Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag.