Forskrift 5. september 2019 nr. 1127
om bruk av motorfartøy på vatn og vassdrag,
Surnadal kommune, Møre og Romsdal
(Forskrift om bruk av motorfartøy, Surnadal)
Fastsett av Surnadal kommunestyre 5. september 2019 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4 tredje ledd.
I Surna elv er det forbudt å bruke motorfartøy ovanfor Øra bru.
I Bøvra elv er det forbudt å bruke motorfartøy ovanfor Bøverfjord bru.
I Søya elv er det forbudt å bruke motorfartøy ovanfor Søyset bru.
I Toåa elv er det forbudt å bruke motorfartøy ovanfor Halset bru.
I Krokvatnet, Solåsvatnet, Vaulavatnet, Geitøyvatnet, Bøvervatnet og Almbergvatnet kan det brukast motorfartøy når motorstørrelsen ikkje er over 10 hk.
På Follsjø og Gråsjø kan det brukast motorfartøy når motorstørrelsen ikkje er over 30 hk.
Ved transport av personar, bagasje og utstyr innafor turist- og reiselivsnæring til Trollheimshytta og private hytter er største lovlege motorstørrelse 50 hk.
For samtlege innsjøar kan motorfartøy berre brukast til følgande formål:
Dette er mellom anna:
Bruk av sjøfly, vannskuter og andre liknande kjøretøy er forbudt på alle innsjøar og vatn i Surnadal kommune.
Kommunen kan etter skriftleg søknad gjere unntak frå reglane i denne forskrifta med heimel i § 6 i motorferdsellova.
Den som forsettleg eller uaktsomt bryt denne forskrifta, eller medverkar til det, kan i medhald av motorferdsellova § 12 straffast med bøter.