Lov 29. mai 1953 nr. 3

om hittegods
[hittegodslova]

(Hittegodslova, hgl)

Justis- og beredskapsdepartementet.

Endret ved lover 15. desember 1967 nr. 2, 19. juni 1969 nr. 54, 2. mars 1973 nr. 12, 13. mars 1981 nr. 6, 3. juni 1983 nr. 43, 26. juni 1992 nr. 86, 9. januar 1998 nr. 5, 24. november 2000 nr. 82, 20. juni 2003 nr. 45, 25. juni 2004 nr. 53, 19. juni 2015 nr. 65.

ENDRINGSHISTORIKK

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
01.10.2015

Lov 19. juni 2015 nr. 65 (straffelovens ikraftsettingslov):

§ 12 (ny, nåværende §§ 12 og 13 blir §§ 13 og 14)
01.01.2006

Endringslov 25. juni 2004 nr. 53:

§ 11 første ledd (opphevet) (nåværende andre ledd blir første og eneste ledd)
01.07.2003

Endringslov 20. juni 2003 nr. 45:

"I" fjernet før § 1, § 7, § 8, § 13 (ny, tidl. avsnitt III)
01.01.2001

Lov 24. november 2000 nr. 82 (vannressursloven):

§ 1 andre ledd, tredje ledd tredje punktum
09.01.1998

Endringslov 9. januar 1998 nr. 5:

§ 3 femte ledd
01.01.1993

Lov 26. juni 1992 nr. 86 (tvangsfullbyrdelsesloven):

§ 7, § 8
01.10.1983

Lov 13. mars 1981 nr. 6 (forurensningsloven):

§ 7
03.06.1983

Endringslov 3. juni 1983 nr. 43:

§ 7 første punktum, § 8 første punktum
02.03.1973

Endringslov 2. mars 1973 nr. 12:

§ 11
19.06.1969

Lov 19. juni 1969 nr. 54 (forvaltningslovens ikrafttre­delseslov):

§ 11
15.12.1967

Endringslov 15. desember 1967 nr. 2:

§ 11
01.07.1953Ikrafttredelse

UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER

  1. Feil og mangler o.l. som er oppdaget og endret ved manuell kontroll (ev. utelatte deler av tekst er angitt med «»):

Hittegods er lausøyre som har kome bort for innehavaren utan at han ville det, og som nokon har funne og teke hand um.  Ville dyr eller andre pelsdyr enn mink som har rømt og sidan vert attfanga eller eventuelt drepne etter tiltak av andre enn eiga­ren, vert rekna for hittegods.

Funne bufe og andre husdyr, berga fiskereiskap og båtreinad, vrakgods og annan bortkomen lausøyre som det er gjeve føresegner om i serskild lov, skal ikkje reknast for hittegods utan det går fram av serføresegnene.

Jordgrave gods og annan lausøyre som har lege gøymd lenge på fast eigedom eller i ein lausøyreting, skal ikkje reknast for hittegods, når det synest klårt etter tilhøva at det ikkje lenger er rimeleg von å finna ut kven som er eigar.  Eigaren til grunn, byg­ning eller lausøyreting der slikt funn vart gjort, og finnaren skal ha kvar sin halvpart av det som er funne.  Kjem godset inn under lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, gjeld føresegnene der.

Kongen kan gjeva serlege føresegner om kva det skal gjerast med gods som sjø­menn eig eller rår over og som er inngjeve til norsk stasjon i utlandet eller sendt heim derifrå til styremakt her i riket.

Veit finnaren kven det er som eig godset eller får han greie på det, skal han straks gjeva godset attende eller gjeva eigaren rådvelde over det.

Veit ikkje finnaren kven eigaren er, og får han heller ikkje kjennskap til det, skal han snarest råd er melda funnet til politiet på den staden der godset er funne.  Det same skal finnaren gjera når eigaren er oppmoda om å henta godset, men ikkje gjer det innan rimeleg tid, eller han nektar å svara finnarløn eller annan kostnad som er komen på.

Når nokon av tenestefolket i eit samferdsleføretak for ålmenta finn hittegods i eignelut eller på område som føretaket rår over, skal han ta vare på godset om ikkje eigaren straks kan få det att.  Finn andre hittegods på ein slik stad, skal dei la nokon av tenestefolket få det.  Det same gjeld hittegods som vert funne i kyrkje, samlings­hus, skule, teater, kinematograf, hotell, herbyrge, vertshus, kontor, arbeidsplass, bu­tikk eller liknande.

Melder ikkje eigaren seg og hentar godset innan rimeleg tid, skal den eller dei som står for institusjonen eller føretaket, syta for at godset vert overlate til politiet etter reglane for hittegods.

På same måten gjeld føresegnene i denne paragrafen gods som er gjeve inn for å takast vare på eller sendast og som ikkje vert henta i rett tid eller vert liggjande av di vederlaget ikkje vert ytt eller av di rett mottakar ikkje kan finnast.

Dette gjeld og ferdagods og anna som vert gløymt eller halde att i hotell, herbyrge eller liknande.  Likeins gjeld det vinst i lutspel når vinsten ikkje vert henta og gjeld­ande føresegn ikkje fastset annan framgangsmåte.

Paragrafen gjeld ikkje postsendingar som det er gjeve serlege føresegner om i lov eller med heimel i lov.

Kongen kan samtykkja i at offentleg institusjon og likeins samferdsleføretak for ål­menta kan fara åt med hittegods på onnor vis enn det som er sagt i denne lova.

Når nokon gjev melding om hittegods i samsvar med § 2 andre leden, skal han samstundes eller så snart råd er etterpå gjeva godset til politiet.  Vert det sers vanske­leg eller sers kostesamt, skal politiet henta godset.  Politiet kan samtykkja i at finnaren tek vare på godset, når serlege grunnar gjer det tenlegt.

Den som sit med hittegods, skal ta vel vare på det.  Kjem godset bort eller vert det nemnande skadt og han har fare grovt aktlaust åt, er han ansvarleg for tapet som eigaren lid.

Når politiet tek mot hittegods, skal det gjera dei etterrøkjingane etter eigaren som det etter tilhøva er rimeleg å gjera.  Er godset heller verdfullt eller er det rimeleg av andre grunnar, bør funnet gjerast kjent med oppslag, lysing i blad eller på annan ten­leg måte.  Melder eigaren seg og provar retten sin, skal han få godset att mot å greida finnarløn og annan kostnad og krav som er nemnde i § 7, tridje leden.

Vert ikkje hittegodset gjeve attende til eigaren innan 3 månader etter at politiet tok vare på det eller samtykte i at finnaren tok vare på det, skal det seljast gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver.  Reglane i tvangs­fullbyrdelsesloven § 8−16 fyrste ledd gjelder ikkje i dette høvet.  Gods som truleg ikkje kan vendast i pengar, skal gjevast til finnaren eller andre om vedkommande ynskjer det, eller det skal handsamast som avfall etter reglane i forurensningsloven.

Melder eigaren seg og provar retten sin før salet, skal salsinnkoma gjevast til han etter at finnarløn og annan kostnad er frådregne.  I andre høve skal finnaren ha ein tredjepart av salsinnkoma, når kostnaden er dregen frå, og to tredjepartar skal gå til statskassa.  Det som finnaren eller eigaren skal ha, fell til statskassa når han ikkje melder seg og krev pengane innan 3 månader etter han er varsla.

Har nokon krav på vederlag for di han har ført eller teke vare på gods som er nemnt i § 3, eller har han andre krav som han kunne gjort gjeldande med å halda godset tilbake, skal han ha vederlag av salsinnkoma før noko går til eigaren eller til statskassa.

Hittegods som ikkje toler å liggja eller ikkje kan liggja lenge utan monaleg kostnad eller verdmink, skal politiet få selt underhand eller gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver, så snart det er tenleg å gjera det, endå om tremånadsfristen ikkje er ute.  Reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 8−16 fyrste leden gjelder ikkje i dette høvet.  Melder eigaren seg og provar retten sin før fristen er ute, skal han få salsinnkoma etter at finnarlønn og annan kostnad er dregen frå.  Elles gjeld reglane i § 7 andre ledd andre og tredje punktum og tredje ledd.

Finnaren kan nekta å gjeva hittegodset frå seg til eigaren før eigaren har svara ei høveleg finnarløn og den kostnaden som finnaren har havt med godset.  Vert ikkje partane samde, fastset politiet kor mykje finnaren skal ha.  For slikt gods som er nemnt i § 3, kan det ikkje krevjast finnarløn.

Hittegods som politiet har teke vare på, skal eigaren berre få att mot å yta så stor finnarløn som politiet fastset, så nær som når det gjeld gods som nemnt i § 3 eller det er gjeve avkall på finnarløn eller finnaren samtykkjer.

Når finnarløn vert fastsett, skal det takast omsyn til kva slag gods det gjeld, kva verde det har, kva stad det er funne og andre omstende i samband med funnet.  Fin­narløn bør vanleg ikkje setjast til meir enn 20 prosent og ikkje over kr 15 når verdet på godset er kr 100 eller mindre, 15 prosent, men ikkje over kr 50 på større verde til det kjem opp i kr 500 og ikkje meir enn 10 prosent når verdet er over kr 500.

Finnarløn som politiet har godskrive finnaren, skal gå til statskassa om finnaren ikkje melder seg og krev pengane innan 3 månader etter at han har fått varsel.

Det som er fastsett i §§ 23 og 59 om eigar av hittegods, gjeld på tilsvarande måte den som på lovleg vis har havt tingen med heimel i bruksrett, panterett, leigerett eller annan slik rett.

Innkome frå sal av hittegods etter §§ 7 og 8 skal gå til eigaren ifall det ikkje mel­der seg nokon annan som provar at han har retten til pengane eller til noko av dei.

Avgjerd som lensmannen tek om finnarløn og annan kostnad som skal svarast før eigaren får hittegodset att, kan klagast inn for politimeisteren, når tvisten gjeld ein sum på kr 100 eller meir, eller klagaren meiner avgjerda er lovstridig.  Avgjerd som politimeisteren tek i fyrste hand eller i klagesak, kan klagast inn for departementet på det grunnlag at avgjerda er lovstridig.

Den som ulovlig tilegner seg hittegods, straffes med bøter eller med fengsel inntil 6 måneder.

Den som ulovlig unnlater innen rimelig tid å anmelde en funnet gjenstand til politiet eller å innlevere den til politiet eller andre som etter bestemmelse i lov skal ta vare på den, straffes med bøter.

Kongen eller den han gjev fullmakt, kan gjeva nærare reglar til utfylling og gjen­nomføring av føresegnene i denne lova.

Denne lova tek til å gjelda 1. juli 1953.

Frå same tid held desse føresegnene opp å gjelda:

  1. – – –

Relaterte forskrifter og bestemmelser

Forskrifter og andre bestemmelser som helt eller delvis er fastsatt med hjemmel i hittegodslova i kronologisk rekkefølge etter fastset­telsesdato.

Opphevede forskrifter mv. er vist i rød tekst.

Forskrifter og andre bestemmelser

Det er ingen forskrifter eller andre bestemmelser fastsatt med hjemmel i denne loven!

Delegeringsvedtak

  • Delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1149 om delegering av myndighet til Politidirektoratet etter lov om hittegods § 11 annet ledd
  • Delegeringsvedtak 11. mai 2023 nr. 684 om delegering av Kongens myndighet etter lov 29. mai 1953 nr. 3 om hittegods § 3 sjette ledd til Politidirektoratet