Forskrift 28. mars 2017 nr. 399
om tillatte vekter og dimensjonar for køyretøy på fylkes- og kommunale vegar, Rogaland
(Forskrift om vegliste, Rogaland)
Fastsett av Statens vegvesen Region vest 28. mars 2017 med heimel i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (vegtrafikkloven) § 13 og delegeringsvedtak 24. november 1980 nr. 1, jf. forskrift 25. januar 1990 nr. 92 om bruk av kjøretøy § 5−3 nr. 2 bokstav a og b.
Opphevet ved forskrift 22. mai 2017 nr. 651.
Det er fastsett forskrift om tillatte vekter og dimensjonar for køyretøy på fylkes- og kommunale vegar i Rogaland. Nærare reglar om lovleg vekt og dimensjon er gitt i forskrift 25. januar 1990 nr. 92 om bruk av kjøretøy kapittel 5.
Ein pdf-versjon kan lesast her:
Forskrifta gjeld frå 3. april 2017. Frå same dato blir forskrift 28. september 2016 nr. 1123 om tillatte vekter og dimensjonar for køyretøy på fylkes- og kommunale vegar, Rogaland oppheva.