Forskrift 14. oktober 1987 nr. 798

om transport av farleg gods på RV 658,
Ålesund – Giske kommunar, Møre og Romsdal

(Forskrift om farlig gods, Ålesund – Giske)

Fastsett av Samferdselsdepartementet 14. oktober 1987 med heimel i vegtrafikklov av 18. juni 1965 § 18.

Endret ved forskrift 20. februar 2003 nr. 179.

Opphevet ved forskrift 17. oktober 2018 nr. 1601.

ENDRINGSHISTORIKK

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
17.10.2018OPPHEVET
20.02.2003§ 3 (endret «Vegsjefen i Møre og Romsdal» til «Statens vegvesen, Region midt»)
16.10.1987Ikrafttredelse

Forskrifta gjeld RV 658 på strekninga frå krysset med E 69 i Ålesund til Ytterland, Valderøy i Giske kommune.

På strekninga nemd i § 1 er det i tida kl. 06.00 til kl. 24 kvar dag forbod mot

  • transport av meir enn 3.000 liter brannfarleg væske i klasse A i samla volum på ein transporteining.
  • enkelttransportar med meir enn 200 kg komprimert eller flytande gass.
  • enkelttransportar med meir enn 25 kg eksplosiv vare i faregruppe 1.1.

Statens vegvesen, Region midt kan i samråd med brannsjefen i brannsjefen i Åle­sund gjere unntak frå § 2 i einskilde tilfelle.

Brot på denne forskrifta vert straffa etter vegtrafikklova § 31.

Forskrifta gjeld frå 16. oktober 1987.