Forskrift 1. november 2018 nr. 1706

om bruk av vass-scooter og liknande i vatn og vassdrag, Ørsta kommune, Møre og Romsdal

(Forskrift om bruk av vannscooter, Ørsta)

Fastsett av Ørsta kommunestyre 1. november 2018 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdsel­loven) § 4.

Innhold:

§ 1.
§ 2.
§ 3.

Bruk av vass-scooter og liknande i vatn og vassdrag i Ørsta kommune er forbode.

I vatn større enn 2 kvadratkilometer kan det ved spesielle behov gjevast dispen­sasjon frå forbodet.

Forskrifta trer i kraft 1. desember 2018.