Forskrift 12. august 1993 nr. 961

om bruk av snøskuter,
Fyresdal kommune, Telemark

(Forskrift om bruk av snøskuter, Fyresdal)

Fastsett av Fyresdal kommunestyre 12. august 1993 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag § 5.

  • Det er ikkje tillete med snøskuterkøyring innan kommunen sine villreinområde (jfr. kommuneplanen sin arealdel) i perioden 20. april til 1. november).

    I særskilte høve kan dispensasjon gjevast.

  • Det blir ikkje tildela fleire enn eit vedløyve pr. hytte.
  • Søkjarar som ynskjer snøskuterløyve må legge ved kart (M 1:50.000) som syner val av trasé.  Kart med traséval og køyreløyve skal alltid vere med under tran­sportoppdrag).
  • Det blir normalt kun gjeve lov til å velgje ein trasé fram og attende til hytta.
  • Søkjaren må sjølv innhente løyve frå grunneigar.