Forskrift 18. oktober 2018 nr. 1607

om motorferdsle i vassdrag,
Hareid kommune, Møre og Romsdal

(Forskrift om motorferdsel på vassdrag, Hareid)

Fastsett av Hareid kommunestyre 18. oktober 2018 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdsel­loven) § 4.

Innhold:

§ 1.Verkeområde
§ 2.Forbod mot motorferdsle i vassdrag mindre enn 2 km²
§ 3.Motorferdsle i vassdrag større enn 2 km²
§ 4.Vilkår for motorferdsle i vassdrag større enn 2 km²
§ 5.Unntak for løyve til motorferdsle i vassdrag større enn 2 km²
§ 6.Klage
§ 7.Straff
§ 8.Ikrafttredelse

Denne forskrifta gjeld motorferdsle i vassdrag i Hareid kommune.

Med motorferdsle meiner ein i denne forskrifta bruk av båt eller anna flytande eller svevande farty driven av motor, herunder vasskuter, samt landing og start med motordriven luftfarty.  Motorferdsle på islagde vassdrag med snøskuter, ATV eller anna motorisert køyrety, er og omfatta av denne forskrifta.

Motorar omfattar forbrenningsmotorar, elektriske motorar og motorar som verte drivne av andre formar for energi.

Med vassdrag meiner ein opne og islagte elvar, bekkar og innsjøar.

I medhald av lov om motorferdsel § 4, jf. § 5 første ledd bokstav b, er det forbod mot all motorferdsle, på vatn og vassdrag mindre enn 2 km².

I medhald av lov om motorferdsel § 4, vert det gitt løyve til motorferdsel med båt, på visse vilkår og med eitt unntak.  Motorferdsle elles er forbode.  I Hareid kommune er fylgjande vatn større enn 2 km², omfatta av denne forskrifta:

  • Snipsøyrvatnet.

Det vert gitt løyve til motorferdsel med båt i vassdrag større enn 2 km² i Hareid, for båt med elektromotor med oppgitt skyvekraft på maksimalt 245 N (25 kp).  Maksi­malt tilleten fart er 3 knop.

Den nordlege delen av Snipsøyrvatnet er del av Grimstadvatn naturreservat.  All motorferdsel er forbode innanfor dette naturreservatet.

Vedtak gjort av kommunen i medhald av denne forskrifta, kan klagast på til Nær­ing- og Miljøutvalet.  Dersom Næring- og Miljøutvalet ikkje gir klagar medhald, vert klagen sendt over til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Brot på føresegnene i denne forskrift kan medføre straffeansvar etter lov om mo­torferdsel i utmark og vassdrag.

Vedtatt av Hareid kommunestyre den 18. oktober 2018 i sak PS 55/18.  Denne for­skrifta trer i kraft når den er kunngjort i Norsk Lovtidend.1

1I kraft 25. oktober 2018.