Forskrift 13. juni 2018 nr. 1066
for motorferdsel i utmark,
Ulvik herad, Hordaland
(Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Ulvik)
Fastsett av Ulvik heradsstyre 13. juni 2018 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4 tredje ledd og § 5.
Ferdsle med motorfartøy i samband med fiske samt transport av personar og utstyr er tillate på følgjande vatn og vassdrag i Ulvik herad.
Vatn over 2 km²:
– Langavatnet, Rundavatnet og Finsevatnet.
Vatn under 2 km²:
– Søre Grøndalsvatnet, Nedre Grøndalsvatnet og Slondalsvatnet.
Det er tillat å nytta bensindrevet motor med inntil 10 HK (hestekrefter).
Det er tillat å nytta elektrisk påhengsmotor.
Brot på reglane i denne kommunale forskrifta, eller medverknad til dette, vert straffa i høve til § 12 i motorferdsellova.