Forskrift 20. mai 2020 nr. 1050
om bruk av motorfarty på Hafslovatnet,
Luster kommune, Vestland
(Forskrift om bruk av motorfartøy på Hafslovatnet, Luster)
Fastsett av Luster kommunestyre 20. mai 2020 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4 tredje ledd.
Forskrifta gjeld for Hafslovatnet med unntak av området mellom Straumbrua og Sogebrua der motorferdsel er forbode ifølgje vernereglane for Hafslovatnet fuglefredingsområde.
For område som ligg utanfor vernegrensa til Hafslovatnet fuglefredingsområde, er det tillete å bruke båt med motor dersom båten ikkje har motor med større yting enn 10 HK/7,5 kW. Innanfor fuglefredingsområdet gjeld vernereglane.
Reglane i § 2 er ikkje til hinder for transport til formål som er rekna opp i § 4 i lov om motorferdsel i utmark. Innanfor fuglefredingsområdet gjeld i tillegg vernereglane.
Ved særlege grunnar kan kommunestyret – eller anna folkevald organ som kommunestyret bestemmer – etter skriftleg søknad gje løyve til motorferdsel utover § 2 for område som ligg utanfor grensa for Hafslovatnet fuglefredingsområde. For område som ligg innanfor grensa er denne mynde lagt til vernemyndigheitene, jf. vernereglane.