Forskrift 29. januar 2020 nr. 177
om start og landing med luftfartøy,
og bruk av motorfartøy på vatn og vassdrag,
Fyresdal kommune, Telemark
(Forskrift om start og landing med luftfartøy, og bruk av motorfartøy på vatn og vassdrag, Fyresdal)
Fastsett av Fyresdal kommunestyre 29. januar 2020 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 5.
UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER
Henvisning til feil paragraf:
«… forskriftas § 5. …» endret til «… forskriftas § 4. …»
Føremålet med denne forskrifta er ut frå eit samfunnsmessig heilskapssyn å regulere motorferdsla i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen.
Ferdsel med motorfartøy er tillate på vatn under 2 km² for nødvendig transport i samband med næring, utøving av jakt, fangst, fiske og bærsanking, samt transport til hytte og utmarkseigedom.
Kommunen kan etter søknad gje løyve til landing og start med luftfartøy i utmark utover det som er nemnt i denne forskriftas § 4. Det kan stillast vilkår ved slikt løyve.
Motorisert ferdsel til lands og på vatn innan kommunens verneområde er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy, om ikkje ana kjem fram av forskrift for det enkelte verneområde.
Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark.