Forskrift 13. september 1995 nr. 813

om høve til landing og start med helikopter
på Osen ved Åsetevatnet,
Luster kommune, Sogn og Fjordane

(Forskrift om landing og start med helikopter på Osen, Luster)

Fastsett av Luster kommunestyre 13. september 1995 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5 litra a.

Innhold:

I
§ 1.
§ 2.
§ 3.
II

Det vert høve til å landa med helikopter på Osen ved Åsetevatnet i Luster kom­mune.

Bruk av plassen er avgrensa til å gjelda transport av varer og personar til hyttene og seterhusa i området.  Plassen skal ikkje nyttast til transport i samband med heli­kopterskiing, for kortvarig opphald, som utgangspunkt for dagsturer eller til liknande for­mål, jf. forskrift om forbod mot helikopterskiing fastsatt av Miljøverndepartementet den 14. mars 1988 nr. 225.

Transportøren skal innan 1. juni kvart år gje melding til kommunen om tal turar og tidspunkt for desse.

Forskrifta trer i kraft frå 1. november 1995.