Forskrift 11. desember 2017 nr. 1986

om mellombelse auka bompengetakstar i Oslo

(Forskrift om midlertidig økning av bompengetakster i Oslo)

Fastsett av Samferdselsdepartementet 11. desember 2017 med heimel i lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar (veglova) § 27 tredje ledd.

Endret ved forskrift 3. mars 2023 nr. 294.

ENDRINGSHISTORIKK

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
03.03.2023

Endringsforskrift 3. mars 2023 nr. 294:

§ 2, § 3 andre ledd, § 4 første ledd
11.12.2017Ikrafttredelse

Innhold:

§ 1.Føremål
§ 2.Vilkår
§ 3.Takstar og unntak
§ 4.Bruk av bompengeinntekter frå ordninga
§ 5.Ikraftsetjing

Føremålet med forskrifta er å redusere luftforureininga i Oslo ved bruk av mellom­belse auka bompengetakstar som eit trafikkreduserande tiltak i periodar med høg luft­forureining.

Viken fylkeskommune og Oslo kommune kan i samråd vedta at det skal takast i bruk mellombelse auka bompengetakstar i dei sentrumsnære bomsnitta i Oslo-pakken (Osloringen og Indre ring) etter denne forskrifta når grenseverdiane etter forurens­ningsforskriften § 7−9 er overskride eller ved fare for slik overskriding.

Dei auka bompengetakstane skal vere tre gonger så høge som takstane som til kvar tid gjeld ordinært i Oslo.  Dei auka takstane skal vere mellombelse og kan nyttast i korte periodar.

Takstane etter forskrifta skal omfatte dieselkøyretøy, med unntak av:

  • køyretøy som er gitt fritak frå betaling av bompengar
  • tunge køyretøy (tillat totalvekt frå og med 3 500 kg) som nyttar Euro VI-tek­nologi
  • lette køyretøy (tillat totalvekt til og med 3 500 kg) som blir omfatta av takst­klasse «ladbar hybrid».

Inntekter frå takstauken etter § 3 kan nyttast til dekking av kostnader til dei tiltaka Viken fylkeskommune og Oslo kommune finner er naudsynt for å få ned biltrafikken i perioden det gjeld.

Inntekter frå takstauken som ikkje blir nytta til tiltak etter første ledd skal bli for­delte i samsvar med Oslo-pakke 3-avtala.

Forskrifta trer i kraft straks.