Delegeringsvedtak 8. desember 2025 nr. 2437

om delegering av mynde til Vegdirektoratet
etter veglova § 27 tredje ledd

Fastsett av Samferdselsdepartementet 8. desember 2025 med heimel i lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar (veglova) § 27 tredje ledd.

Samferdselsdepartementets mynde i forskrifts form til å fastsetje mellombelse endra bompengetakstar til bruk i avgrensa periodar innanfor eksisterande bompenge­ordningar i byområde når det er fare for og ved overskriding av grenseverdiane for konsentrasjon av forureining i luft utandørs fastsett i forskrift med heimel i forurens­ningsloven § 9 og til å fastsetje føresegner om at inntekter frå dei endra takstane kan bli brukt til tiltak for å få ned trafikken i perioden det gjeld delegerast til Vegdirek­toratet.

Vedtaket trer i kraft straks.