Forskrift 16. desember 2016 nr. 1594
om mellombelse auka bompengetakstar i
Bergen kommune, Hordaland
(Forskrift om midlertidig økning av bompengetakster i Bergen)
Fastsett ved kgl.res. 16. desember 2016 med heimel i lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar (veglova) § 62 første ledd, jf. § 27 andre ledd.
Fremma av Samferdselsdepartementet.
Føremålet med forskrifta er å redusere luftforureininga i Bergen ved bruk av mellombelse auka bompengetakstar som eit trafikkreduserande tiltak i periodar med høg luftforureining.
Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune kan vedta at det skal takast i bruk mellombelse auka bompengetakstar etter denne forskrifta når grenseverdiane etter forurensningsforskriften § 7−6 er overskride eller ved fare for slik overskriding med anteke varigheit på to dagar eller meir.
Dei auka bompengetakstane skal vere fem gongar så høge som takstane som til kvar tid gjeld ordinært i Bergen. Dei auka takstane skal vere mellombelse og nyttast i korte periodar.
Takstane etter forskrifta skal omfatte alle trafikantgrupper med unntak av trafikantar som er gitt fritak frå betaling av bompengar.
Inntekter frå takstauken etter § 3, kan nyttast til dekking av kostnader til dei tiltaka som kommunen og fylkeskommunen finner er naudsynt for å få ned biltrafikken i perioden det gjeld.