Forskrift 3. mars 2015 nr. 248
om kommunal vegnorm,
Os kommune, Hordaland
(Forskrift om kommunal vegnorm, Os)
Fastsett av Os kommune 3. mars 2015 med heimel i lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar (veglova) § 13, jf. forskrift 29. mars 2007 nr. 363 om anlegg av offentlig veg § 3 nr. 4.
Føremålet med vegnorma er å etablere eit grunnlag for planlegging og bygging av nye kommunale vegar. Kommunal vegnorm vert også lagt til grunn når kommunen skal overta eksisterande veganlegg.
Kommunal vegnorm skal tydeleggjere, presisera eller tilpassa bruken av Statens vegvesen sine vegnormalar for offentleg veg i Os kommune. Norma skal syta for god framkomme, trafikktryggleik og drift.
Forskrifta finns i si heilheit på Os kommune sine heimesider www.oskommune.no1.
Forskrifta trer i kraft 3. mars 2015.
1 | Vegnormen finnes også som vedlegg til denne siden – se nedenfor. |