Forskrift 20. juni 2012 nr. 780
om unntak frå forbodet mot bruk av vannscooter og liknande fartøy, Austrheim kommune, Hordaland
(Forskrift om bruk av vannscooter, Austrheim)
Fastsatt av Austrheim kommunestyre 20. juni 2012 med heimel i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 40 fjerde ledd.
Innhold:
§ 1. | Formål |
§ 2. | Heimel |
§ 3. | Løyve til køyring |
§ 4. | Ansvar |
§ 5. | Tidsmessig avgrensing |
§ 6. | Geografisk avgrensing |
§ 7. | Aktivitetsmessig avgrensing |
§ 8. | Ikrafttreding og verkeperiode |
Vedlegg:
Kartvedlegg | Kartvedlegg |
Område A | Område A for bruk av vannscooter i Austrheim kommune |
Område B | Område B for bruk av vannscooter i Austrheim kommune |
Formålet med denne forskrifta er å regulere bruk av vannscooter og andre liknande motordrivne fartøy som er konstruert for å føra personar, og som etter allminneleg språkbruk ikkje kan definerast som båtar og som dermed kjem inn under forbodet i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 40 tredje ledd. Forskrifta gjeld for Austrheim kommune.
Det er Sjøfartsdirektoratets definisjon av fartøy som skal leggast til grunn for klassifisering av fartøy.
Forskrifta er fastsett av Kommunestyret i Austrheim kommune i sak nr. KS 062/12 20. juni 2012 med heimel i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 40 fjerde ledd.
Rådmannen i Austrheim kommune kan med heimel i denne forskrifta gi løyve til køyring med vannscooter og andre liknande motordrivne fartøy som er konstruert for å føra personar, og som etter allminneleg språkbruk ikkje kan definerast som båtar i Austrheim kommune.
Løyve kan bare gis etter søknad til arrangement i tidsrommet som er angitt i § 5 i denne forskrift og i dei areala som er nemnt i § 6. Arrangementet skal ha ein navngitt og definert arrangør. Arrangementet skal gjerast kjent for dei sjøfarande i lokalpressa og i Etterretning for sjøfarende (EFS).
Løyve kan gis til arrangement som omfattar køyring med fartøy som kjem inn under forbodet i lov 26. juni 1998 nr. 47 § 40 tredje ledd.
Arrangøren står ansvarleg for at arrangementet vert gjennomført i samsvar med denne forskrift og vilkår i gitt løyve.
Arrangøren er ansvarlig for tryggleik og beredskap i samband med arrangementet.
Arrangøren er ansvarleg for merking av områda i tråd med krava i § 3 og § 6.
Arrangøren er ansvarleg for å gjera arrangementet kjent for dei sjøfarande i lokalpressa og i Etterretning for sjøfarende (EFS).
Forskrifta gjeld for eit avgrensa tidsrom kvart år.
Forskrifta gjelder for fylgjande områder i Austrheim kommune:
Nord | Aust | |
A1 | 6748386. | 273334. |
A2 | 6748365. | 273247. |
A3 | 6748390. | 273118. |
A4 | 6748439. | 272976. |
A5 | 6748338. | 272899. |
A6 | 6748176. | 272926. |
A7 | 6748072. | 273022. |
A8 | 6748108. | 273104. |
A9 | 6748185. | 273140. |
A10 | 6748231. | 273192. |
A11 | 6748259. | 273258. |
A12 | 6748348. | 273290. |
Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.
Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass i Langøy industriområde til område A.
Nord | Aust | |
B1 | 6746037. | 279166. |
B2 | 6746185. | 279093. |
B3 | 6746302. | 278969. |
B4 | 6746386. | 278843. |
B5 | 6746412. | 278742. |
B6 | 6746565. | 278560. |
B7 | 6746675. | 278554. |
B8 | 6746776. | 278469. |
B9 | 6746974. | 278362. |
B10 | 6746942. | 278502. |
B11 | 6746835. | 278703. |
B12 | 6746682. | 278875. |
B13 | 6746516. | 279060. |
B14 | 6746424. | 279108. |
B15 | 6746322. | 279154. |
B16 | 6746194. | 279224. |
B17 | 6746072. | 279291. |
B18 | 6746043. | 279150. |
Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.
Punktane B 14–17 skal merkast særskilt da dei grensar opp mot farleia.
Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass ved Mastrevik kai i kolonne med fylgjebåt til området merkt B.
I områda merkt A og B kan det arrangerast oppvisningskjøring og organisert testkøyring for eit avgrensa tal kjøretøy.
Køyring kan bare skje etter gitt løyve jf. § 3.
Kart over område A som ligg i området mellom Bjørnøyna, Grønholmen og Hjeltholmen på vestsida av Langøyna ved sørspissen.
Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.
Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass i Langøy industriområde til område A.
Kart over område B som ligg i området nord for Mastrevik nordover langs vestsida av sundet mot Ulvøy.
Områda skal merkast med bøyer i sjø ved bruk. Alle punkt skal merkast med bøyer med påført nr. Bøyene skal være godt synlege for den øvrige skipstrafikken og merkinga skal være eintydig.
Bøyane i punktane 14–17 skal merkast særskilt da dei grensar opp mot farleia.
Ved arrangement kan det kjørast i sakte fart frå sjøsettingsplass ved Mastrevik kai i kolonne med fylgjebåt til området merkt B.