Forskrift 22. juni 2017 nr. 1154

om bruk av og orden i Eid kommune sitt sjøområde, Sogn og Fjordane

(Forskrift om bruk av og orden i havner og farvann, Eid)

Innhold:

§ 1.Formål
§ 2.Verkeområde
§ 3.Krav ved opphald i hamna og ved kai
§ 4.Pålegg om taubåtassistanse, forsvarleg fortøyning, oppankring og flytting
§ 5.Plikt til å varsle om skade
§ 6.Krav om løyve til å dykke
§ 7.Luftfartøy
§ 8.Krav ved passering
§ 9.Forbod mot snøtømming
§ 9A.Regulering av bruk av fritidsfartøy
§ 10.Andre reguleringar
§ 11.Unntak i særlege tilfelle
§ 12.Reaksjonsmidler og straff
§ 13.Ikrafttreding

Forskrifta gir reglar om bruk av, og orden i hamner og farvatn for å ivareta omsyn til effektiv og sikker hamneverksemd, godt tilgjenge, trygg ferdsel og forsvarleg bruk og forvaltning av farvatnet.

Forskrifta gjeld offentlege og private hamner og sjøområde i Eid kommune.  I ho­vud- og bilei gjeld forskrifta kun innanfor hamneavgrensingane i hamner fastsett i for­skrift 30. november 2009 nr. 1477 om farleder § 2 andre ledd vedlegg 1.

Når fartøyet ligg ved kai, skal ingen av propellane brukast før umiddelbart før fartøyet skal gå.  Det samme gjeld andre typer framdrifts- og manøvreringsmiddel. Under manøvrering til og frå kai skal skipet manøvrerast forsiktig slik at propellvatnet ikke forårsaker skade.

Når fartøyet ligg ved kai skal fartøyet sine utløpsopningar som vender mot kai og andre fartøy, vere forsvarleg stengt så spillvatn, damp e.l. ikkje valdar fare eller er til unødig sjenanse.  Fartøyet skal heller ikkje sleppe ut sot eller røyk som kan medføre skade eller vere til unødig sjenanse for hamneverksemda.

Kommunen kan forby vedlikehaldsarbeid eller anna verksemd i hamna dersom det er naudsynt for effektiv eller sikker hamneverksemd.

Kommunen kan pålegge bruk av taubåt eller fortøyningsassistanse dersom dette er naudsynt av omsyn til trygg ferdsel eller sikker hamneverksemd.

Kommunen kan gje pålegg om fortøyning eller oppankring dersom dette er naud­synt av omsyn til trygg ferdsel eller sikker hamneverksemd.  Kommunen kan avvise skip som ikkje følgjer fortøyingsprosedyren.

Kommunen kan pålegge eit fartøy å flytte seg frå tilvist plass dersom det er naud­synt av omsyn til trygg ferdsel, sikker eller effektiv hamneverksemd.

Den som har forårsaka skade på hamner, hamneanlegg eller innretningar skal snarast mulig melde frå til kommunen om skaden.

Kommunen kan i særlege tilfelle gjere unntak frå § 3, § 6, § 7, § 8, § 9 og § 10.

Ved brot på denne forskrifta sine bestemmelsar eller vedtak fatta i medhald av den, gjeld bestemmelsane i hamne- og farvasslova kapittel 10 så langt dei passar.

Vesentleg overtreding av § 4, § 6, § 7, § 8, § 9, § 9A og § 10 kan straffast med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 62.

Forskrifta trer i kraft frå 1. juli 2017.

Frå same tid blir forskrift 6. juni 2014 nr. 711 om bruk av og orden i havner og far­vann, Nordfjord Havn IKS, Selje, Vågsøy, Gloppen, Eid og Stryn kommuner, Sogn og Fjordane opphevd for Eid kommune, Sogn og Fjordane.