Forskrift 2. februar 2023 nr. 385

for utleige av
små elektriske køyretøy på offentleg grunn,
Voss herad, Vestland

(Forskrift for utleige av små elektriske køyretøy
på offentleg grunn, Voss)

Fastsett av Voss heradsstyre 2. februar 2023 med heimel i lov 18. juni 2021 nr. 139 om utleie av små elektriske kjøretøy på offentlig grunn § 3, § 4 og § 5.

UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER

  1. I forbindelse med krysslenking av regelverkene på denne nettsiden har følgende henvisningsfeil blitt funnet og endret (ev. utelatte deler av tekst er angitt med «»):
    • § 12:

      «… forvaltningslova kapittel 6.»  endret til 
      «… forvaltningslova kapittel VI.»

      Merknad:

      I forvaltningsloven er kapitlene nummerert med romertall.

      Ved henvisning til andre lover og forskrifter er en gene­rell hovedregel å bruke nøyaktig samme skrivemåte som i den loven eller forskriften det henvises til.

Innhold:

§ 1.Føremål
§ 2.Definisjonar
§ 3.Krav til løyve for å driva utleige av små elektriske køyretøy
§ 4.Kunngjering av høve til å inngå løyve
§ 5.Krav til søknaden
§ 6.Vilkår for bruk av løyve
§ 7.Fjerning og forvaring
§ 8.Gebyr
§ 9.Avslutting av utleigeverksemd
§ 10.Oppseiing av avtale
§ 11.Misleghald
§ 12.Klage
§ 13.Mynde
§ 14.Ikraftsetjing

Forskrifta skal leggja til rette for at utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i Voss herad bidreg til tilgjengelege og trygge offentlege rom, effektiv forvalting, klimavenlege løysingar, og godt miljø og lokalmiljø.

I forskrifta gjeld desse definisjonane:

  • Offentleg grunn:  Område i Voss herad der kommunen, fylkeskommunen eller staten er eigar av grunnen eller som inngår i areal for offentleg ferdsel, til dømes vegar, fortau, parkar og torg.
  • Små elektriske køyretøy:  Eksempel på små elektriske køyretøy er elsparke­sykkel, ståhjuling og elektrisk skateboard.  Sykkel med hjelpemotor (elsykkel) reknast ikkje med som små elektriske køyretøy.
  • Utleigar:  Verksemd som leiger ut små elektriske køyretøy.
  • Plassering:  Ei kvar plassering eller flytting, omplassering eller rydding som utleigar eller deira representantar utfører med utleigar sine små elektriske køyretøy.

Utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn på Voss kan berre skje når utleigar har gyldig løyve.

Inntil to utleigefirma kan ha løyve til ei kvar tid.  Tildelt løyve vil gjelde for inntil tre år.

I Voss herad gjeld ei avgrensing på 70 små elektriske køyretøy.  Antal køyretøy vil verta delt likt mellom utleigefirma.

Høve til å inngå løyve skal kunngjerast seinast fire veker før søknadsfristen.  Kunn­gjeringa skal innehalda søknadsfrist, informasjon om kor og korleis søknaden skal sendast, kva for opplysningar søknaden skal innehalda, vilkår i løyve, kriterium for rangering av søkjarar og kommunen sin frist for sakshandsaminga.

Søknadar som blir levert etter søknadsfristen blir avvist.  Dersom søknaden har manglar, skal søkjar få frist på ei veke for retting av søknaden.  Søknadar som ikkje vert retta innan denne fristen vert avvist.

Søknad om avtale skal minst innehalda:

  • søkjar sitt namn, adresse, organisasjonsnummer, e-postadresse, telefonnum­mer og kontaktperson.
  • stadfesting på registrering i Einingsregisteret.
  • tal små elektriske køyretøy det vert søkt om løyve til.
  • plan for korleis søkjar skal organisera fjerning, flytting, omplassering og rydd­ing av køyretøy etter forskrifta § 6 d.
  • dokumentasjon som viser rutinar for branntryggleik, samt vurderingane som ligg til grunn for desse.
  • dokumentasjon som viser rutinar for handtering av defekte batteri, og batteri som skal til gjenvinning.
  • dokumentasjon frå firmaet si verksemd i andre byar, til dømes rutinar, respons­tid og referansar.
  • stadfesting på at søkjar fyller krav til teknologi som er omtala i § 6 e.
  • dokumentasjon om ansvarsforsikring på utleigde køyretøy.

Følgjande vilkår gjeld:

  • Tal og plassering av små elektriske køyretøy skal inngå i kunngjering av søk­nad om løyve.  Kart som syner soneinndeling og tal køyretøy vil følgja kunn­gjeringa.  Tal og plassering skal vurderast på nytt og eventuelt endrast etter ei prøvetid på tre månadar.  Kommunen kan endra plassering av køyretøya i heile avtaleperioden.  Utleigefirma skal gjennomføra endringa seinast fem dagar etter varsling.
  • Utleige kan skje alle dagar, heile dagen med unntak av tidsrommet mellom kl 24:00–05:00.
  • Alle små elektriske køyretøy skal merkast tydeleg med firmanamn og kontakt­informasjon til utleigar, samt ID som kan lesast manuelt og digitalt.  Det skal vera kopling mellom digital ID og fysisk ID.
  • Utleigar pliktar å setja i verk midlertidige og permanente digitale soner (geo­gjerde) overfor brukarane.  Oversikt over soner skal inngå i kunngjering av søknad om løyve.  Sonene kan gjelda for heile eller deler av døgnet og/eller for bestemte dagar eller vekedagar, og kan medføra:
    • Forbod eller anna regulering av plassering og parkering.
    • Bruksforbod.
    • Avgrensing av fart.

    Ved innføring av nye geogjerde skal kommunen varsla utleigar og formidla nødvendige data minimum 1 veke på førehand.

  • Utleigar må oppfylla krav til nødvendig teknologi for å ta imot data, setja i verk geogjerde, og dela data om sine køyretøy med kommunen.  Rapporteringssys­tem skal til ei kvar tid vera i samsvar med kommunen sine standardar for regu­lering og rapportering.  Krav til teknologi og rapportering skal inngå i kunngjer­ing av søknad om løyve.
  • Utleigar skal informera brukarane om gjeldande reglar for bruk og råd for trygg ferdsle.
  • Små elektriske køyretøy skal ikkje vera kjelde til forstyrrande lyd eller lys.
  • Utleigar skal på eige initiativ fortløpande, og seinast innan 1 døgn, fjerna, flytta og rydda små elektriske køyretøy:
    • som er til hinder for generell framkomst
    • som er parkert utanfor parkeringsområde i sentrumssonene jf. § 6 d
    • som er velta, ikkje fungerer, har havna i elv eller vatn eller på annan måte forsøplar lokalmiljøet
    • som er til hinder for vegeigar/grunneigar sine drifts- og vedlikehaldsopp­gåver (til dømes vinterdrift, vårreingjering, vegarbeid, lekkasjesøk mfl.).
  • Køyretøy som blir nytta til drift av utleigeverksemda skal vera nullutsleppskøy­retøy.
  • Ved oppbevaring av køyretøy og batteri, lading av batteri og anna vedlikehald, skal branntryggleiken vera ivareteken.  Plassering og val av lagerlokale må skje i samråd med det lokale brann- og redningsvesenet, men er ikkje tillate i følgjande område eller bygningar;
    • I bygg som inkluderer bueiningar
    • I tilknyting til samfunnskritiske objekt
    • Ved kulturhistoriske bygg.

Voss herad kan fjerna og ta i forvaring små elektriske køyretøy for utleigar si rek­ning.  Dette følgjer av lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn, § 6.  Dersom små elektriske køyretøy er til vesentleg fare for ålmenta eller drift av offentleg grunn, kan kommunen ta små elektriske køyretøy i forvaring snarast.  I slike høve skal utleigar varslast.

Utleigar skal betala gebyr for dekning av kommunen sine utgifter til administrasjon, tilrettelegging, tilsyn og kontroll av utleigeverksemda regulert i lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn, denne forskrifta og gjeldande løyve med kommunen.  Fastsetjing av gebyr skal følgja sjølvkostprinsippet, og skal gjerast kjent i kunngjering av høve til å inngå avtale/løyve.

Gebyret forfell til betaling forskotsvis den dagen ny avtaleperiode startar.  Vidare betalingsplan skal fastsetjast i løyve med kommunen.  Gebyret vil ikkje bli refundert dersom utleigar mislegheld løyvet, ikkje tar i bruk løyvet, eller avsluttar verksemda si i løpet av perioden løyvet gjeld.

Utgifter som kommunen har hatt i samband med fjerning og forvaring av små elek­triske køyretøy inngår ikkje i utrekninga av dette gebyret.

Dersom utleigar avsluttar utleigeverksemda i avtaleperioden skal kommunen straks varslast skriftleg om tidspunkt for avslutting.  Avslutting av verksemda medfører opp­seiing av løyvet frå kommunen frå avsluttingsdatoen.  Avsluttingsdato vert rekna frå 1. i komande månad etter signert oppseiingsdato.

Utleigar skal fjerna alle sine små elektriske køyretøy frå offentleg grunn snarast, og seinast innan ei veke etter avsluttingsdato.

Kommunen kan når som helst seia opp avtalen/løyvet med utleigeselskap.  Oppsei­ing må grunngjevast, men og vera skriftleg.  Utleigar skal varslast om oppseiing sein­ast 6 månader før oppseiingsdato.

Kommunen kan trekkja tilbake løyvet med umiddelbar verknad ved gjentatte eller grove brot på lov om utleige av elektriske køyretøy på offentleg grunn, denne for­skrifta eller vilkår i løyvet.  Følgjande brot vil etter konkret vurdering kunne bli rekna som grove:

  • Brot på § 6 a.  Tal og plassering av køyretøya
  • Brot på § 6 b.  Tid for utleige
  • Brot på § 6 e.  Teknologi og deling av data
  • Brot på § 6 h.  Fjerning, flytting og rydding
  • Brot på § 6 j.  Branntryggleik
  • Brot på § 8 Innbetaling av gebyr.

Ved vurdering av om løyve skal trekkjast tilbake, skal det leggjast særleg vekt på om utleigar har latt vera å utbetra eit tilhøve etter å ha fått eit klart varsel om at til­høvet må utbetrast.

Det er høve til å klaga på enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslova kapittel VI.

Rådmannen utøvar mynde for denne forskrifta.

Forskrifta trer i kraft straks.