Forskrift 31. mars 2022 nr. 611
for utleige av elsparkesyklar og
andre små elektriske køyretøy på offentleg grunn,
Stord kommune, Vestland
(Forskrift om utleie av liten elektrisk motorvogn
på offentlig grunn, Stord)
Fastsett av Stord kommunestyre 31. mars 2022 med heimel i lov 18. juni 2021 nr. 139 om utleie av små elektriske kjøretøy på offentlig grunn § 3.
UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER
«… forvaltningslova kapittel 6.» endret til
«… forvaltningslova kapittel VI.»
Merknad:
I forvaltningsloven er kapitlene nummerert med romertall.
Ved henvisning til andre lover og forskrifter er en generell hovedregel å bruke nøyaktig samme skrivemåte som i den loven eller forskriften det henvises til.
«… Små elektriske køyretøy …» endret til
«… Liten elektrisk motorvogn (elsparkesyklar o.l.) …»
Merknad:
Elektriske sparkesykler o.l. ble omklassifisert og omdefinert fra «små elektriske kjøretøy» til «liten elektrisk motorvogn» gjeldende fra 15. juni 2022, jf. forskrift 30. mai 2022 nr. 925 om virkeområdet til lov om utleie av små elektriske kjøretøy på offentlig grunn.
Frem til 15. juni 2022 var både elsparkesykler og elektriske sykler omfattet av samme forskrift, mens dette nå er to separate forskrifter. Det er derfor også tilføyd fotnoter med henvisning til definisjonene i disse to forskriftene.
Innhold:
§ 1. | Føremål |
§ 2. | Definisjonar |
§ 3. | Krav til løyve for å drive utleige av små elektriske køyretøy |
§ 4. | Kunngjering av høve til å inngå løyve |
§ 5. | Krav til søknaden |
§ 6. | Vilkår i for bruk av løyve |
§ 7. | Fjerning og forvaring |
§ 8. | Gebyr |
§ 9. | Avslutning av utleigeverksemd |
§ 10. | Oppseiing av avtale |
§ 11. | Misleghald |
§ 12. | Klage |
§ 13. | Mynde |
§ 14. | Ikraftsetjing |
Forskrifta skal legge til rette for at utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i Stord kommune bidrar til tilgjengelege og trygge offentlege rom, effektiv forvalting, klimavenlege løysingar, og godt miljø og lokalmiljø.
I forskrifta gjeld desse definisjonane:
1 | Som nærmere definert i forskrift om krav til liten elektrisk motorvogn § 3. |
2 | Som nærmere definert i forskrift om krav til sykkel § 2. |
Utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i Stord kan berre skje når utleigar har gyldig løyve med kommunen. Løyve gjeld for to år. Berre eitt utleigefirma kan ha løyve frå kommunen til ei kvar tid.
Høve til å inngå løyve skal kunngjerast seinast fire veker før søknadsfristen. Kunngjeringa skal innehalde søknadsfrist, informasjon om kor og korleis søknaden skal sendast, kva for opplysningar søknaden skal innehalde, vilkår i løyve, kriterium for rangering av søkjarar og kommunen sin frist for sakshandsaminga. Søknader som blir levert etter søknadsfristen blir avvist. Dersom søknaden har manglar, skal søkjar få frist på ei veke for retting av søknaden. Søknadar som ikkje blir retta innan denne fristen blir avvist.
Søknad om avtale skal minst innehalde:
Følgjande vilkår gjeld:
Utleigefirma skal gjennomføre endringa seinast fem dagar etter varsling, og endring av antal køyretøy innan rimeleg tid. Ved første kunngjering skal følgjande gjelde:
Baseområde | Stad | Maksimal del av utleigar sine køyretøy |
Rommetveit | Ved Høgskulen | 50 |
Leirvik/Vabakkjen | Kulturhuset, p-plass Vabakkjen | 100 |
Sagvåg | Ved Blåbygget | 50 |
Ådland | Ved Stord sjukehus | 20 |
Heiane | Ved Heiane senter | 30 |
Stord kommune sørgjer for at det er oppmerka parkeringsområde for elsparkesyklar på kvar utplasseringsstad.
I tillegg kan Stord kommune stille krav til utleigeselskapet om parkeringsstativ i visse områder.
Ved seinare kunngjeringar kan tal, plassering og fordeling endrast utifrå erfaringar og evaluering av tiltaket.
Ved innføring av nye geogjerde skal kommunen varsle utleigar og formidle nødvendige data minimum 1 veke på førehand.
Stord kommune kan fjerne og ta i forvaring små elektriske køyretøy for utleigar si rekning. Dette følgjer av lov om utleie av små elektriske køyretøy på offentleg grunn, § 6.
Dersom små elektriske køyretøy er til vesentleg fare for ålmenta eller drift av offentleg grunn kan kommunen ta små elektriske køyretøy i forvaring snarast. I slike høve skal utleigar varslast.
Utleigar skal betale gebyr for dekning av kommunen sine utgifter til administrasjon, tilrettelegging, tilsyn og kontroll av utleigeverksemda regulert i lov om utleie av små elektriske køyretøy på offentleg grunn, denne forskrifta og gjeldande løyve med kommunen. Fastsetjing av gebyr skal følgje sjølvkostprinsippet, og skal gjerast kjent i kunngjering av høve til å inngå avtale/løyve.
Gebyret forfell til betaling forskotsvis den dagen ny avtaleperiode startar. Vidare betalingsplan skal fastsetjast i løyve med kommunen. Gebyret vil ikkje bli refundert dersom utleigar mislegheld løyve, ikkje tar i bruk løyve, eller avsluttar verksemda si i løpet av perioden løyvet gjeld.
Utgifter som kommunen har hatt i samband med fjerning og forvaring av små elektriske køyretøy inngår ikkje i utrekninga av dette gebyret.
Dersom utleigar avsluttar utleigeverksemda i avtaleperioden skal kommunen straks varslast skriftleg om tidspunkt for avslutning. Avslutning av verksemda medfører oppseiing av løyvet frå kommunen frå avslutningsdatoen. Avslutningsdato vert rekna frå 1. i komande månad etter signert oppseiingsdato. Utleigar skal fjerne alle sine små elektriske køyretøy frå offentleg grunn snarast, og seinast innan ei veke etter avslutningsdato.
Kommunen kan når som helst seie opp avtalen/løyvet med utleigeselskap. Oppseiing treng ikkje grunngjevast men må vere skriftleg. Utleigar skal varslast om oppseiing seinast 6 månader før oppseiingsdato.
Kommunen kan trekke tilbake løyvet med umiddelbar verknad ved gjentatte eller grove brot på lov om utleige av elektriske køyretøy på offentleg grunn, denne forskrifta eller vilkår i løyvet. Følgjande brot vil etter konkret vurdering kunne bli rekna som grove:
Ved vurdering om løyve skal trekkast tilbake skal det leggjast særleg vekt på om utleigar har latt vere å utbetra eit tilhøve etter å ha fått eit klart varsel om at tilhøve må utbetrast.
Det er høve til å klage på enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslova kapittel VI.