Forskrift 16. juni 2022 nr. 1148
om utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn,
Ålesund kommune, Møre og Romsdal
(Forskrift om utleige av elsparkesyklar
på offentleg grunn, Ålesund)
Fastsett av Ålesund kommunestyre 16. juni 2022 med heimel i lov 18. juni 2021 nr. 139 om utleie av små elektriske kjøretøy på offentlig grunn § 3 og § 4.
UOFFISIELLE ENDRINGER OG RETTELSER
«… forvaltningslovas kapittel 6.» endret til
«… forvaltningslovas kapittel VI.»
Merknad:
I forvaltningsloven er kapitlene nummerert med romertall.
Ved henvisning til andre lover og forskrifter er en generell hovedregel å bruke nøyaktig samme skrivemåte som i den loven eller forskriften det henvises til.
Ordet «bokstav» mangler:
«… jf. § 7 a» endret til «… jf. § 7 bokstav a.»
Innhold:
§ 1. | Formål |
§ 2. | Definisjonar |
§ 3. | Krav om løyve for utleige av elsparkesyklar frå kommunal grunn |
§ 4. | Årleg kunngjering av løyve |
§ 5. | Krav til søknad om løyve |
§ 6. | Kven får løyve |
§ 7. | Vilkår for bruk av løyve |
§ 8. | Kommunen sin bruk av delte data |
§ 9. | Gebyr |
§ 10. | Avslutting av utleigeverksemd |
§ 11. | Fjerning og forvaring |
§ 12. | Misleghald |
§ 13. | Klage |
§ 14. | Iverksetting |
Formålet med forskrifta er å legge til rette for at utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn i Ålesund kommune bidreg til framkommelege og trygge offentlege rom, effektiv forvaltning, klimavennlege løysingar og godt miljø og lokalmiljø.
I forskrifta meinast med
Utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn i Ålesund kommune kan berre skje med løyve frå Ålesund kommune.
Løyvet varer i 1 år.
Ålesund kommune avgrensar ikkje total mengd elsparkesyklar i kommunen, men avgrensar mengd syklar i sone 1, jf. § 7 bokstav a.
Mengd elsparkesyklar i sone 1 fordelast likt på alle søkarar som fyller vilkåra for løyve, men likevel slik at kvar søkar maksimalt får det tal elsparkesyklar det er søkt om, sjå forskrifta § 5 bokstav c.
Kommunen kunngjer løyve årleg. I kunngjeringa blir det fastsett ein søknadsfrist, og det blir oppgitt kor og korleis søknaden skal sendast, kva opplysingar søknaden skal innehalde, og kommunens saksbehandlingsfrist. Søknadsfristen vil gå fram av kunngjeringa.
Søknadar som leverast etter søknadsfristen blir avvist. Dersom ein søknad er mangelfull, skal søkar gis ei vekes frist for retting av søknaden. Søknadar som ikkje blir retta innan denne fristen vil bli avvist.
Ein søknad om løyve skal som minimum innehalde:
Alle søkarar som oppfyller krava til søknaden i § 5, får løyve.
Likevel får ikkje ein utleigar tildelt løyve eit år, dersom han har misleghaldt løyver frå året før etter denne forskrifta § 12.
Sone | Sonebeskrivelse | Totalt tal elsparkesyklar for utleige |
Sone 1 | Steinvågbrua til Fagerlia | 300 |
Sone 2 | Resten av kommunen | Ingen grense |
Dei eksakte grensene for sonene vil gå fram av digitalt kart vedlagt den årlege kunngjeringa. Desse sonene blir ikkje endra i løyveperioden.
Dei 300 løyva vil bli forholdsmessig fordelt mellom søkarane.
Ålesund kommune skal varsle utleigar digitalt om nye eller endra soner, med tilhøyrande reglar. Utleigar skal oppdatere sine system med data sendt frå kommunen minst ein gong kvart døgn.
Kommunen kan ileggje særskilte fristar knytt til fjerning, flytting og rydding av elsparkesyklar.
Utleigar skal betale gebyr for dekking av kommunens utgifter i samband med administrasjon og tilrettelegging for, samt utgifter til tilsyn og kontroll med, utleigeverksemda regulert i lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn, denne forskrifta og det enkelte løyve, i samsvar med sjølvkostprinsippet.
Kommunens utgifter for løyveperioden blir gjort kjent ved den årlege kunngjeringa, og fordelast forholdsmessig etter mengd tildelte køyretøy, på alle som får løyve etter § 3 og § 7 bokstav a.
Gebyret forfell til betaling forskotsvis den dagen ny løyveperiode startar. Gebyret vil ikkje bli refundert dersom utleigar mislegheld løyvet, ikkje tek i bruk løyvet, eller avsluttar si verksemd i løpet av løyveperioden.
Utgifter som kommunen har hatt i samband med fjerning og forvaring av elsparkesyklar inngår ikkje i utrekninga av dette gebyret.
Dersom utleigar avsluttar utleigeverksemda i løyveperioden, mister utleigar løyvet. Utleigar skal straks varsle kommunen om tidspunktet for avslutting av verksemda. Utleigar skal fjerne alle sine små elektriske køyretøy frå offentleg grunn snarast, og seinast innan ei veke etter at verksemda har opphøyrt.
Ålesund kommune kan fjerne og ta i forvaring små elektriske køyretøy, og krevje betaling, etter § 6 i lov om utleige av små elektriske køyretøy.
Løyvet kan trekkast tilbake ved gjentatte eller grove brot av lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn, denne forskrifta, eller vilkår i løyvet.
Enkeltvedtak kan påklagast, etter forvaltningslovas kapittel VI.