Forskrift 11. september 1981 nr. 8603

om eigedomsinngrep etter veglova

(Forskrift om eigedomsinngrep etter veglova)

Fastsatt av Samferdselsdepartementet 11. september 1981 med heimel i veglova § 50, 4. ledd, jf. delegeringsvedtak 27. august 2004 nr. 1219.
Fremja av Samferdselsdepartementet.

Endret ved forskrifter 13. desember 2002 nr. 1603, 27. august 2004 nr. 1217, 6. mai 2014 nr. 609, 13. desember 2016 nr. 1598.

ENDRINGSHISTORIKK

I kraftEndrede paragrafer og andre endringer
01.01.2017§ 6 (ny, nåværende § 6 blir § 7)
06.05.2014§ 3, § 4
27.08.2004§ 3, § 4
01.01.2003§ 4 (endret «skjønnsretten» til «tingretten»)
01.10.1981Ikrafttredelse

Innhold:

§ 1.Kva føresegnene gjeld
§ 2.Minnelege forhandlingar om eigedomsinngrep
§ 3.Plankrav
§ 4.Unntak frå plankrav
§ 5.Forholdet til kommunen
§ 6.Fullmakt til å kreve skjønn
§ 7.Når føresegnene tek til å gjelde

Føresegnene gjeld eigedomsinngrep til riks-, fylkes- og kommunal veg etter veg­lova § 50.

Før vedtak om eigedomsinngrep kan gjerast, skal vegstyremakta, eller kommunen i saker som blir fremma etter § 5 første eller andre ledd i føresegnene her, prøve å nå fram til semje med dei inngrepet råkar.

Unntak frå regelen i første ledd kan gjerast når vegstyremakta

  • ser det som rådlaust å nå fram til semje, eller
  • finn at saka er av ein slik karakter eller eit slikt omfang at det ikkje ligg til rette for minnelege forhandlingar.

Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken regule­ringsplan etter plan- og bygningslova.

Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringspla­nen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 12−12.

Regelen om plankrav etter § 3 gjeld ikkje for:

  • små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offent­leg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12−1.
  • inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12−1.
  • vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd.
  • avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd.

Vegstyremakta skal på vanleg måte gjere vedtak om eigedominngrep i saker der kommunen er pålagt å stå for gjennomføringa av eigedomsinngrep til

Den vegstyremakta som har heimel til å gjere vedtak om eigedomsinngrep for riks- eller fylkesveg, kan avtale med kommunen at denne skal stå for gjennomføringa av eigedomsinngrepet.

Pålegg etter første ledd eller avtale etter andre ledd i denne paragrafen gir kom­munen fullmakt til å krevje skjønn.

Når vegstyremakta skal gjere vedtak om eigedomsinngrep knytta til riksveg som skal byggjast ut av eit statleg utbyggingsselskap for veg, har utbyggingsselskapet full­makt til å krevje skjønn.  Staten ved utbyggingsselskapet er part i saka.  Det same gjeld ved avtaleskjønn knytta til vegar som utbyggingsselskapet skal byggje ut.  Veg­styresmaktene avgjer spørsmål om anke og om det skal krevjast overskjønn.

Føresegnene her tek til å gjelde frå 1. oktober 1981.  Frå same tid trer Kronprins­regentens resolusjon av 15. januar 1965 om forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter vegloven, og kongeleg resolusjon av 12. august 1966 om end­ringer og tillegg i forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter veg­loven ut av kraft.