Forskrift 18. april 2018 nr. 1206
om fartsavgrensing i sjøen i Stranda kommune,
Møre og Romsdal fylke, sjøkart nr. 127
(Forskrift om fartsbegrensning i sjøen, Stranda)
Fastsett av Stranda kommunestyre 18. april 2018 med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd, gitt med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 13.
Forskrifta er godkjent 19. april 2018 av Kystverkets hovudkontor i medhald av forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensinger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd.
Opphevet ved forskrift 19. april 2021 nr. 1214.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
01.01.2022 | OPPHEVET (jf. forskrift 19. april 2021 nr. 1214) |
24.07.2018 | Ikrafttredelse |
8 knop er høgste tillate fart i innanfor eit området trekt mellom følgjande posisjonar:
62° 06,664′ N, 007° 10,464′ E (Kvitneset), derfrå i nordleg retning til
62° 07,072′ N, 007° 10,559′ E (Fyrlykt Grande), derfrå i søraustleg retning til
62° 06,158′ N, 007° 12,218′ E (Maråkvika/tenderbrygge 1), derfrå i sørvestleg retning til
62° 06,104′ N, 007° 12,155′ E (inste Seawalkbøye), vidare i sørvestleg retning til
62° 05,944′ N, 007° 11,672′ E (Gjørvavika), og i nordleg retning tilbake til
62° 06,664′ N, 007° 10,464′ E (Kvitneset).
3 knop er høgste tillate fart i innanfor eit området trekt mellom følgjande posisjonar:
62° 05,944′ N, 007° 11,672′ E (Gjørvavika),
62° 06,104 N, 007° 12,155′ E (inste Seawalkbøye), og
62° 06,158′ N, 007° 12,218′ E (Maråkvika/tenderbrygge 1).
Forskrifta gjeld ikkje for
Fartøy som nemnd i første ledd skal om mogleg vise varsellys eller på anna måte varsle om utrykkinga eller oppdraget.
Kommunestyret kan gje dispensasjon frå denne forskrifta. Dispensasjon kan berre skje etter grunngjeve søknad. Dispensasjon skal vidare berre skje i særlege tilfelle, og det skal leggjast vekt på at det ikkje ved bølgjeslag eller på anna måte oppstår skade eller fare for skade på personar, medrekna badande, andre fartøy, strandliner til farvatnet, kaier, akvakulturanlegg eller omgjevnadane elles.
Dispensasjonen skal gjerast tidsavgrensa.
Kommunestyret kan delegere mynde etter første ledd til hamnestyret.
Tildeling eller avslag på søknad om dispensasjon kan klagast på. Kystverkets hovudkontor er klageinstans for vedtak fatta av kommunestyret eller hamnestyret.
Brot på forskrifta eller einskildvedtak gitt i medhald av denne, straffast med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 62, for så vidt brotet ikkje vert ramma av strengare strafferegel.