Forskrift 7. desember 2018 nr. 2262
om fartsgrense i sjøen, sjøkart nr. 30, 125 og 126,
Ørsta kommune, Møre og Romsdal
(Forskrift om fartsbegrensning i sjøen, Ørsta)
Fastsett av Ørsta kommunestyre 1. november 2018 med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd, gitt med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 13.
Stadfesta av Kystverket sitt hovudkontor 7. desember 2018 med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd.
Opphevet ved forskrift 19. april 2021 nr. 1214.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
01.01.2022 | OPPHEVET (jf. forskrift 19. april 2021 nr. 1214) |
01.03.2019 | Ikrafttredelse |
8 knop er høgste tillatne hastigheit innanfor 100 meter frå land, øyer, holmar og skjer som er synlege i vassoverflata.
Forskrifta gjeld ikkje for
Fartøy som nemnd i første ledd, skal om mogleg syne varsellys eller på annan måte varsle om utrykking eller oppdraget.
Kommunestyret kan gi dispensasjon frå forskrifta sine reglar. Dispensasjon kan berre gjevast etter grunngjeve søknad. Dispensasjon skal vidare berre gjevast ved særlege høve og det skal leggast vekt på om det ved bølgjeslag eller på annan måte kan oppstå skade eller fare for skade på personar, badande, andre fartøy, farvatnet si strandlinje, kaier, akvakulturanlegg eller omgjevnadane elles.
Ein dispensasjonen skal vere avgrensa i tid.
Løyve eller avslag på søknad om dispensasjon kan klagast på til Kystverket sitt hovudkontor som er klageinstans for vedtaket fatta av kommunestyret eller hamnestyret.
Brot på forskrifta, eller enkeltvedtak gitt med heimel i den, kan straffast med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om hamner og farvatn § 62 om brotet ikkje vert ramma av strengare straffeheimel.