Forskrift 3. juni 2019 nr. 691
om fartsgrense i sjøen, sjøkart nr. 30,
Herøy kommune, Møre og Romsdal
(Forskrift om fartsbegrensning i sjøen, Herøy)
Fastsett av Herøy kommunestyre 30. oktober 2014 med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd, gitt med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 13.
Stadfesta 3. juni 2019 av Kystverkets hovudkontor med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd.
Opphevet ved forskrift 19. april 2021 nr. 1214.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
01.01.2022 | OPPHEVET (jf. forskrift 19. april 2021 nr. 1214) |
08.06.2019 | Ikrafttredelse |
5 knop er høgste tillatne hastigheit i Fosnavåg fiskerihamn innanfor ei linje trekt mellom posisjonane 62° 20,631′ N 5° 37,923′ E og 62° 20,647′ N 5° 37,997′ E ved inngangen til hamna.
7 knop er høgste tillatne hastigheit i Straumane avgrensa i sør ved Grønholmflua av ei linje trekt mellom posisjonane 62° 19,226′ N 5° 39,525′ E og 62° 19,327′ N 5° 39,966′ E, og i nord ved Måkeflua av ei linje trekt mellom posisjonane 62° 20,534′ N 5° 40,498′ E og 62° 20,538′ N 5° 40,917′ E.
Forskrifta gjeld ikkje for
der overskriding av fartsgrensa er nødvendig for å få utført utrykkinga eller oppdraget.
Fartøy som nemnde i første ledd, skal om mogleg vise varsellys eller på annan måte varsle om utrykkinga eller oppdraget.
Kommunestyret kan gi dispensasjon frå forskrifta sine reglar. Dispensasjon kan berre gis etter grunngitt søknad. Dispensasjon skal vidare berre gis i særlege tilfelle og det skal leggast vekt på om det ved bølgeslag eller på annan måte oppstår skade eller fare for skade på personar, badande, andre fartøy, farvatnet si strandlinje, kaier, akvakulturanlegg eller omgivnadane elles.
Dispensasjon skal gjerast tidsavgrensa.
Kommunestyret kan delegere myndigheit etter første ledd til hamnestyret.
Innvilging eller avslag på søknad om dispensasjon kan klagast på. Kystverkets hovudkontor er klageinstans for vedtaket som er gjort av kommunestyret eller hamnestyret.
Brot på forskrifta, inkludert enkeltvedtak gitt med heimel i den, straffast med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om hamner og farvatn § 62 om brotet ikkje vert ramma av strengare strafferegel.