Forskrift 25. juni 2018 nr. 1132
om fartsavgrensing i sjøen i Fjell kommune,
sjøkart nr. 21 og 23, Hordaland
(Forskrift om fartsbegrensning i sjøen, Fjell)
Fastsett av Fjell kommunestyre 25. juni 2017 med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd, jf. lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 13.
Stadfestet av Kystverkets hovedkontor 28. februar 2018 med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd og forskrift 25. november 1999 nr. 1234 om opphevelse av forskrifter om lokal fartsbegrensning, Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Hedmark, Hordaland, Oppland, Oslo, Rogaland, Vest-Agder, Vestfold og Østfold punkt II, gitt med heimel i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten § 506.
Opphevet ved forskrift 19. april 2021 nr. 1214.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
01.01.2022 | OPPHEVET (jf. forskrift 19. april 2021 nr. 1214) |
05.07.2018 | Ikrafttredelse |
5 knop er høgste tillate fart i følgjande farvatn:
- Arefjordspollen innanfor rette liner trekt mellom posisjonane:
- N: 60° 21.150′ Ø: 5° 09.565 (nord for Brattholmen kai)
- N: 60° 21.240′ Ø: 5° 09.692 (holme sør for Langholmen)
- N: 60° 21.568′ Ø: 5° 09.644 (holme nord for Langholmen)
- N: 60° 21.581′ Ø: 5° 09.625 (sør for Valahavnen)
- Geitanger Fjordmarina – Kobbavågen innanfor rette liner trekt mellom posisjonane:
- N: 60° 23.306′ Ø: 5° 04.365 (sør for Kobbavågen)
- N: 60° 23.343′ Ø: 5° 04.143 (nord for Kobbavågen)
- Fjæreidepollen innanfor rette liner trekt mellom posisjonane:
- N: 60° 23.572′ Ø: 5° 03.254 (ytterst på Areknappen)
- N: 60° 23.671′ Ø: 5° 03.142 (holme mellom Areknappen og Spjeldsøya)
- N: 60° 23.893′ Ø: 5° 02.929 (sør på Knappen)
- Solsviksundet – Misjesundet i området:
- sør for rette liner trekt mellom posisjonane
- N: 60° 27.037′ Ø: 4° 58.349 (vest på Ullkoneholmane/Skiparsundet)
- N: 60° 27.051′ Ø: 4° 58.290 (aust på Søberholmen/Skiparsundet)
- N: 60° 27.384′ Ø: 4° 57.807 (nord på Naustholmen/Misjesundet)
- N: 60° 27.354′ Ø: 4° 57.672 (nord for Svinavika/Misjesundet)
- nord og vest for rette liner trekt mellom posisjon
- N: 60° 25.994′ Ø: 4° 57.726 (Trettevika)
- N: 60° 26.010′ Ø: 4° 57.577 (sør på Bollholmen)
- N: 60° 26.311′ Ø: 4° 57.814 (Misjeneset)
- Langøysundet – Skålevikosen i området:
- sør for rett line trekt mellom posisjonane
- N: 60° 20.752′ Ø: 4° 58.893 (Langøyna, nord for brua)
- N: 60° 20.768′ Ø: 4° 59.075 (Skjervika)
- nord for rett line trekt mellom posisjonane
- N: 60° 19.920′ Ø: 4° 59.080 (vest for liten holme ved Langøyna)
- N: 60° 19.920′ Ø: 4° 59.270 (nes mellom Nordre og Søre Veløyvika)
- Storasundet – Syltøyna i området
- vest for rett line trekt mellom posisjonane
- N: 60° 19.060′ Ø: 4° 59.185
- N: 60° 19.080′ Ø: 4° 59 050
- aust for rett line trekt mellom posisjonane
- N: 60° 19.025′ Ø: 4° 58.870
- N: 60° 19.080′ Ø: 4° 58.870
- Bjorøyvågen innanfor rette liner trekt mellom posisjonane:
- N: 60° 18.027′ Ø: 5° 10.521 (sørvest på Glomsneset)
- N: 60° 18.000′ Ø: 5° 10.158 (nord for Littleholmen)
- Straumsundet i området:
- sør for line trekt mellom posisjonane
- N: 60° 21.490′ Ø: 5° 06.760 (Bildøyna, nord for nye Straumsbrua)
- N: 60° 21.530′ Ø: 5° 06.981 (Littlesotra, nord for nye Straumsbrua)
- nord for line trekt mellom posisjonane
- N: 60° 20.953′ Ø: 5° 07.223 (Bukkatåvika, nord)
- N: 60° 20.924′ Ø: 5° 06.981 (Steinsvika, sør)
Fartsgrensene i § 1 gjeld ikkje for
- fartøy som høyrer til forsvaret, politiet, tollvesenet og brannvesenet, samt losfartøy og ambulansefartøy,
- fartøy med lege om bord,
- fartøy i sjøredningsteneste
der overskriding av fartsavgrensinga må til for å få utført utrykkinga eller oppdraget.
Fartøy som nemnd i første ledd, skal om mogleg vise varsellys eller på anna måte varsle om utrykkinga eller oppdraget.
Kommunestyret kan gi dispensasjon frå forskrifta sine føresegner. Dispensasjon kan berre skje etter grunngjeve søknad. Dispensasjon skal vidare berre skje i særskilde tilfelle og det skal leggjast vekt på at det ikkje ved bølgjeslag eller på anna måte oppstår skade eller fare for skade på personar, medrekna badande, andre fartøy, strandliner til farvatnet, kaiar, akvakulturanlegg eller omgjevnadene elles.
Dispensasjonen skal gjerast tidsavgrensa.
Kommunestyret kan delegere mynde etter første ledd til hamnestyret.
Tildeling eller avslag på søknad om dispensasjon kan klagast på. Kystverkets hovudkontor er klageinstans for vedtak gjort av kommunestyret eller hamnestyret.
Forskrifta trer i kraft ved kunngjering i Norsk Lovtidend.1
Frå same tidspunkt vert forskrift 25. november 1981 nr. 4216 om nedsett fart i Straumsundet, Fjell kommune, Hordaland fylke oppheva.