Forskrift 22. mars 2018 nr. 1205
om fartsavgrensing i sjøen i Aurland kommune,
Sogn og Fjordane fylke, sjøkart nr. 124
(Forskrift om fartsbegrensning i sjøen, Aurland)
Fastsett av Aurland kommunestyre 18. mai 2017 med heimel i forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd, gitt med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 13.
Forskrifta er godkjent 22. mars 2018 av Kystverkets hovudkontor i medhald av forskrift 15. desember 2009 nr. 1546 om fartsbegrensinger i sjø, elv og innsjø § 4 første ledd.
Opphevet ved forskrift 19. april 2021 nr. 1214.
ENDRINGSHISTORIKK
I kraft | Endrede paragrafer og andre endringer |
01.01.2022 | OPPHEVET (jf. forskrift 19. april 2021 nr. 1214) |
24.07.2018 | Ikrafttredelse |
5 knop er høgste tillate fart i følgjande farvatn:
Indre del av Aurlandsfjorden, sør for ei line trekt mellom følgjande posisjonar:
60° 52.181′ N, 7° 07.446′ Ø og 60° 52.235′ N, 7° 08.502′ Ø.
Forskrifta gjeld ikkje for
Fartøy som nemnd i første ledd skal om mogleg vise varsellys eller på anna måte varsle om utrykkinga eller oppdraget.
Kommunestyret kan gje dispensasjon frå denne forskrifta. Dispensasjon kan berre skje etter grunngjeve søknad. Dispensasjon skal vidare berre skje i særlege tilfelle, og det skal leggjast vekt på at det ikkje ved bølgjeslag eller på anna måte oppstår skade eller fare for skade på personar, medrekna badande, andre fartøy, strandliner til farvatnet, kaier, akvakulturanlegg eller omgjevnadane elles.
Dispensasjonen skal gjerast tidsavgrensa.
Kommunestyret kan delegere mynde etter første ledd til hamnestyret.
Tildeling eller avslag på søknad om dispensasjon kan klagast på. Kystverkets hovudkontor er klageinstans for vedtak fatta av kommunestyret eller hamnestyret.
Brot på forskrifta eller einskildvedtak gitt i medhald av denne, straffast med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 62, for så vidt brotet ikkje vert ramma av strengare strafferegel.