Rundskriv 2. april 1990

fra Justis- og Politidepartementet
om naturoppsyn

(Rundskriv G-70/90)

Utgitt av Justis- og Politidepartementet 2. april 1990.

Gjengitt med tillatelse fra departementet.

DET KGL. JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT

RUNDSKRIV G-70/90


3139/89 PO OS/vee
02.04.1990

Til alle politimeistrane,
fylkesmennene og lensmennene.

NATUROPPSYN

Motorisert ferdsel i utmark har blitt eit stadig aukande problem i mange distrikt.  Politiet har eit ansvar på dette området for såvel oppsyn som påtale­messig oppfølging av dei ulike brot på lov og regelverk.  I det høve viser ein til Riksadvokaten sitt rundskriv nr. 1523/88 av 05.07.1988, og til påtalemakta si generelle prioritering av miljøkriminalitet.  Det har også vore kontakt mellom Justisdepartementet og Miljøverndepartementet med sikte på å samordne innsatsen mot problemet.

Justisdepartementet ønskjer å auka politi- og lensmannsetaten sin innsats i naturoppsynet, i første rekkje retta mot motorisert ferdsel i utmark. Departementet føreset at alle politi- og lensmannsdistrikt, der det er motorisert ferdsel i utmark, tek oppsyn med i planlegginga av verksemda innanfor dei ordinære budsjettrammene.  Det er grunn til å vise motori­sert ferdsel i utmark merksemd også i høve til den almenne trafikklov­gjevinga med omsyn til promillekøyring, allmenn aktsemd, registrerings­plikt, førarkortplikt m.v.

Lokalt oppmodar ein vidare til å innleia samarbeid med etatar, grunn­eigarar og organisasjonar som har noko med naturforvaltning og oppsyn å gjera for å samordna innsats og utnytting av ressursar.  Det er særleg naturlig å innleia samarbeid med Reinpolitiet, Fjelltenesta og oppsyn i nasjonalparkar det det finst.  I tillegg til å leie og å delta aktivt i eit sam­ordna oppsyn, er det viktig at politiet følgjer opp dei meldingane og observasjonane som samarbeidspartane kan gje.  Ein viser i den saman­heng og til nemnde rundskriv frå Riksadvokaten.

Det er viktig at det er god kontakt mellom lokal forvaltningsmyndigheit (fylkesmann og kommune) og politi- og lensmannsetat som har kontroll­ansvaret.  Det må framfor alt være lik tolkning av regelverk.  Det bør vidare være samsvar mellom forvaltninga si detaljregulering og den kapa­sitet kontrollmyndigheita har til oppfølging.

Departementet rår over ein avgrensa sum til forsterka innsats i naturopp­synet.  Dette vil for det meste bli nytta til innkjøp av materiell som snø­scooterar, transporttilhengarar og anna tilhøyrande utstyr, og også ter­renggåande kjøyretøy for berr mark.  Politiets Materiellteneste syter for sentrale innkjøp samt fordeling av materiell ut frå søknadar og eigne vur­deringar av behov.  Ved slike vurderingar vil det også bli lagt vekt på andre tenestelege oppgåver som redningsteneste og særskilde transport­behov.  Departementet har for i år avgrensa middel til drift og bruk av tildelt materiell.  For komande år må denne verksemda takast inn i den ordinære budsjettplanlegginga.

Ein ser det i dei fleste høve tenleg i tildele materiellet til nokre politikam­mer under den føresetnad at det vert stilt til rådvelde og eventuelt også utplassert ved dei lensmannskontor som treng det mest.  Dei distrikta som ikkje disponerer snøscooter er i første omgang tilvist å leige slike, til dømes av forhandlarar eller privatpersonar.  Ein vil tru at utgiftene til leige ikkje vil bli særleg høgare enn drifts- og vedlikehaldsutgifter til eige mate­riell, og at leigd materiell vil kunne være ei tenleg ordning.

Dei politidistrikt som vert tildelt materiell og middel til drift for 1990 vert tilskrivne.

Etter fullmakt

Ingelin Killengreen

ekspedisjonssjef

Per Gammelgård

byråsjef

Saksbehandlar:

Olav Sande

lensmann