Forskrift 13. september 2018 nr. 2223
om ferdselsforbod mot sykling
på landbruksveg i Frydalen, frå Fløtardammen i Sør-Fron til Per Gynt seterveg i Nord-Fron,
Nord-Fron og Sør-Fron kommunar, Oppland
(Forskrift om ferdselsforbod mot sykling på landbruksveg i Frydalen, Nord-Fron og Sør-Fron)
Fastsett av Sør-Fron kommunestyre 23. april 2018 og Nord-Fron kommunestyre 8. mai 2018 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet (friluftsloven) § 2.
Stadfesta av Fylkesmannen i Oppland 13. september 2018.
Føremålet med forskrifta er å avgrense konflikten som sykling kan medføre i møte med villreinstamma i Rondane sør.
På og langsmed landbruksvegen frå Fløtardammen i Sør-Fron til Per Gynt seterveg i Nord-Fron er all bruk av sykkel forbode.
Ferdselsforbodet i § 2 omfattar gnr./bnr. 271/1, 275/1, 278/1, 278/3, 278/8, 279/1, 279/11, 283/1, 284/5, 285/1, 285/2, 286/1 i Nord-Fron og 28/1 i Sør-Fron.