Europaparlaments- og Rådsdirektiv
96/58/EF
av 3. september 1996
om endring av direktiv 89/686/EØF om
tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om personlig verneutstyr
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 100 A,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen1,
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet2,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten3, og
ut frå desse synsmåtane:
1 | TEF nr. C 23 av 27.1.1996, s. 6. |
2 | TEF nr. C 97 av 1.4.1996, s. 8. |
3 | Europaparlamentsfråsegn av 22. mai 1996 (TEF nr. C 166 av 10.6.1996, s. 60), felles haldning frå Rådet av 10. juni 1996 (TEF nr. C 220 av 29.7.1996, s. 11) og europaparlamentsavgjerd av 17. juli 1996 (TEF nr. C 261 av 9.9.1996). |
4 | TEF nr. L 399 av 30.12.1989, s. 18. Direktivet endra ved direktiv 93/68/EØF (TEF nr. L 220 av 30.8.1993, s. 1) og direktiv 93/95/EØF (TEF nr. L 276 av 9.11.1993, s. 11). |
VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:
I vedlegg IV til direktiv 89/686/EØF går følgjande tekst ut:
«Tilleggsopplysninger
— De to siste sifrene i det året da CE-merkingen ble påført. Denne opplysningen kreves ikke for de PVU som er nevnt i artikkel 8 nr. 3.»
Dei skal nytte desse føresegnene frå 1. januar 1997.
Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.
Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Utferda i Brussel, 3. september 1996.
For Rådet | For Europaparlamentet |
I. YATES | K. HÄNSCH |
Formann | President |